Familiemedlem seier at Karen Kingston si bisarre åtferd kan skuldast malariabehandling – Mike Adams krev forklaring frå Karen for krenkjande påstandar om Robert Malone

Sjå òg «Karen Kingston i underleg video: ‘Robert Malone har gjeve CIA ordre om å drepe meg!’», publisert 15.august 2023.

Mange innan uavhengige og alternative media har fått med seg at Karen Kingston i siste halvdel av juli publiserte ein noko underleg video på GETTR, der ho påstod at dr. Robert Malone hadde gjeve CIA ordre om å drepe ho, og at ho difor hadde søkt tilflukt i Mexico. Malone sjølv nekta i ein lengre artikkel for at dette var tilfelle, og påstod at Kingston si bisarre åtferd kunne vere biverknad av ein malariamedisin, sidan ho på den tida sa at ho hadde fått malaria.

Mike Adams, eigar og grunnleggjar av nettstadene Natural News og NewsTarget, og strøymetenesta Brighteon, kommenterte videoen i ein episode av podcasten sin Brighteon Broadcast News 11.august. 17.august publiserte han ein artikkel om saka, som Saksyndig her har funne på NewsTarget. Adams skriv innleiingsvis (mi omsetjing):

«For rundt to veker sidan publiserte vaksineforskaren Karen Kingston ein video der ho påstod at ho vart ‘jaga som eit dyr’ av CIA, og påstod at dr. Robert Malone på eitt eller anna vis var involvert i eit CIA-attentatforsøk mot ho. Ho publiserte ein video der ho hadde det som framstod som symptom på ‘vaskebjørnauge’ (mørke ringar rundt begge auga), og vi har seinare høyrt frå sonen hennar Gavyn at ho sannsynlegvis pådrog seg malaria og mottok ei eller anna form for behandling mot malaria.»

I ein video som vart publisert på Substack, sa Gavyn: «Dei der biverknadene kan påverke deg skikkeleg ille». I videoen rettar han heilt tydeleg ein bodskap til mora si og tryglar ho om å oppsøkje legehjelp. Dette meiner Adams indikerer at denne offentlege videoen er den einaste måten Gavyn kan nå si eiga mor med ei bekymringsmelding.

I videoen forklarer Gavyn at han og mora Karen reiste til Tulum i Mexico, der dei gjekk gjennom jungelen, truleg i fleire dagar, for å besøkje nokre ruinar. Som han seier: «Eg hugsar at du hadde ei rekkje utslett på armane dine då du kom tilbake. Og eg trur vi vart einige om at det var malaria, og du fekk ei behandling for det. Og eg bekymrar meg for at den behandlinga som du fekk kan ha hatt nokre biverknader.»

Dr. Robert Malone, som underleg nok vart skulda av Karen for å på eitt eller anna vis vere involvert i eit CIA-oppdrag for å ta ho av dage, skreiv i artikkelen sin at Mefloquine, som er eit legemiddel som er vanleg å bruke i behandlinga av malaria, har biverknader som inkluderer «potensielt langvarige mentalhelseproblem slik som depresjon, hallusinasjonar og angst, i tillegg til nevrologiske biverknader slik som dårleg balanse, anfall og øyresus».

Adams påpeiker at Karen i videoen framstår som ekstremt angstprega og til og med, etter hans syn, på randa av eit nervøst samanbrot. Når det gjeld påstandar om attentatforsøk, skriv han:

«I mi eiga dekning av Karens video sa eg offentleg at dr. Robert Malone ikkje var involvert i slikt eit vondsinna komplott, og at påstandane mot han var temmeleg absurde. Eg sa meg einig i at det var visseleg sikkert at nokon prøvde å drepe ho, med tanke på kor mykje ho har offentleggjort om vaksineingrediensar, patent og liknande. Men ideen om at Robert Malone på ein eller annan måte styrer ein CIA-drapsgjeng – eller at han har makt over slik ein gjeng – held rett og slett ikkje vatn. Å slengje slike påstandar ut i offentlegheita er ei bjørneteneste overfor heile denne rørsla.»

Systera til Karen, Sue Skidmore, la saman med Ron Kuchler og resten av familien til Karen 14.august ut ei melding der dei innstendig oppmoda Karen om å søkje legehjelp. Folk vart i tillegg bedne om å late vere å kome med sine eigne spekulasjonar rundt informasjon som dei ikkje hadde innsyn i, og som dei ikkje heller hadde rett på å få innsyn i. Med andre ord er Karens problem av ein privat og ikkje offentleg natur. Adams kommenterer følgjande om denne meldinga:

«Dette ser ut til å bekrefte det som sonen til Karen har antyda, som er at Karens helsetilstand ikkje er god, og impliserer spesifikt at det som ho sa i videoen ikkje kom frå eit friskt, forstandig sinn, og at ho må oppsøkje legehjelp (likevel blir det antyda at ho for tida ikkje er under legeomsorg, sidan både systera og sonen hennar offentleg ber ho om å oppsøkje lege).»

Om familien sitt krav om å ikkje «spekulere», skriv han følgjande:

«Vidare ber dette brevet frå Sue Skidmore om at Health Impact News [som meldinga vart publisert på] ‘sluttar å spekulere og politisere tema der de ikkje er fullt ut informerte’, som ser ut til å vere eit krav om at Health Impact News slettar artikkelen sin om Karen, eller å gje seg med å rapportere om Karen, sjølv om Karen sjølv starta heile denne rekkja av hendingar ved å offentleg leggje ut ein video og namngje folk i den, saman med sterke skuldingar mot dei folka.»

Health Impact News gav følgjande svar:

«Health Impact News kjem ikkje til å fjerne artikkelen vår om Karen Kingston, derimot, fordi ingen ‘spekulasjon’ fann stad, eller var naudsynt, sidan orda kom direkte ut or munnen på Karen sjølv.»

I videoen bad Karen spesifikke personar om hjelp, inkludert Mikki Willis, Steve Kirsch, Robert Malone (som er ironisk med tanke på skuldingane ho kom med mot han) – og Mike Adams. Adams skriv vidare:

«Ho bad om hjelp til å stoppe det som ho tydelegvis trudde var eit attentatforsøk mot ho. Mange menneske sette ting i gang i ulike retningar for å prøve å få Karen trygt ut av situasjonen, inkludert meg sjølv som snakka med fleire av mine eks-militærkontaktar, der eit par stod klare for å frakte Karen til ein trygg gøymestad i USA. Folk i mi omløpsbane brydde seg om Karen Kingston og ville at ho skulle bli trygg. Vi heiv oss rundt for å gjere klar ei lita gruppe av verkelege militæroperatørar for å få Karen ut av rekkjevidd frå alle potensielle attentatpersonar. Og desse folka er seriøse menn som får ting gjort. Dei er ikkje folk du køddar med. Du får ikkje ein sjanse til med fyrar som dette.

Likevel munna mine forsøk på å få tak i Karen ut i ingenting. Ingen svar.

Og no høyrer vi frå hennar eigne familiemedlemmer at Karen kan lide av biverknader av malariamedisin, noko som tydar at Karens sjokkerande video ikkje kan ha blitt spelt inn medan ho var ved sine fulle fem, og at det kan ha vore legemiddelet som gjorde at Karen var i ein tilstand av ekstrem angst, eller kanskje òg hallusinerte.

Familien hennar krev at vi alle ‘gjev oss med å spekulere om og politisere den nylege åtferda til Karen’; likevel har vi ingen respons frå Karen sjølv, ingen meldingar, ingen kontakt, ingenting. Frå vårt synspunkt er Karen visseleg framleis ‘sakna’, og mange av omstenda som har dukka opp i dette mysteriet verkar særs bekymringsverdige.»

Adams meiner at åtferda til Karen krev ei orsaking frå hennar side, ettersom ho kjem med særdeles injurierande påstandar mot Malone. Adams meiner òg at han har ein særskild rett til å offentleg kommentere saka, sidan Karen namngav han sjølv i videoen sin (akkurat som Malone har rett til å offentleg forsvare seg sjølv på sin Substack):

«So trass i at familien hennar ønskjer at folk ‘sluttar å spekulere’ om kva som går føre seg, kjem eg til å halde fram med å kome med mine eigne meiningar og råd om denne saka, og desse råda kjem frå ein stad av medkjensle og bekymring.»

Det at familien kjem med informasjon om malariabehandling, gjer at det er evidens for at åtferda hennar verkeleg kan kome av legemiddelpåverknad. Det verkar ifølgje Adams usannsynleg at Karen verkeleg blir jakta på av attentatpersonar, og sjølv om ho vart det, ville ho verkeleg ha avslørt staden der ho gøymer seg i Mexico? Dessutan meiner Adams at dersom nokon som gøymde seg frå attentatpersonar søkte tilflukt i Mexico, ville dei bli lett offer for narkotikakartell som kan hyrast for å ta vedkomande av dage.

Adams og hans omgangskrins behandla Karen sine påstandar som reelle, og brukte mykje tid og ressursar på ho. Å publisere ein video der du påstår at du blir jaga som eit dyr av CIA og ber om hjelp, berre for å kutte all kommunikasjon med dei som prøver å hjelpe deg, krev i det minste ei forklaring:

«Slik eg ser det, må Karen Kingston offentleg forklare kva som skjedde og be om orsaking for påstandane ho kom med i videoen. Åtferda hennar har forårsaka mykje forvirring, stress, bekymring og innsats frå mange menneske som berre prøvde å gjere ho trygg. Ho kom med ei vill, bisarr skulding mot dr. Robert Malone som må trekkjast tilbake, og ho fekk mange menneske i mi personlege omløpsbane til å bruke tid og ressursar for å leggje til rette for eit scenario der ho kunne kome seg i dekning (kanskje til og med moglegheita for eit ‘uthentingsscenario’, som potensielt er særs farleg).»

Adams håper Karen vil bli frisk igjen, be om orsaking for det ho har påstått, og halde fram forskinga si og kampen sin.

Kommenter innlegget