NewsTarget rapporterer at den amerikanske regjeringa framleis driv og snakkar om covid-19-viruset, i dette tilfellet den nyaste varianten BA.2.86. CDC hevdar den er ein spesifikk trugsel mot dei som tidlegare vart injiserte mot andre stammar av denne «Fauci-influensaen». Dei som testa «positivt» for andre fortidige utgåver av viruset er visst òg i faresona. CDC held òg fast på at denne nye stammen kan vere meir dødeleg enn tidlegare stammar, spesielt blant folk som tok sprøytene og som difor har eit øydelagt immunforsvar.
Som CDC sa i ei melding (mi omsetjing):
«Det store talet mutasjonar i denne varianten framkallar bekymring om større flukt frå eksisterande immunitet på grunn av vaksinar og tidlegare infeksjonar, samanlikna med andre nylege variantar. […] Til dømes, ein analyse av mutasjonar antydar at skilnaden kan vere like stor som eller større enn den som er mellom BA.2 og XBB.1.5, som var i omløp med nesten eit år mellom seg.»
CDC seier derimot at sidan virusprøvar frå BA.2.86 ikkje enno er nok tilgjengelege for meir påliteleg laboratorietesting av antistoff, er det for tidleg å få greie på korleis dette påverkar immunitet i den verkelege verda.
Som dei fleste innan uavhengige media har fått med seg, har media no starta nok ein kampanje der dei ved hjelp av nøye koordinert fryktporno skal skremme vatnet av folk i den vestlege verda for å få dei til å underkaste seg nok ein runde med tiltak, restriksjonar og ikkje minst mRNA-injeksjonar. Vi har for lengst sett kva media i samarbeid med sine eigarar driv med, men folk flest har diverre ikkje mentalt eller fysisk overskot til å setje seg inn i, langt mindre sjå gjennom dette narrespelet. Til dømes nemner NewsTarget sin systernettstad Natural News at Hollywood-selskapet Lionsgate no tvingar alle sine tilsette til å gå med munnbind og teste seg dagleg. I Noreg er vi ikkje der – enno. Men FHI er framleis særs opptekne av at spesielt gravide skal ta både «grunnvaksinasjon» og oppfriskningsdosar. Helsepersonell er historisk unntekne frå desse anbefalingane.
NewsTarget kjem med sine spekulasjonar om kva denne BA.2.86 eigentleg er. Som artikkelforfattar Ethan Huff skriv (mi omsetjing):
«Timinga til denne CDC-meldinga matchar tidlegare åtvaringar som vi kom med, der vi sa at fullvaksinerte til slutt ville byrje å få kvar einaste forkjøling, influensa og andre sjukdommar som er i omløp til ei kvar tid på grunn av vaksine-indusert AIDS, som har gjort til at desse menneska blir sårbare mot alle infeksjonskjelder.
Kan det vere at BA.2.86 ikkje eingong eksisterer, eller at kanskje det berre er nok eit sesongforkjølingsvirus – forkjølingar som er forårsaka av ymse koronavirus, forresten – som er i omløp og som kjem til å gjere fullvaksinerte svært sjuke fordi dei no lid av antistoffavhengig forsterking?»
Denne varianten skal då visstnok vere eit resultat av korona-«vaksinane», og ikkje ein genuin variant. Dette passar med utrullinga av «vaksinane» tilbake i 2021, og ikkje minst med årstida. Dei fleste luftvegsinfeksjonar finn stad om hausten og vinteren, då manglande sollys fører til at mange utviklar D-vitaminmangel. Denne vitaminmangelen kjem på toppen av eit allereie øydelagt immunforsvar. Sjølv CDC innrømmer at den noverande auken i sjukehusinnleggingar i USA sannsynlegvis ikkje kjem av BA.2.86-varianten. Denne vurderinga har dei naturlegvis tenkt å endre når fleire data blir tilgjengelege, eller når dei nyaste oppfriskningsdosane er klare til å rullast ut.
