I eit nyleg intervju med Mike Adams kom dr. Astrid Stuckelberger med informasjon om den hemmelege agendaen til FN og WHO, som ikkje akkurat er i tråd med deira opphavlege oppdrag om å hjelpe menneske ut av fattigdom og elende. Ho jobba sjølv på innsida av dei nemnde organisasjonane, og veit dermed godt kor korrupte dei har blitt.
Då ho jobba i WHO hadde ho med psykiske helseproblem å gjere, og vart seinare tilsett ved det medisinske fakultetet i sveitsiske Genève. Byen kallar ho sjølve ground zero for FN og WHO når dei legg planane sine for det som vi no veit er global dominans. Ho har omfattande erfaring: Ho jobba rundt 30 år med å utføre forsking på folkehelse og førebyggjande medisin, i tillegg til tre år i WHO der ho spesifikt hadde med handtering av pandemiberedskap og innføringa av globale helseretningslinjer som vart sette i verk mellom 2008 og 2013.
Der er ifølgje Stuckelberger ein god del sjølvmotseiingar i FN når det gjeld ulikskapane mellom deira offisielle oppdrag og deira sanne, hemmelege oppdrag. Dette legg ho ut om i intervjuet med Adams, som kan sjåast her.
Etter kvart byrja ho å sjå eit mønster i miljøet rundt FN og WHO: Gode, etiske tilsette med framrakande kompetanse vart oppsagt og erstatta med sokalla «djevelske» menneske som ikkje berre er inkompetente, men beint fram vonde. Dette vart spesielt gjeldande frå rundt 2016 då Donald Trump stilte som presidentkandidat. Der oppstod eit sterkt press både innan FN og gjennom heile akademia for å erstatte alle dei gode menneska med vonde – desse sjølvsame vonde menneska er dei som fekk lov til å utvikle og selje covid-19-viruset og «vaksinar» (som ho skildrar som «biotech-våpen»).
Sidan 2016 har FN og WHO med andre ord sakte luka ut alle tilsette med gode intensjonar og erstatta dei med dei verste av dei verste. Ein av strategiane deira var å trakassere og diskriminere dei med gode intensjonar ved å aldri late dei undervise eller stige i gradene. Ho sjølv opplevde at alle klassane hennar vart kutta. Denne kanselleringa var å føretrekkje frå hennar side, ettersom alternativet var å slutte seg til dei vonde sine rekkjer. Ho ville ikkje i sine villaste fantasiar gå over på den mørke sida.
Slik integritet er sjeldan vare i våre dagar, då det er moralsk og etisk lettare enn nokosinne å inngå avtalar i byte mot eit sjenerøst salær. Hadde alle gjort som Astrid Stuckelberger, ville vi ikkje ha vore i dette alvorlege uføret vi no er i. Det vil kome eit punkt i livet der ein må velje side, og det som tilsynelatande ser ut som gull og grøne skogar, kan i røynda vere vegen mot spirituelt og sjeleleg armod.
