Greg Kelly i Newsmax hevdar at han har eit lydopptak av «president» Joe Biden som kan få han til å trekkje seg frå presidentvalet i 2024. Som han sa på programmet sitt Greg Kelly Reports tysdag 29.august (mi omsetjing):
«Biden er stor i kjeften og det har skapt mange vanskar for han, men han har ikkje sett halvparten enno. […] Der er eit lydopptak har eg blitt fortalt av folk som har kjennskap til det – ikkje nødvendigvis i regjeringa, ikkje nødvendigvis frå regjeringa, eg kan ikkje seie for mykje – men det er ugjendriveleg bevis for Joe Bidens korrupsjon som er i ferd med å offentleggjerast.»
Han seier vidare at offentleggjeringa av det påståtte lydopptaket vil skje ein stad mellom Labor Day og Halloween, altso mellom 4.september og 31.oktober. Kelly hevdar òg at Det kvite hus er klar over at lydbandet er i omløp.
Kelly er sparsam med detaljar rundt lydopptaket, men seier at offentleggjeringa av det vil tvinge Biden til å trekkje seg frå presidentvalet i 2024. Republikanarar har intensivert åtaka sine mot Biden, og trugar no med å få han stemna for retten basert på etterforskingar av Biden-familien gjort av Republikanaranes hus. Ei av dei som vil ha han stilt for retten, er Marjorie Taylor Greene.
Kelly påstår vidare at Biden veit at hans dagar er talde, fordi han nyleg har drive med fritidsaktivitetar, slik som turar på stranda og sykling. Sjølv ventar eg at kona hans vil søkje sjukeheimsplass for han i næraste framtid. Og kanskje få gjennomført ei demensvurdering.
Natural News har naturlegvis òg dekt denne saka, og legg til at Kelly ikkje veit nøyaktig kven som kjem til å offentleggjere det inkriminerande lydopptaket. Dei skriv òg:
«Ifølgje Kelly har Biden berre to val når lydopptaket fyrst er offentleggjort. Ein, han vil ikkje lenger kunne vere presidentkandidat for 2024-valet. To, det han ‘kanskje kan gjere – potensielt, men truleg ikkje – er å bli sitjande som president’. Han la til at der kan finnast meir enn eitt inkriminerande lydopptak med bevis.»
I resten av programmet spelte Kelly òg av eit lydopptak av Bidens påståtte telefonsamtale til den tidlegare ukrainske presidenten Petro Poroshenko 18.februar 2016, «relatert til fyrstnemnde sitt krav om at den tidlegare ukrainske aktoren Victor Shokin måtte sparkast». Poroshenko var einig i at Shokin måtte avskjedigast, sjølv om Shokin ikkje hadde gjort noko gale eller vore korrupt. Poroshenko skal ha teke opp samtalen for å ha noko å bruke mot Biden på eit seinare tidspunkt.
Kelly egga publikum med å seie at når lydopptaket blir offentleggjort, kjem det til å blåse taket av Biden-administrasjonen og truleg styrte den for alltid. Ifølgje Kelly er Biden no meir oppteken av å overleve og redde sitt eige skinn. Og USA? Lagnaden til landet kunne ikkje ha brydd Biden mindre. Men det hadde mange amerikanarar mistanke om allereie då han fuska seg til presidentembetet.
