Woke har atter ein gong øydelagt delar av norsk tradisjon, i dette tilfellet det populære radioprogrammet «Jungeltelegrafen», som vart starta i 1986 av Sigbjørn Nedland. Programmet, som dekkjer musikk frå heile verda (inkludert stader der det finst jungel) har no skifta namn til «Musikkreisen». Dette skal vere etter ønske frå kanalleiinga. Denne hendinga er det Klassekampen som melder om.
Noverande programleiar, Arne Berg, seier til Klassekampen at det ikkje var hans ønske å skifte namn på programmet: «Han plasserer avgjørelsen om navnebyttet hos NRKs radioledelse.»
I redsel for å få pes frå woke-mobben har nok NRK teke denne avgjerda, for som Berg sjølv seier:
«Ordet jungeltelegrafen har jo vært en rød klut for de som er aller mest ‘woke’ i verden […].»
Han har òg sett negative kommentarar til namnet «Jungeltelegrafen» i eit kommentarfelt på Facebook, og dette har fått han til å «undre seg rundt betydningen av ordet jungel»:
«For oss er det ikke slik, men ordet kan ha negative konnotasjoner i USA […].»
Til dømes blir «jungel» brukt i negativ tyding i ordet «asfaltjungel». Og i uttrykket «det er ein jungel der ute» indikerer ordet at vi her snakkar om ein stad der lovløyse og brutalitet rår, og der ein må streve for å overleve.
Radioprogramma «Kåbboi» (som spelte country og americana), «Superstars» og «Grenitimen» (leia av Big Bang-frontfigur Øystein Greni) vart i 2020 alle tekne av lufta. Dette skal ha vore på grunn av ei rekkje endringar i musikkprofilen til NRK, der dei mellom anna gjekk over til podcastformat.
Eit anna radioprogram har namnet «Bluesasylet». Det er uvisst om NRK skal endre namn på det programmet, sidan somme som lever på asyl kan oppleve det som «krenkjande». Musikkjournalist Audun Vinger, som òg er redaktør i Jazznytt, uttrykkjer ingen negative kjensler rundt namnet «Jungeltelegrafen». Han meiner namnet heller gjev assosiasjonar til noko nytt, som ein ikkje får vete om andre stader. Han meiner namnebytet kan vere påverka av to ting: «strømlinjeformingen av NRKs musikkdekning og en overdreven, språklig varsomhet». Han meiner «Musikkreisen» er eit mykje dårlegare namn, i og med at ordet «reise» etter hans syn er eit forslite uttrykk.
Programleiar Arne Berg i «Musikkreisen» (altso tidlegare «Jungeltelegrafen») er òg leiar for eit program ved namn «Musikkreisen DJ».
Kanalsjef for NRK P2, Eva Midttun Leira, bekreftar at namneskiftet kjem av omsyn til at namnet for nokon kan opplevast som belastande. Ho meiner at det utifrå namnet «Jungeltelegrafen» er vanskeleg å skjøne kva programmet handlar om dersom ein ikkje kjenner programmet frå før av. Ho nemner diskusjonar rundt omgrepet «verdsmusikk», som enkelte har kalla etnosentrisk, «og som står i fare for å undervurdere eller sette all musikk fra andre verdensdeler i samme bås».
Oslo World har fleire gonger samarbeidd med «Jungeltelegrafen» om direktesendingar frå festivalen. At Oslo World faktisk er ein festival er vanskeleg å skjøne utifrå dagens namn – tidlegare heitte festivalen Oslo World Music, men «Music» vart fjerna frå festivalnamnet i 2017. Festivalsjef Alexandra Archetti Stølen meiner NRK aldri burde ha skifta namn på «Jungeltelegrafen», og at «Musikkreisen» er eit «utrolig kjedelig navn». Som ho sjølv seier:
«‘Jungeltelegrafen’ handler ikke om bongotrommer og bastskjørt i Sahara, liksom. Det handler om å oppdage noe nytt og spre det videre.»
Konseptet «jungeltelegraf» blir av Store norske leksikon definert som «rask spredning av en nyhet, et rykte eller sladder gjennom muntlige meddelelser fra det ene mennesket til det andre». Saksyndig har ved fleire høve brukt omgrepet for å skildre korleis rykte spreier seg blant tilsette i den norske helsesektoren, spesielt om kritikkverdige forhold i eit føretak. Her blir uttrykket brukt i positiv tyding, ettersom det jo er i interessa til jobbsøkjande helsepersonell å finne ut kva slags arbeidsplassar dei skal søkje seg til, og, viktigast av alt, kva slags plassar dei skal styre unna.
