Den amerikanske djupstaten lanserer spiontruser!

Av og til dukkar det opp overskrifter som får ein til å stoppe opp ein augneblink og lure på om ein las riktig. I førre veke skreiv nettstaden WND om at CIA kom til å dukke opp i trusene dine. Faktisk viste artikkelen seg å vere korrekt: CIA bruker faktisk millionar av skattepengar til å forske på teknologi til å utvikle «smarttruser». Det er berre elleve år sidan CIA og dåverande direktør, general David Petraeus, hadde planar om å spionere på folk via mikrobølgjeomnar og oppvaskmaskiner. Heldigvis var ein av hans analytikarar so skeptisk til ideen og CIA si manglande respekt for grunnlovsfesta rettar, at han spelte inn store delar av samtalen til Petraeus og lak den til media. Det vart tydelegvis ikkje noko av planane. Men no prøver CIA seg tydelegvis igjen – i trusene dine.

CIA er berykta for å spionere på folk utan å ha ransakingsordre. Nemnde WND-artikkel skriv at «utan ransakingsordre» når frasen er brukt i samband med dette etterretningsorganet, er overflødig. Dei drit rett og slett i slike juridiske formalitetar. Dei oppfører seg som om retten til privatliv og retten til å beskytte privatlivet ikkje eksisterer, eller desse grunnlovsfesta rettane ikkje gjeld deira operative agentar. Faktisk hevda Petraeus ved eit høve at den grunnlovsfesta retten til privatliv berre legg føringar på politi, ikkje etterretningsorgana. Dette er naturlegvis feil, både utifrå ordlyden i lova og historisk sett. Denne retten, Fourth Amendment, beskyttar retten folk har til å vere trygge i sine personar, i sine hus, i sine papir og i sine «effektar». Sistnemnde gjeld sannsynlegvis òg klesplagg.

No nyleg avslørte direktøren for National Intelligence (nasjonal etterretning), som er den formelle leiaren for alle dei 17 føderale overvakingsbyråa – overfor Kongressen at ho har brukt 22 millionar på å utvikle bomullsfiber som ho kallar «smartkle» (smart clothing på engelsk). Desse fibrane vil late CIA og andre føderale spionar til å gjere spele inn lyd, video og geolokasjonsdata frå skjorter, bukser, sokkar – og altso òg truser. No skal det altso utviklast det amerikanarane kallar Smart ePants. Smarte eBukser. Dette kan du rett og slett ikkje dikte opp.

Ifølgje Natural News hevdar AFCEA (Armed Forces Communications and Electronics Association; foreining for væpna styrkars kommunikasjon og elektronikk) at desse «smartbuksene» kan revolusjonere Tinga sitt Internett (Internet of Things) ved å samle data som hjelper etterretning, medisin og sportssamfunn. Kort fortalt ønskjer dei altso å integrere kle og datateknologi. Ved å bruke «nasjonal tryggleik» som påskot, ønskjer etterretningsorgana å bokstavleg tala sjå under skjørta på kvinnfolk.

Som Natural News-skribent Ethan Huff skriv i nemnde artikkel (mi omsetjing):

«Pervoane ved Kontoret til direktøren for nasjonal etterretning (ODNI [Office of the Director of National Intelligence]) erklærte 22.august at IARPA (Intelligence Advanced Research Projects Activity [Aktivitet for etteretningsrelaterte avanserte forskingsprosjekt]), IC sin arm for avansert forsking og utvikling, kjem til å utvikle Smart Electrically Powered og Networked Textile Systems, eller SMART ePANTS, i løpet av det neste 3,5 året – halvvegen mellom no og 2030, som vil markere slutten på sju år og fullbyrdinga av Agenda 2030.»

Hmm, kor skal eg byrje? Her bruker dei uhyre kronglete terminologi – «smart-elektrisk drivne og nettverkstilknytte tekstilsystem» – for at folk flest ikkje skal skjøne at trusene deira no kjem til å bli overvaka av CIA og dei 16 andre føderale etterretningsbyråa. Trusene skal ikkje skilje seg ut frå normale klesplagg når det gjeld elastisitet, vaskeprogram og komfort. Kor komfortabel er eigentleg ei dame når ho veit at det sit vilt framande CIA-mannfolk og ser og høyrer alt ho gjer – og kanskje òg ser alle detaljar av anatomien hennar?

Medan det er kjent at eit selskap ved namn Nautilus Defence and Leidos, Inc., har fått ein kontrakt til ein verdi av 22 millionar dollar ifølgje ei melding frå Pentagon datert 9.august, er ein ukjend pengesum involvert i eit samarbeid med SRI International, Massachusetts Institute of Technology (MIT) og Areté.

Ikkje overraskande er finanskjempene BlackRock og Vanguard tungt finansielt involvert i desse «smartkleda».

Dawson Cagle, leiaren for SMART ePANTS-programmet, påstår at han kom på ideen om smartkle i eit forsøk på å finne måtar å overvake helsetilstanden til sin diabetiske far. Smartkle vil altso kunne overvake til døme puls, blodtrykk, temperatur og aktivitet.

Ted Claypoole, juridisk ekspert og leiar i cyberlov-komiteen i American Bar Association (den amerikanske advokatforeininga) meiner det er temmeleg openbert at privatlivet vil bli invadert av denne teknologien. Som han sa til The Defender (Children’s Health Defense), er ikkje berre desse smartkleda laga for å halde folk trygge, men òg for å finne og følgje dei som går med smartkle, som ikkje veit at dei blir følgde.

Som Ethan Huff avsluttar so fint med:

«Dersom det har ‘smart’ i namnet, må du vere dum for å kjøpe det.»

2 comments

  1. Ingenting overrasker lenger, og selv om tyrann(i)er har kommet og gått med jevne mellomrom oppigjennom verdenshistorien, har vi nå stilt oss til slik teknologisk, at det bare er fantasien som setter grenser for hvilke gjerninger en ønsker å ut-/påføre sine medborgere.

    At mer eller mindre avanserte sivilisasjoner har eksistert på planeten før oss, er jeg høyst åpen for, men kan ikke forstå annet enn at vi nå står ved et vippepunkt helt ulikt noe som helt annet i verdenshistorien.

    Ny teknologi er unektelig spennende, men jeg har ikke klart å kjenne noen begeistring for utviklingen på godt og vel 20 år, etter det for alvor gikk opp for meg hvilke krefter som «eier alt».

    Dystopisk.

    Likt av 1 person

    • Om høgteknologi blir vond eller god, er avhengig av kven som kontrollerer den. Den britiske sci-fi-serien «Black Mirror» tek problemstillinga på kornet. Mesteparten av episodane handlar om dei negative effektane av slik teknologi, og det at mange ser sitt snitt til å utnytte den. Dette er høgst bekymringsverdig.

      Noko som ikkje er fullt so bekymringsverdig, er spionklesplagga i denne artikkelen – deriblant spiontrusene. Om CIA då vel å avlytte trusene til nokon, vil dei nok ikkje høyre særleg anna enn gåing, gnissing av lår og ein og annan fis. For å sjå litt humoristisk på det. Om dei avlyttar ei skjorte, trur eg nok hjarteslaga vil overdøyve mykje av lydane frå omverda.

      Likar

Kommenter innlegget