ReMix News melder (mi omsetjing):
Viktor Orbán krev at Brüssel gjenkjenner den «openberre samanhengen mellom terroristhandlingar i Europa og migrasjon».
Politikarar i favør av uavgrensa masseimmigrasjon til Den europeiske union støttar utilsikta terrorisme, sa den ungarske statsministeren Viktor Orbán då han kom til det to dagar lange toppmøtet i Europarådet i Brüssel torsdag [26.oktober 2023].
Då han snakka med reporterar uttrykte Orbán håp om at Brüssel kom til å gjenkjenne den openberre samanhengen mellom terrorhandlingar i Europa og innvandring, og dermed innføre nye tiltak for å adressere den veksande tryggleikskrisa.
«Eg håper inderleg at fleire og fleire her i Brüssel vil sjå at der er ein veldig tydeleg samanheng mellom terrorhandlingar og migrasjon,» sa Orbán.
«Dei som støttar innvandring støttar òg terrorisme. Vi er mot terrorisme, og difor støttar vi ikkje innvandring,» la han til.
Den ungarske leiaren fordømte noverande EU-planar om å utvide blokka sitt fleirårlege finansielle rammeverk for å få meir pengar frå medlemsstatar å gje til EU sin politikk om kven og kor mange innvandrarar ein skal sleppe inn, og til Ukraina.
Han sa at ståstaden til Ungarn er klar: Dei ønskjer ikkje å gje pengar til innvandrarar, og dei ønskjer ikkje å gje pengar til Ukraina, bortsett frå dersom det kjem på plass eit særs grunding forslag.
«Å gje meir pengar vil ikkje fungere, vi vil avvise det,» sa han, og la til at dei noverande forslaga manglar tekniske og politiske argument.
Som respons på eit spørsmål om krigen i Ukraina, sa statsministeren at Ungarn har ein fredsplan og har som intensjon å halde alle kommunikasjonskanalar opne med Russland i håp om at den [fredsplanen] blir godteken.
«Ungarn er det einaste landet som står for fred i alle europearar si interesse,» sa han, og la til at administrasjonen hans har ein transparent og særs tydeleg fredsstrategi og ønskjer å gjere sitt beste for å oppnå fred – ein vesentleg del av den planen er å halde på kommunikasjonskanalar med Moskva, elles er der ingen sjanse for fred.
På spørsmål om den noverande konflikten mellom Hamas-styrte Gaza og Israel, bekrefta Orbán igjen at Ungarn støttar Israel.
«Ungarn står opp for Israels rett til å forsvare seg sjølv og å sikre at eit terroriståtak slik ein såg 7.oktober av den islamistiske terrororganisasjonen Hamas mot staten Israel aldri skjer igjen,» sa han, og gjentok behovet for å sikre at humanitær bistand når den råka regionen.
Både den ungarske og den europeiske posisjonen er at dersom anten Israel eller Egypt blir ustabile, kan der kome ei mellombels bølgje av migrasjon frå regionen til Europa. For å unngå dette må desse landa bli stabiliserte, sidan stabilitet i regionen er i interessa til europearar, la statsministeren vekt på.
