Hamas vart skapt av Israel og USA som ei motvekt mot Yasser Arafat

Revolver.news skriv: Hamas er internasjonalt kjent som ei terroristgruppe som består av radikale muslimar, og målet deira er å øydeleggje Israel. Både USA og EU reknar Hamas som ei «terroristgruppe». Ved hjelp av mellom anna rakettar og sjølvmordsåtak har dei resultert i tallause omkomne dei siste tiåra.

Det som ikkje er fullt so kjent, er at Israel og USA spelte ei vesentleg rolle i danninga av Hamas tilbake på 1970-talet. På grunn av desse to allierte vart det som i utgangspunktet var ei utkantgruppe av palestinske islamistar endra til ein av dei mest berykta og dødelegaste terrororganisasjonen i historia.

The Intercept skriv (mi omsetjing):

«Dette er ikkje ein konspirasjonsteori. Lytt til tidlegare israelske tenestepersonar slik som brigadegeneral Yitzhak Segev, som var den israelske militærguvernøren i Gaza tidleg på 1980-talet. Segev fortalde seinare ein reporter frå New York Times at han hadde hjelpt til med å finansiere den palestinske islamistrørsla som ei ‘motvekt’ til dei sekulære og dei venstreorienterte i Palestine Liberation Organization [«palestinsk frigjeringsorganisasjon»] og Fatah-partiet, leia av Yasser Arafat (som sjølv refererte til Hamas som ‘eit Israels kreatur’).

‘Den israelske regjeringa gav meg eit budsjett,’ tilstod den pensjonerte brigadegeneralen, ‘og militærregjeringa gjev til moskeane’.

‘Hamas, til min store anger, er Israels kreasjon,’ sa Avner Cohen, ein tidlegare tenestemann for israelske religiøse affærar, til Wall Street Journal i 2009. Tilbake på midten av 1980-talet skreiv Cohen til og med ein offisiell rapport til sine overordna, der han åtvara dei om å ikkje leike splitt-og-hersk i Dei okkuperte territoria, ved å støtte palestinske islamistar mot palestinske sekularistar. ‘Eg… føreslår å fokusere innsatsen vår på å finne måtar å bryte opp dette monsteret før denne realiteten hoppar i tryna våre,’ skreiv han.

Dei høyrde ikkje på han. Og Hamas, som eg forklarer i den femte episoden av min kortfilmserie for The Intercept, var resultatet. For å vere tydeleg: Fyrst hjelpte israelarane til med å byggje ein militant variant av palestinsk politisk islam, i form av Hamas og deira forgjengarar i Muslimsk brorskap; deretter skifta israelarane taktikk og prøvde å bombe, befeste og blokkere dei ut av eksistens.»

I ein video delt av «Wall Street Silver» på X/Twitter, forklarer amerikanske Ron Paul korleis USA og Israel spelte ei rolle i danninga av Hamas som eit mottiltak mot Yasser Arafat, den avdøde palestinske politiske leiaren og leiar av PLO (Palestine Liberation Organization).

Dette kjem ikkje akkurat som eit sjokk med tanke på den svikefulle naturen USA historisk sett har vist seg å ha. Å opprette terrorgrupper er berre nok ein måte å halde fram djupstaten sin plan om evig krig i verda. Finst der ikkje fiendar i eit område, so lagar dei fiendane sjølve.

Kommenter innlegget