Kanadisk sjukepleiar står overfor disiplinærhøyring for å ha kritisert covid-«vaksinar» og -mandat

LifeSiteNews rapporterer at den kanadiske sjukepleiaren Leah McInnes er kalla inn til disiplinærhøyring fordi ho har uttrykt meiningane sine om covid-sprøyter og «vaksine»-mandat i sosiale media, i tillegg til å ha delteke i demonstrasjonar mot desse mandata. «Mandat» er eit anna ord for påbod, og har blitt mykje nytta i engelskspråklege media om det som i praksis har vore eit hittil usett vaksinepress frå styresmakter, media og arbeidsgjevarar.

CRNS – College of Registered Nurses of Saskatchewan («Kollegium for sjukepleiarar i provinsen Saskatchewan») påstår at McInnes er skuldig i «profesjonelt utilbørleg åtferd då ho deltok i demonstrasjonar mot eksisterande og forventa vaksinemandat og vaksinepass under covid-pandemien».

McInnes blir representert av Justice Centre for Constitutional Freedoms (JCCF), «justissenter for grunnlovsfesta fridommar». Dei sa nyleg at CRNS skuldar sjukepleiaren for innlegg i sosiale media so vel som ytringar ho kom med til media frå august til oktober 2021. JCCF meiner at McInnes burde stå fritt til «å uttrykkje sine meiningar når det gjeld vaksinemandat og vaksinepass og andre relaterte tema slik som valfridom og vern av private, medisinske opplysningar».

JCCF fastslår òg at CRNS hevdar at meiningane til McInnes om covid-sprøytene og mandata var «avgrensa til vaksinepolitikk relatert til provinsen Saskatchewan», sidan ingen «mandat» nokosinne vart «sett i kraft i Saskatchewan». Helseleiinga i provinsen handheva aldri mandat i seg sjølv, men tilrådde sterkt at folk tok sprøytene.

CRNS påstår derimot at dei offentlege ytringane til McInnes var å rekne som «feilinformasjon», «desinformasjon» og «villeiande» informasjon. Dei meiner sjukepleiaren har misbrukt makta og stillinga si som sjukepleiar.

JCCF forsvarer ho med at «nær sagt heile medieapparatet, statstilsette og medisinske autoritetar jamleg (og nesten einstemmig) har referert til vaksinepolitikk frå statlege og andre organ som «mandat», både i Saskatchewan og i resten av landet.

CRNS kom med tilbod om ein avtale der McInnes måtte innrømme at ho hadde oppført seg «profesjonelt utilbørleg». Ho avviste avtalen blankt, og valde i staden for kjempe for den lovfesta retten til å uttrykkje meiningane sine, seier JCCF. 28.mars 2023 vart ho tiltalt av CRNS. McInnes kravde seinare at CRNS skulle klargjere kva dei meinte med «feilinformasjon», «desinformasjon» og «villeiande» informasjon.

JCCF påpeikte at i ei liknande sak i 2020 der ein sjukepleiar i Saskatchewan uttrykte bekymring for og kritikk av helseomsorgssystemet på sosiale media, vart nemnde sjukepleiar frikjent i den provinsielle ankedomstolen (Court of Appeal) for profesjonelt utilbørleg åtferd. Kritikken gjaldt langtidssjukeheimen der hennar no avlidne bestefar var innlagt. Samstundes dømte ein dommar i favør av eit uavhengig selskap som sa opp sine uvaksinerte tilsette.

Covid-«vaksine»-mandata kom via provinsielle regjeringar frå den føderale regjeringa til statsminister Justin Trudeau, og skapte stor splitting i det kanadiske samfunnet. «Vaksinane» har ført til omfattande helseskadar og dødsfall. Det kanadiske Vaccine Injury Program, som deler ut økonomisk erstatning til «vaksine»-skadde, har so langt betalt ut meir enn seks millionar kanadiske dollar (nesten 48 millionar kroner), og 2000 krav har framleis ikkje blitt avgjort.

Kommenter innlegget