Lever vi i eit diktatur styrt av psykopatar?

Stundom sit eg med kjensla av at dei som styrer er psykopatar, som ikkje lid nemneverdige kvalar av å øydeleggje liva til ærlege, hardtarbeidande menneske som berre prøver å klare seg etter beste evne. Kjensla kjem ikkje akkurat ut av det blå, med tanke på alt dramaet vi har sett i samband med «pandemien», der det over natta vart stovereint å drive med psykisk terror, fryktporno og det som best kan skildrast som narsissistiske hersketeknikkar – og det frå høgste politiske hald.

Kor kjem denne vondskapen frå? Eg skal her presentere ein av teoriane. Mark Andrew Dwyer i All News Pipeline skriv i ein artikkel publisert fredag 13.oktober 2023 at dette har sitt opphav i kritisk raseteori. Kritisk raseteori er ei grein av kritisk teori, som igjen kjem frå marxisme. I mange vestlege land, spesielt USA (men òg i stor grad her i Noreg), har Karl Marx sine idear blitt brukt på ein ganske so kreativ måte. Som Dwyer skriv (mi omsetjing):

«Ein av hovudideane til Marx var ei omvending av maktstrukturen for å innføre eit proletariatets diktatur (substantivet proletariat vart brukt som nemning på arbeidarklassen, eller det vi kallar blue-collar workers). Marx hevda at dette var den einaste praktiske måten å sikre seg at blue collar-workers (som visstnok var ute av stand til å lykkast på eiga hand i eit ‘kapitalistisk’ samfunn) ikkje blir nådelaust utnytta av grådige ‘kapitalistar’.»

Det sokalla Nye venstre har gjort dette vernet mot utnytting om til eit vern mot dei «undertrykte». Det har altso sakte, men sikkert, blitt innført eit diktatur der dei «undertrykte» styrer. Deira nyaste mantra Diversity, Inclusion and Equity («mangfald, inkludering og utfallslikskap») har passande nok forkortinga DIE, «døy». Dette er døden til meritokratiet, der ein blir lønt etter innsats og reelle evner. Det er ikkje lenger mogleg å stige i gradene ved hjelp av hardt, målretta, ærleg arbeid.

Fleire og fleire ser ut til å bli installert i offentlege og private maktstrukturar rundt om i ymse sektorar og konsern, ikkje fordi dei er kompetente eller har bevist gjennom arbeid og innsats at dei passar til stillingane, men fordi dei er medlem av sokalla «undertrykte» klassar. Her kompenserer det å vere farga, kvinne (og «kvinne»), LGBTQ+++, ikkje-vestleg innvandrar (og etterkomarane deira) for at dei manglar formelle kvalifikasjonar. Biden-administrasjonen er no ei samling av «undertrykte» som, bortsett frå statusen sin som «undertrykt», ikkje har nokon manifeste evner til jobbane dei liksom skal utføre.

Dette er openbert ein trugsel mot meritokratiet og den frie marknaden. Og kva vil skje dersom desse ukvalifiserte «undertrykte» blir ein del av herskarklassen? Som Dwyer skriv vidare:

«Vel, svaret på dette spørsmålet ser ikkje fint ut for mesteparten av oss hardarbeidande, lovlydige amerikanarar. Fordi mange av dei sokalla ‘undertrykte’ viser symptom på psykopati – og dette er ikkje overraskande.»

Og kvifor trekkjer Dwyer denne konklusjonen? Fordi mange av desse «undertrykte» ser ut til å ikkje følgje Den gylne regelen: Gjer mot andre det du vil andre skal gjere mot deg. Dei «undertrykte» identifiserer seg ikkje med resten av det samfunnet som dei ser på som «undertrykkjande». Det er dei mot resten, som då i deira verdsbilete blir ein fiende som må utslettast – og som for all del ikkje må behandlast fint.

«Ein kan sjå ein manifestasjon av dette fenomenet i (det som ser ut som) velorkestrerte forsøk på å ‘ta Trump’ med alle tenkjelege middel. Når du ser på aktorane og dommarane som er involverte i alle tiltalane mot president Trump, vil du leggje merke til at dei moderne ‘undertrykte’ ikkje berre er overrepresenterte på påtale- og dommarsida, men òg at dei knapt nokosinne viser tendens til å følgje Den gylne regelen. So dei gjer mot president Trump alle dei tinga som dei definitivt ikkje ville like å få gjort mot seg sjølve.»

Nokon av middela dei bruker for å «ta» Trump er:

«Saman nektar dei den tiltalte hans grunnlovsfesta rett til ei rettssak med jury, dei prøver å frårøve han (kontrollen av) hans eigedom utan rettsgang, dei prøver å påføre han gigantiske bøter (250 millionar dollar), visstnok fordi dei trur at eigedommen hans var meir verdt enn dei trur den var, og til og med fordi han prøver å forsvare seg i retten i samsvar med det han og hans advokatar ser på som passande; alt dette før det i det heile teke har blitt presentert bevis på at han har gjort noko gale […]. Det verkar derimot openbert at dei ville hate å ein vakker dag stå i same situasjonen som dei har sett president Trump i.»

Det at «undertrykte» har tendens til å ignorere Den gylne regelen kan tyde på at dei manglar empati. Dette kan vere ein naturleg forsvarsreaksjon frå deira side, ettersom dei genuint trur at dei blir «undertrykt». Den politiske propagandaen om «systemisk undertrykking» har nok hjernevaska dei, og det til dei grader. Resultatet er det ein kan kalle ein patologisk mentalitet. Psykopati har som hovudtrekk nettopp mangel på empati, ofte kombinert med vondskapsfull åtferd mot utvalde offer.

Problemet her er ikkje berre at ein legitim president blir utsett for ein hekseprosess i rettssystemet. Det største problemet er at det dei gjer mot Trump i dag, kan dei lett gjere mot resten av oss i morgon. Nærare bestemt mot dei av oss som vågar å uttrykkje meiningane våre om eit slikt dysfunksjonelt og korrupt system. Vi har på mange måtar allereie kome til dette punktet, i og med at sensuren knapt har vore større og ytringsrommet knapt har vore smalare. Ein treng berre å sjå til det 20.hundreåret og på dei verste diktatorane Josef Stalin, Adolf Hitler, Mao Zedong og Pol Pot. Dei hadde ingen problem med å drepe alle som dei vurderte som ein trugsel mot diktaturet, ofte på syltynt grunnlag. Dei vart alle ofra på alteret til sosialisme.

Og lat meg her kome med eit døme på kva slags greiner sosialisme fekk i førre hundreår. Sosialisme kan anten vere internasjonal eller nasjonal. Internasjonal sosialisme er betre kjent som kommunisme. Nasjonal sosialisme er, som ordet bokstavleg tala seier, nasjonalsosialisme, betre kjent som nazisme. Dei to konsepta er historisk sett politisk identiske, men berre internasjonal sosialisme er no stovereint – og er vidareført i globalismens visjonar om ei grenselaus verd. Altso ei verd med éi regjering der ein moderne Stalin eller Mao sit med bukta og begge endane, og der det slavebundne folket stundom får smular strødd over seg – om dei oppfører seg systemtru. Alle slike regime har dreia seg om kontroll.

På overflata høyrest alt ut som fryd og gaman, slik kommunisme (internasjonal sosialisme) i si tid gjorde. Men vi veit at dette berre er svikefull leik med ord og semantikk. Berre sjå på «berekraftmåla». Om ein les mellom linjene og på den måten avdekkjer dei faktiske intensjonane bak, slik ein gjorde med marxisme med forgreiningar, vil det fort dukke opp eit psykopatisk monster som ikkje skyr nokon midlar for å halde på makta. Det ser ein i USA, og det ser ein her i Noreg. Dagens politiske elite har på ingen måte våre interesser i tankane, dei vil berre opp og fram og grafse til seg so mykje pengar som mogleg. Om det døyr nordmenn i hopetal kunne ikkje ha brydd dei mindre. Kvifor skulle dei bry seg? Dei er jo psykopatar.

Kommenter innlegget