Ein helsefagarbeidars undergang, del 2

Her følgjer del 2 av artikkelen min om min utgang frå helsesektoren. Del 1 kan lesast her.

Den andre jobben gjaldt ei 100%-stilling i den kommunale heimetenesta i nabokommunen. Der var eg inne på intervju tysdag 15.august so tidleg som ni om morgonen. Til stade på intervjuet var den kvinnelege avdelingsleiaren for heimetenesta, ein mannleg HR-rådgjevar og ein kvinneleg representant frå Fagforbundet. Eg hadde med ein pose Twist som eg gav til dei. Dei fekk eit positivt inntrykk av meg, og såg ikkje ut til å reagere negativt på at eg gav uttrykk for at eg hadde sterke meiningar om saker og ting. Då eg spurde kor mange som hadde søkt på stillinga, sa ein noko flau HR-rådgjevar at det var tre andre som hadde søkt. Eg fekk nærast hakeslepp. Eg sa at då eg sjølv jobba som tillitsvalt og so seint som 2019 såg gjennom søkjarlister for ledige stillingar, fekk vi over 100 søkjarar på liknande stillingar. Dei sa det var andre tider no. Eg spurde om dei framleis hadde alvorleg personalmangel i kommunen. Dei såg litt oppskjørta ut og sa at dei ikkje kunne svare meg på det.

Dei skulle gje lyd frå seg etter seinast to veker, for startdatoen for stillinga var fredag 1.september. Dei hadde tre kandidatar til som dei skulle intervjue (altso intervjua dei alle fire som hadde søkt på stillinga). Etter to veker etterlyste eg svar frå den kommunen. Etter langt om lenge tok avdelingsleiar kontakt med meg og sa at dei hadde måtte utsetje det tredje intervjuet fordi kandidaten var sjuk. Men eg skulle få svar i løpet av fredag 1.september. Før klokka ni om morgonen fredag fekk eg ein e-post frå HR-rådgjevar om at eg ikkje hadde fått stillinga.

Dette var ikkje fyrste gong eg hadde fått avslag på ei stilling i den kommunen. Det var vel heller ellevte eller tolvte gong. Denne gongen etterlyste eg derimot ei sakleg grunngjeving for kvifor eg ikkje fekk stillinga. Eg bad om at kommunen måtte sannsynleggjere at eg ikkje hadde blitt usakleg forbigått, jamfør kvalifikasjonsprinsippet. Eg fekk til svar frå HR-rådgjevar at dei «etter ei samla vurdering av søkjarar opp mot kriteria i utlysinga og gjennom rekrutteringsprosessen» var det ikkje eg som fekk tilbod denne gong. Han påstod deretter at alle tilsetjingar vart gjort i samsvar med kvalifikasjonsprinsippet.

Frå den tida eg jobba i den aude utkantkommunen, fekk eg vete frå ein kollega at ein muslimsk assistent som brukte å jobbe på den aude sjukeheimen, nærast hadde blitt henta inn frå gata og plassert på ei avdeling på den kommunale sjukeheimen i same kommune som eg hadde søkt stilling i heimetenesta. Mannen hadde blitt fjerna frå vikarlista på den aude sjukeheimen fordi han nesten ikkje gjorde noko i avdelinga, men hadde likevel på mystisk vis fått jobb på ein sjukeheim eg sjølv hadde fått avslag på fleire stillingar på. Var den muslimske mannen kvalifisert til å jobbe med eldre på sjukeheim? Ikkje på nokon måte. Han kunne knapt norsk.

Eg slo meg difor ikkje heilt til ro med den forklaringa, og etterlyste ei meir spesifikk grunngjeving. Var det forhold hjå meg som var årsaka, eller var den andre kandidaten meir kvalifisert? Eg etterspurde kjønn og ansiennitet hjå den valde kandidaten, og om vedkomande allereie jobba i kommunen. Som svar frå HR-rådgjevar fekk eg følgjande svar (sensitiv informasjon er fjerna):

«Du vart vurdert som ikkje eigna for stillinga, på bakgrunn av korleis du framsto i intervjuet, korleis du svarte på faglege vurderingar og korleis du svarte på spørsmål om samarbeid med kollega. Referansesjekk frå [X] sjukeheim [den aude sjukeheimen] bekrefta inntrykket vi fekk i intervjuet.

Den som har fått stillinga, er helsefagarbeidar med lang erfaring. Kvinne som allereie har stilling i [X] kommune.»

Eg spurde deretter om eg framstod som fagleg inkompetent og/eller personleg ueigna for stillinga. Tilbake fekk eg eit heilt generelt svar om at dei hadde vurdert mi «personlege eignaheit og faglegheit, opp mot krava i stillinga», og at dei etter å ha samanlikna meg med andre kandidatar enda opp med å gje stillinga til ein annan kandidat.

Sjølv om dei var nærast komisk sparsame med informasjon, visste eg her fleire ting: Kandidaten var ei dame, kandidaten jobba allereie i kommunen, og kandidaten hadde truleg liknande erfaring som eg. Ho kan ha fått stillinga via internt opprykk, noko som gjer forbigåinga mi sakleg sidan slike, som ønskjer å auke stillingsprosenten, har fortrinnsrett. Dette ville kommunen av ukjende årsaker ikkje presisere. Dessutan svarte ikkje HR-rådgjevar direkte kva som eigentleg var årsaka til at eg ikkje fekk stillinga. Det verka som om dei helst ville unngå å svare på det.

Eg tok difor over helga kontakt med referansen min frå den aude sjukeheimen, som var konstituert leiar mesteparten av 2022 då eg sjølv jobba der oppe. Eg spurde ho kva ho eigentleg hadde fortalt administrasjonen om meg. Med ei lett skjelven stemme fortalde ho at ho i grunnen ikkje visste nok om korleis eg jobba til at ho kunne vere ein påliteleg referanse, og at det var ei utfordring ho hadde hatt med fleire som ville bruke ho som referanse. Ho var nesten ikkje i avdelinga på grunn av koronasituasjonen, hadde mykje heimekontor, jobba av og til nattevakt på grunn av ekstrem personalmangel, og var i tillegg åleinemor. Eg spurde ho kva ho syntest om at potensielle arbeidsgjevarar berre godtok næraste leiar som referanse. Ho vedgjekk at det var ei problematisk haldning hjå dei.

Og når ein fyrst var inne på koronasituasjonen. Ho vedgjekk med ei endå meir skjelven stemme at ho hadde sagt følgjande til administrasjonen:

«Eg har ingenting å ta han på fagleg sett, men eg føler det blir problematisk at han uttrykkjer skepsis til koronatiltaka.»

Eg spurde ho om ho oppfatta meg som illojal mot arbeidsgjevar, og på det spørsmålet svarte ho eit bestemt «nei». Det var berre problematisk at eg formidla slik ei mistru til nasjonale retningslinjer, og fleire kollegaer hadde òg reagert på dette. Eg sa at «mistrua» mi var basert på data frå hundrevis av uavhengige ekspertar, og minte ho på at dei nasjonale retningslinjene fullstendig mangla vitskapleg forankring.

I slutten av mai 2022 tok eg opp med ho problemet med at WHO tenkte å innføre ein Pandemiavtale som ville gje dei suverenitet til å trumfe gjennom «pandemitiltak» i alle medlemslanda, dersom WHO skulle bestemme seg for å erklære ein smittsam sjukdom som farleg for folkehelsa. Der verka det som om ho var på gli til å innsjå galskapen i «koronaprosjektet», men betre stilling, høgare løn og politiske ambisjonar har nok fått ho over på feil side av historia igjen. Dessutan har ho tenkt å stille som kandidat for Høgre i kommunestyret, og då kan ho ikkje ha slike «feile meiningar» festa ved sitt gode namn og rykte.

Eg fortalde ho at eg på sjølvaste julaftan braut beinet under ein skogstur, og måtte opererast på Haukeland sjukehus. Eg la òg til at beinbrotet berre var ein bagatell i forhold til «pandemien», som essensielt øydela karrieren min. I mars 2020 hadde eg ein kjærast, var stefar til eit lite barn, rettleiar for ein helsefagarbeidarlærling, plasstillitsvalt, hadde ei 100% fast stilling og store planar om å forlove meg og kjøpe leilegheit med dama. I juni 2021 hadde eg ingen av delane; alt hadde blitt brutalt og nådelaust teke frå meg. Og no, i september 2023, hadde eg heller ikkje helse til å jobbe i helsesektoren lenger. Nærast med gråten i halsen ønskte min tidlegare sjef meg lykke til vidare.

Eg sendte ein e-post til HR-rådgjevar dagen etter der eg gjengav det ho hadde sagt. Eg la til følgjande:

«Med tanke på denne informasjonen som eg har fått frå [X], har eg mistanke om at avslaget på stillinga kjem av meiningane mine om koronatiltaka. Dermed er avslaget, slik eg ser det, politisk grunngjeve, noko som er å sjå på som diskriminering, jf. Arbeidsmiljølova §13-1

Eg skreiv so at eg ikkje kom til å rettsforfølgje denne saka, men at eg ville ha ei innrømming frå kommunen at avslaget på stillinga ikkje hadde med manglande fagleg dyktigheit å gjere, men «politisk motvilje» mot dei skadelege og uvitskaplege korona-«tiltaka», som påførde både bebuarar og tilsette enorme lidingar.

(Sjå òg «Ein sjukeheimsbebuars død av Covid-19-‘vaksine’ – ei personleg beretning», publisert 7.juni 2022.)

Per dags dato har eg ikkje fått svar frå HR-rådgjevar, og lite tydar på at eg nokosinne vil få det heller.

Dersom vi går tilbake til mi usaklege oppseiing frå den private sjukeheimen, vedgjekk konstituert leiar at ho hadde sagt det same til dåverande avdelingsleiar og nestleiar der i november 2022: at eg var fagleg dyktig, men skeptisk til nasjonale retningslinjer knytt til covid-19. Eg fekk riktig nok 50%-stillinga, men avdelingsleiaren som tilsette meg, forsvann like etter frå stillinga si på mystisk vis. Nestleiar vart verande, og avdelinga fekk ein leiar som i ettertid framstår som mentalt ustabil og usikker i leiarrolla. Eg fekk nesten utan unntak avslag på alle ekstravakter eg «shoppa», og sat med kjensla av at leiar ikkje ville ha meg der i det heile. Sjukeheimen valde i tillegg å tilsetje ein grøn HR-leiar som aldri hadde jobba i helsesektoren før. Prikken over i-en var då min tillitsvalde i Fagforbundet nekta å hjelpe meg fordi ho hadde ferie. Når ein so legg til det faktum at ei av dei to sjukepleiarane som konspirerte mot meg, jobba på den sjukeheimen eg i 2021 vart fjerna frå, er eg ikkje dummare enn at eg skjøner teikninga: Den private sjukeheimen visste om synet mitt på koronasituasjonen, og oppseiinga hadde difor ingenting med «manglande fagleg dyktigheit» og «manglande tilpassing til arbeidet» å gjere. Saka er eit justismord, men diverre eit symptom på tidene vi lever i.

Og difor kjem eg aldri til å jobbe i helsesektoren igjen. Eg saknar ikkje den, og den saknar tydelegvis ikkje meg. Målgruppene og deira pårørande gjer det nok, diverre. Bebuarane har eg ingenting anna enn gode minne om, for det er fyrst og fremst inkompetent, totalitær leiing og konspiratoriske, halvgamle kjerringar som gjorde dette til ein kamp eg aldri kunne vinne.

Kommenter innlegget