Karen Kingston forklarer til Mike Adams kva som skjedde og kvifor ho flykta til Mexico

I august la vaksineforskaren Karen Kingston ut ein underleg video på GETTR, der ho påstod at Robert Malone hadde gjeve CIA ordre om å drepe ho. Familien gjekk seinare ut offentleg og sa at Karen si bisarre åtferd kan skuldast malariabehandling, ein sjukdom ho leid av på den tida. I siste halvdel av august skreiv ho sjølv på sin Substack at ho igjen var i god behald, og at ho var lei seg for alle ho hadde påført uro.

2.september hadde Brighteon- og Natural News-eigar Mike Adams eit intervju med Karen, der ho forklarte kva som hadde skjedd. Nettstaden The Exposé har kome med eit samandrag av intervjuet, som Saksyndig her presenterer representative utdrag frå.

I intervjuet med Adams forklarer ho at ho hadde motteke trugslar før, til og med medan ho arbeidde for farmasøytiske selskap, men ho hadde aldri før følt behovet for å forlate landet. Som ho sjølv seier (mi omsetjing):

«Då eg vart det dei kallar ein varslar og byrja å rapportere om innhaldet i Pfizer-dokumenta og patenta [relatert til deira covid-injeksjon], gjennom e-postar og på mine sosiale media før nokon visste kven eg var, byrja eg å motta trugslar og måtte leige tryggleikstenester. Men igjen, vart eg verande i landet […].»

Karen byrja å dukke opp på uavhengige media, slik som Adams’ Health Ranger Report og Stew Peters Show. Då vart ho forgifta og vart svært sjuk, og dette hevdar ho at ho har bevis for:

«Det som skjedde denne gongen [no i 2023]… var at eg hadde vore på ein heim, og over ein tredagarsperiode vart eg sjukare og sjukare… og eg reiste heim igjen og prøvde faktisk å de-eskalere situasjonen ved å seie ‘eg trur eg har blitt eksponert for mugg eller noko sånt’ […]».

Men andre bekymra seg for om det kunne vere meir vondsinna, so difor leigde ho inn tryggleiksteneste i håp om at dei kunne redusere uroa hennar. Men denne gongen dempa ikkje samtalane ho hadde med tryggleiksteamet uroa hennar. The Exposé skriv vidare:

«Ho sa at tryggleiksteamet fastslo at ho stod på ei dødsliste, og at livet hennar var i stor fare. ‘Basert på korleis kroppen min reagerte på kva enn denne substansen var, basert på samtalar eg hadde med folk som normalt ville de-eskalere frykta mi, so høgna dei den i staden for… Eg tok avgjerda [om å rømme landet] med omsyn til tryggleiken til familien min… På den tida trudde eg at eg var i fare, og at tryggleiken til familien min var i fare,’ sa ho.

Ho forklarte at ho hadde søvnunderskot og i ein tilstand av sterk frykt, og at ho difor gjorde ein dårleg jobb i å nå ut med bodskapen sin der ho bad om hjelp i 6.august-videoen. Ho bad om orsaking dersom det såg ut som ho skulda spesifikke personar i å forsøke å få ho myrda. Ho hadde meint videoen som eit rop om hjelp, heller enn ei skulding. ‘Dersom eg vart eksponert for eit giftstoff, er der stundom nevrotoksiske effektar,’ sa ho. ‘Kanskje det bidrog til kvifor eg oppførde meg slik… Det er ikkje slik eg vanlegvis er.»

Karen seier ho fekk malaria rundt ein månad tidlegare, altso tidleg i juli. Ho hadde fått behandling og kome seg heilt. Det at ho nyleg hadde malaria hadde ingenting med at ho valde å reise til Mexico. Ho avviser at det var malaria-indusert vrangførestilling, men at det heller var intens frykt.

Ho hevdar vidare at nokon hadde kasta kvitt pulver ned i PC-veska hennar medan ho var på ein meksikansk resort. Ho opplevde i ettertid symptom som betennelse, brennande auge og svimmelheit. Ho meiner sjølv at ho hadde blitt eksponert for ei eller anna gift. I tillegg var ho livredd og sov dårleg i ein lengre periode. I ettertid innser ho at denne åtferda ikkje var særleg heldig, og har beklaga igjen og igjen til familien for det ho utsette dei for. Familien meldte ho til slutt sakna fordi ho var umogleg å få tak i i fleire dagar av gongen. Dette skjedde sjølv om ho hadde åtvara dei i forkant at det kunne gå fleire dagar mellom kvar gong ho tok kontakt.

Karen sa under intervjuet òg at banken hennar hadde stengt kontoen til sonen, og ikkje gjeve pengane hans tilbake til han. Ho hevdar òg at ho vart nekta medisinske tenester. Ho opplever at «sosialkredittsystemet» har blitt brukt som våpen mot ho. Til hennar forsvar har dette skjedd med fleire prominente personar innan motstandsrørsla den siste tid, til dømes Joseph Mercola og hans tilsette, og Nigel Farage.

So langt har ho ikkje offisielt bede om orsaking til Robert Malone. Under intervjuet vart han ikkje nemnt med namn. Malone sjølv avviser blankt påstandane ho kom med i videoen frå 6.august.

Kommenter innlegget