iNyheter fyller 1 år: Redaktør Lurås ønskjer å distansere seg frå Document og Steigan

25.august 2022 vart iNyheter lansert som ein slags Fugl Føniks som oppstod i oska etter at redaktør Helge Lurås vart avskjediga frå Resett, ei nettavis han sjølv grunnla i 2017. I ein kommentar publisert på eittårsdagen for iNyheter, reflekterer Lurås over året som har gått, og ikkje minst kva som skil iNyheter frå andre uavhengige nettaviser som Document og Steigan.

Innleiingsvis kjem han med kva som skil iNyheter frå Resett:

«Da Resett startet opp i 2017 hadde vi null medieerfaring. […] Med Resett hadde vi med noen pengesterke mennesker. Men de hadde ikke vilje til å satse kapital. Det ble derfor et halvveisprosjekt i ambisjoner som bukket under i intern konflikt. Med iNyheter er det samsvar mellom styret/eiere og den redaksjonelle kontrollen.»

Han trekkjer fram kommentarfeltet som eit døme på skilnaden mellom dei to nettavisene:

«Vi forhåndsmoderer [sic] ikke kommentarfeltet nå, så det lever mer sitt eget liv. Det er friere enn det var på Resett. Jeg ringes ikke opp av nervøse styremedlemmer som truer med å stenge kommentarfeltet fordi de ikke vil assosieres med det.»

På iNyheter kan ein velje om ein vil sjå kommentarfeltet ved å trykkje på knappen «Vis kommentarer».

Nettavisa opererer med eit budsjett på mellom tre til fire årsverk, og publiserer 15-20 artiklar kvar dag, sju dagar i veka. Lesarar etterlyser fleire sjølvskrivne reportasjar og intervju, men Lurås meiner at det viktigaste for iNyheter er å tilby ei oversikt over «det vi mener er dagens mest interessante og/eller viktigste nyheter fra inn- og utland hver dag». Ettersom sjølvskrivne artiklar tek lengre tid å produsere, ville ei nettavis med slik ein profil berre publisert ein og annan artikkel – folk kan då risikere å gløyme at nettstaden finst.

Eg vil her trekkje fram at Hemali har slik ein profil. Der går det relativt lang tid mellom kvar artikkel, men til gjengjeld er artiklane sjølvproduserte og eit resultat av genuin journalistikk. Interessant nok har Nyhetsspeilet ein liknande profil. Ein kan saktens diskutere kvaliteten på tekstane, men dei lagar i det minste artiklane sine sjølve.

Det som etter Lurås sitt syn er eit problem med etablerte media, er mangelen på fleksibilitet. Dei største nettmedia i Noreg har mange lesarar og mange redaksjonsmedlemmer, noko som gjer at dei har mindre evne og vilje til å endre seg. Dei blir, slik eg ser det, dermed tvinga til å vere politisk korrekte og helst skrive om kjendisar, sport og sladder for å trekkje til seg so mange lesarar som mogleg. Og, med Lurås sine eigne ord: «[…] de heller alle sammen mot venstre politisk, med Nettavisen som et bevisst prosjekt fra Amedia for å sope opp folk litt til høyre.»

iNyheter ser ikkje ut til å ville setjast i bås med Document og Steigan:

«Vi i iNyheter kjenner oss heller ikke igjen i bås med Document.no og Steigan.no. Jeg vet at en del av våre lesere har alle tre felles på den daglige leselisten og at det er en helt annen sensitivitet mot at vi sier noe kritisk mot en av dem sammenliknet med om vi hamrer løs på de etablerte mediene. Men la oss være ærlige på en ting: Det er store forskjeller i det redaksjonelle utgangspunktet for hhv. iNyheter, Document.no og Steigan.»

Redaktør Lurås har følgjande å seie om Steigan:

«Steigan er preget av sterk ideologisk overbevisning fra et sosialistisk og kommunistisk utgangspunkt. Historisk følger det med en inngrodd skepsis om ikke fiendtlighet til alt vestlig og kapitalistisk. […] I dagens situasjon har de endt opp med ukritisk støtte til Putins versjon. Og selv om den del av skepsisen de viste til vaksiner og nedstengning under koronapandemien var sunn og langt bedre enn i de etablerte mediene, har de ikke klart å skape en distanse til ‘koko’-versjonene heller. Steigan.no er etter min mening ikke etterrettelig. Det er en sekt fra et uforandret ytre venstre.»

Lurås seier følgjande om Document:

«Etter min mening har heller ikke Document.no en tilstrekkelig distanse til ‘koko’-verdenen. Rustad selv har en bakgrunn fra AKP-ml, i likhet med Steigan og flokken der.»

Han meiner vidare at det at Document-redaktør Hans Rustad og journalist/forfattar Alf R. Jacobsen til dømes omfamna Seymour Hersh sine påstandar om norsk samarbeid med USA om å sprengje Nord Stream «viser etter min mening en hang til å mistro etablerte vestlige institusjoner som henger igjen fra deres tid som kommunistiske ideologer. De lar rett og slett fantasiene og ‘sinnamannstendensene’ løpe av med seg i en del tilfeller, noe som ødelegger det som ellers er mye fornuftig sunn skepsis og alternative perspektiver […]».

Lurås meiner følgjande skil han sjølv frå Document og Steigan:

«Men mitt utgangspunkt som redaktør for iNyheter er veldig annerledes enn både Pål Steigan og Hans Rustad sitt. Ikke har jeg en fortid fra ytre venstre, eller noen sterk ideologi, og ikke er jeg personlig troende. Kulturelt er jeg oppdratt i et land preget også av kristne og humanistiske verdier, men jeg er ateist og har vært det hele livet.»

Han skriv òg om sin fortidige karriere:

«For min egen del har jeg jobbet inne[n]for ‘systemet’ i stor grad frem til Resett ble etablert. Jeg har vært offiser i Forsvaret, jobbet i E-tjenesten, vært sekondert av DU og jobbet på Nupi og på oppdrag for DU. Etter min mening gir dette et innblikk i det systemet man nå kritiserer som er annerledes enn for folk som alltid har stått utenfor og sett inn.»

På grunnlag av dette meiner Lurås at iNyheter har ein unik nisje i det norske medielandskapet:

«Vi er ikke som de etablerte mediene, men vi er heller ikke som Steigan og Document, eller Rights.no.»

Fram til 1.september kan ein kjøpe eit årsabonnement på iNyheter for berre 695 kroner. Etter den datoen vil abonnementet koste 1495. Til samanlikning kostar det billegaste abonnementet hjå Document 2388 kroner i året. Eg vil her skyte inn at Steigan, Derimot, Hemali, Nyhetsspeilet og Saksyndig er gratis å lese.

Ein lesar i kommentarfeltet meiner Lurås er for hard mot Steigan og Document, og at vedkomande ikkje sjølv sit med inntrykk av at dei to nettstadene er uærlege, sløve eller ideologisk farga. Personen meiner Lurås sjølv er naiv og påverka til å tru at USA er gode og Putin vond.

Ein annan lesar skreiv at han sjølv vart kasta ut av kommentarfeltet på Document fordi han skreiv noko om jødane «og da blir Rustad rabiat [latterfjes]».

Ein annan lesar meiner at Lurås-analysen av Steigan rett og slett er avleggs.

Og, avslutningsvis, ein annan lesar meiner Lurås skriv for lange innlegg.

Saksyndig les sjølv iNyheter dagleg, i tillegg til Derimot, Document, Steigan og ei rekkje bloggar – i tillegg til etablerte media og eit vesentleg tal engelskspråklege nyheitsformidlarar. I våre dagar er det viktig å danne seg eit samla bilete av medielandskapet, framfor å berre halde seg til éi eller to kjelder.

Kommenter innlegget