Dette er ei novelle og rein fiksjon. Biletet er henta frå NRK.
Dei fleste har høyrt om heimsøkte hus. Nokre har høyrt om heimsøkte vegar. Berre dei færraste har høyrt om heimsøkte tunnelar. På Vestlandet kan ein knapt køyre hundre meter før ein møter ein tunnel, og dei varierer i lengd frå nokre titals meter til fleire kilometer. Som regel er dei kalla opp etter fjellet dei går gjennom. Før tunnelen kom, var det ei strabasiøs dagsreise å kome seg til andre sida av fjellet – faktisk var det so vanskeleg at den lokale dialekten ofte var annleis på andre sida, sidan folk møttest so sjeldan.
På Vestlandet finst det iallfall ein milliard tunnelar, og alle har dei namn. Dei fleste tunnelane er i god stand, iallfall dei som går langs E39, den einaste vegen i regionen med midtstripe, og den einaste som faktisk blir brøytt om vinteren. Den vegen er nytta av sunnfjordingar, sogningar og nordfjordingar som skal heim til kommunane dei ein gong forlét, ettersom det ikkje var noko som likna på jobbar å få der oppe. Med andre ord er E39 uunnverleg for folk frå Sogn og Fjordane som skal vitje slekt ved høgtider. Ein og annan lastebilsjåfør er kjent for å ein sjeldan gong nytte vegen òg. Då ligg dei gjerne 30 kilometer under fartsgrensa og viser finger til deg om du tutar.
Som alle veit, ligg det ein tettstad nord for Bergen som heiter Knarvik. Der kan ein velje om ein skal fare fylkesveg 57 over Lindåslandet og ta ferja over Fensfjorden, eller om ein skal ta E39 og fare gjennom tusen lange tunnelar. Vel ein 57, må ein ta to ferjer for å kome til nordsida av Sognefjorden (den andre ferja er Rutledal-Rysjedalsvika), og det har ingen tolmod til i dag – difor vel alle E39, der det berre er Lavik-Oppedal-ferja ein må ta.
Rett før ferjeleiet på Oppedal er det ein tunnel som heiter Skrikebergtunnelen. Han er på litt over ein kilometer, og er dermed ein av dei kortare tunnelane i det fjellrike området mellom Nordhordland og sørsida av Sognefjorden. Alle som har fare gjennom den tunnelen, har stussa over namnet. Tunnelen går i eit område med berre brattheng som stuper ned i fjorden, og det bur ikkje eit menneske i nærleiken. Kor kjem namnet Skrikeberget frå?
Vi har vår teori, som vi her presenterer til rungande latter og djup, intens underhaldning. Det er jo helg.
Tidlegare gjekk ferja frå Lavik til den vesle bygda Brekke vest for Oppedal. På byrjinga av 1960-talet bestemte Stortinget at ferja skulle byrje å gå til Oppedal i staden for, sidan overfarten var langt kortare. Etter at prosjektet hadde gått sin vanlege sigersgang gjennom byråkratiet, byrja skytebasar og maskinførarar å ete seg innover fjorden i det særs bratte og uvegsame terrenget. Inst inne i fjordarmen heiter det Instefjord, og i gamle dagar kunne ein køyre ein eksepsjonelt dårleg veg ut til Brekke, og det var i det krysset vegen over fjellet til Bergen gjekk og framleis går. Vegen mellom Oppedal og Instefjord stod ferdig på slutten av 1990-talet, og fekk Vakre vegars pris same året som han opna. Vegen ville neppe fått den prisen i dag, for å seie det slik.
Vegen kosta femten milliardar, for det kostar å byggje veg i Noreg. Det var derimot ikkje berre den prisen ein måtte betale for å få skikkeleg veg frå sørsida av Sognefjorden til fylkesgrensa. Arbeidet med å byggje vegen til Instefjord var so krevjande at der gjekk ein haug menneskeliv med i dragsoget. Ryktet ville ha det til at skytebasen var ein morsk, uvørden Lothepus-kopi som konstant gjekk på brakfylla. For kvar eksplosjon flaug det mannfolk og kroppsdelar om kvarandre i fjellheimen, og verst av alt var det under arbeidet med Skrikebergtunnelen. Folk skreik i redsel og søkte tilflukt kvar gong skytebasen, stinkande av øl og røyk, kom brølande og sjagande med fenghetter og dynamitt. Det var langt frå alltid han gadd å rope «varsku her!» før han sprengde. Sidan han var skytebas og uunnverleg for framdrifta til prosjektet, valde dei som bestemte å late han halde fram. Då den ti kilometer lange vegen stod ferdig, hadde eit hundretals arbeidarar rett og slett blitt sprengde i fillebitar.
Frå fyrste dag gjekk det tett trafikk langs vegen, og alle køyrde dei gjennom Skrikeberget. Allereie den fyrste månaden kunne folk rapportere om at der gjekk merkelege vesen inne i tunnelane, og det sjølv om det var strengt forbode for fotgjengarar å gå der! Politiet rykte ut frå Brekke ved fleire høve, men kunne konstatere at der ikkje var spor av verken føter eller gjengarar. Fleire augevitneskildringar hevda at desse skrømta vagt likna på vegarbeidarar i sine oransje kjeledressar og hjelmar, men at all menneskeleg likskap stoppa der. Til slutt var det ei skarp tunge i Sogn Avis som kalla dei for vegvesen, for dei var jo vesen som ferdast på vegar.
Dette, borna mine, er opphavet til ordet «vegvesen».
