I ein artikkel publisert tysdag 26.september 2023 føler Lurås at han må minne lesarane av nettavisa si iNyheter at det faktisk finst eit kommentarfelt. I motsetnad til hjå Document må ein på iNyheter trykkje på ein knapp for å få fram nemnde kommentarfelt. Som Lurås sjølv skriv:
«For å komme til kommentarfeltet, må dere scrolle dere ned under selve artikkelen og over noen felter der vi har annonser og reklamer inntil dere kommer til et felt – en knapp – der det står ‘vis kommentarer’.
Dere må deretter trykke på den knappen og så kommer alle kommentarene på gjeldende artikkel opp.»
Som dei fleste nettaviser bruker iNyheter programmet Disqus. Ein må ha ein konto der for å kunne kommentere, noko som er gratis. Dei som vil (altso det overvelvande fleirtalet) kan vere anonyme om dei ønskjer det. Du vil jo ikkje at sjefen skal lese kommentarane dine om «klimakrisa», plandemien, USA og NATO sin stadfortredarkrig i Ukraina eller forsøket på å utrydde den kvite rasen frå Vesten via Kallergi-planen.
Lurås skriv at dei har valt denne løysinga fordi nettsida kan lastast raskare ned, og fordi at lesarane kan velje sjølv om dei vil lese kommentarane eller ikkje:
«For noen er kommentarfeltet vårt en berikelse, for andre er det bare en kilde til frustrasjon. Ved å måtte trykke på en knapp, er det opp til hver og en om de vil få det med seg.»
iNyheter får i snitt 2100 kommentarar kvar dag, enkelte dagar betydeleg høgare. Det er om lag same nivå av kommentarar som det var på Resett. Han skriv vidare:
«Kommentarfeltet på iNyheter er ikke forhåndsmoderert, men enkelte kommentarar fanges opp og flagges og må godkjennes manuelt.»
Men:
«Vi sletter noen drøye kommentarer i ettertid som vi blir klar over, men i hovedsak lever kommentarfeltet sitt eget liv. På godt og vondt.»
Ein lesar med pseudonymet «KnutKonsulent» skriv at han på Facebook er blokkert av iNyheter. Han får openbert framleis lov til å kommentere anonymt i kommentarfeltet til nettavisa. «eh72» meiner, for å seie det på ein fin måte, at mange frå 45 og oppover er for lite datakyndige til å finne knappen som opnar kommentarfeltet. «Fjernsyn» meiner det er hyggjeleg å kunne kommentere ein artikkel om kommentarfeltet – i kommentarfeltet. «Torkel Andersen» nektar spøkjefullt for at der i det heile finst eit kommentarfelt på iNyheter – dette skriv han i sjølve kommentarfeltet.
Og slik går no dagane.
