Kanariøyane er «kringsett av fiendar»: Meir enn 13 000 migrantar har kome dit i oktober åleine

InfoWars, nettstaden til Alex Jones, rapporterer at den siste veka har nesten 5000 migrantar kome til Kanariøyane utanfor kysten av det nordvestlege Afrika. Øygruppa opplever no ei historisk bølgje av innvandrarar, ettersom meir enn 13 000 av dei har farta over dit i oktober åleine. Dette er ein auke på 570% samanlikna med oktober 2022, og det høgste månadstalet som nokosinne er registrert. Rubén Pulido i avisa La Gaceta de la Iberosfera skildrar tilstrøyminga som ei «omleiring» («beleiring» på bokmål, siege på engelsk).

So langt i 2023 har totalt 28 376 ulovlege innvandrarar blitt registrert, og det er 90% meir enn i same periode i fjor.

InfoWars skriv (mi omsetjing):

«‘Dersom den noverande trenden held fram, kan migrasjonspresset i øygruppa bryte den historiske rekorden før november månad, den som vart registrert i 2006, då totalt 31 678 ulovlege innvandrarar kom til Kanariøyane,’ rapporterer Pulido.

‘Men ikkje berre det, dersom vi tek dagsgjennomsnittet av innreiser akkumulert over dei siste to månadene, kan Kanariøyane gå over grensa for 50 000 ulovlege innvandrarar mellom no og slutten på året.’

Heile 321 migrantar vart ‘redda’ frå ein cayuco [ein liten kano eller kajakk; oms.an.] nær Gran Canaria over helga, det høgste talet som nokosinne vart henta frå eit enkelfartøy i regionen.

Dei fleste migrantar som legg i veg mot Kanariøyane gjer det med det endelege målet om å kome seg til det europeiske fastlandet – ein del av reisa som ofte blir forenkla av den spanske staten og deltakande konsern.

På tysdag [24.oktober 2023] vart to Boeing 787 Dreamliner-ar som høyrde til Air Europa, strategisk parkert ved Aeropuerto de Los Rodeos [«Rodeo-flyplassen»] på kanariøya Tenerife, og hundrevis av migrantar vart frakta om bord og flogne til Barcelona og Madrid, ifølgje Pulido

Vi er her vitne til ein regelrett invasjon av innvandrarar frå land som USA har vore med på å destabilisere og sende ut i fattigdom; og no hjelper vestlege makter (som er med på dette komplottet) desse menneska inn i sine eigne land, der dei vil overvelde sosiale tenester – nøyaktig i tråd med eliten sin plan om befolkningsutskifting og destabilisering av den vestlege økonomien.

Kommenter innlegget