Er det noko «pandemien» har lært meg, so er det at arbeidsgjevar ikkje er din venn. Han skiftar kappa etter vinden på instruks frå sine overordna, og strammar inn på ytringsrommet etter kva han finn for godt. Dei som har meiningar som går imot rådande forteljing, skal fjernast. Arbeidsmiljølova blir sett til side og ignorert, og tillitsvalde ser ein annan veg, anten i byte mot visse fordelar eller i redsel for å hamne i unåde og bli offer for den same lagnaden. Tillitsvalde står heller og viftar med Pride-flagg omringa av mørkhuda «nye landsmenn», eller deltek i omfattande, fullstendig poenglause «omorganiseringar» i bedrifta. Å hjelpe betalande medlemmer i naud? Ikkje hald pusten medan du ventar på denne hjelpa, for tillitsvalde er på arbeidsgjevars side.
Berre gløym å leige advokat for å saksøkje arbeidsgjevar for usakleg oppseiing. Desse grådige beista eig ikkje magemål når det gjeld salær, og vil ribbe deg for både solvens og vit. Du endar opp fattig, galen og fordømt, og advokaten kan fylle kontoen sin med endå meir pengar før ho trippar vidare til neste desperate klient, gjerne i ein rettssal eller på eit psykiatrisk sjukehus. Systemet er uansett rigga. Oppseiinga kan vere like usakleg som ein einhjørning i brudekjole, men rettssystemet gjer seg alltid opp ei formeining om utfallet av rettssaka uavhengig av sjølv overveldande mengder bevis som viser det motsette. Vi er ikkje trygge på norske arbeidsplassar no i 2023, for stillingsvernet har lenge lege nede med broten rygg. Eller, for å seie det på den måten: stillingsvernet gjeld so lenge du har «rette» meiningar.
Etter mitt syn bør alle førebu seg på å plutseleg stå utan jobb. Dette kan skje med kven som helst, for vi veit aldri kva som kan vere «rette» meiningar den eine veka og «feil» meiningar den neste. Det spørst kva eliten pumpar ut av løgner og skremselspropaganda for å hjernevaske folket. Ikkje tru at ein person med høgare lønn og leiarstilling alltid er smartare enn deg – ofte er det motsette tilfellet, iallfall etter fleire tiår med New Public Management. Akkurat som i gamle Sovjet er lojalitet overfor Partiet langt viktigare enn intelligens og faktiske, dokumenterbare evner.
Kva er ei mogleg forklaring på at fleire nordmenn enn nokosinne står i matkø? Kvifor har NAV tredobla saksbehandlingstida si? Kvifor dannar folk bytesirklar der dei byter eigendelar mot mat? Er Noreg i ferd med å bli om til eit u-land, der fattigdom og svolt blir ein del av kvardagen, slik som var tilfellet før landet vart oljenasjon? Skyhøge straumutgifter og over eit dusin renteaukar har essensielt rævkøyrt privatøkonomien til særs mange nordmenn. Dei vender seg til NAV i desperasjon fordi dei sjølve og barna deira frys og svelt. Mange av dei er derimot so heldige at dei framleis har jobb – enn so lenge.
Eg sjølv hadde alltid rekna arbeidsplassen min som trygg. Eg hadde jobba hjå same arbeidsgjevar i 15 år. Hadde nokon i januar 2021 fortalt meg at eg kom til å ikkje berre misse jobben eit halvt år seinare, men òg få eit yrkesforbod i den kommunale helsesektoren i den kommunen, hadde eg sannsynlegvis lurt på om vedkomande hadde rømt frå ei psykiatrisk bueining. Og dersom nokon i januar 2020, eit år tidlegare, hadde fortalt meg at ein helsebyråkrat kom til å stengje ned landet 12.mars og rote vekk alle papir relatert til nedstengingsgrunnlaget, og at Solberg-regjeringa ville innføre 60 års hemmeleghald på nemnde grunnlag – vel, då hadde eg definitivt ringt naudetaten og fått vedkomande innlagt på psykiatrisk avdeling. Men likevel skjedde nettopp dette.
Det som skjedde med meg, kan òg skje med deg. Same om du har jobba 15 år hjå same arbeidsgjevar. Same om du har rettleiaransvar for lærlingar. Same om du er plasstillitsvalt. Same om dei fleste kollegaene likar deg, og målgruppa elskar deg. Same om du har eit godt namn og rykte og nyt stor respekt sjølv hjå dine overordna. Alt kan snu over natta, alt kan bli øydelagt av eit skeivt ord til ein ustabil leiar.
Alle kan plutseleg stå utan jobb – difor gjeld det å ha ein plan.
(Sjå òg trilogien min «Dersom alt går til helvete, har DU ein plan?», del 1 (publisert 24.desember 2022), del 2 (publisert 24.mars 2023) og del 3 (publisert 12.august 2023).)
Enkelte sjølverklærte ekspertar innan privatøkonomi tilrår ein buffer på sparekontoen på 20 000 kroner. Dette er etter mitt syn altfor lite. Folk bør ha minst 100 000 på sparekontoen i tilfelle det tek fleire månader å finne ny jobb eller inntekt. I tillegg bør ein unngå forbrukslån for ein kvar pris – Syden-turen er ikkje viktigare enn å ha råd til å betale avdrag på bustadlånet. Du treng verkeleg ikkje ein genser til tre tusen, ein Bruce Springsteen-konsert til 2500 per person, spa-helg på Geilo, manikyrbehandling, «romantisk heilaftan» eller ein «mirakel-vibrator» til 8000. Sjå på kredittkortgjelda òg. Kva skal du med streamingtenester til ei samla utgift på 1500 i månaden? Somme er av den oppfatninga at ein skal leve kvar dag som om den var den siste. Dette gjeld derimot ikkje økonomi – dersom du sløser pengar og lever i «nuet», kan du risikere at ein gjeven dag bokstavleg tala blir din siste. Enkelte reagerer faktisk med sjølvmord når namsmannen kjem og kastar deg ut av din eigen heim på grunn av misleghald av bustadlånet.
Dette er ikkje å vere gjerrig eller pessimistisk. Dette handlar om å overleve dersom katastrofen er eit faktum. For dei aller, aller fleste er det sett på som ei livskrise å misse jobben. Det var det for meg sjølv, iallfall. Verda slik eg kjende ho forsvann ved eit trylleslag, og alt det kjende og kjære vart om til einsemd og djup uvisse. Auga mine vart opna for realiteten: arbeidsgjevar er ikkje din venn, og det er iallfall ikkje kollegaene dine. Dei er fine oppi trynet på deg, men dei gjer det berre fordi de tilfeldigvis jobbar ilag. Og somme går bak ryggen på deg og konspirerer. Før du veit ordet av det, blir du kalla inn til drøftingsmøte – og din tillitsvalde er «tilfeldigvis» på ferie. Du står heilt åleine og ingen vil hjelpe deg, sjølv dei du trudde var dine allierte.
Eg har sidan 2021 levd i ein tilstand som må kunne kallast overlevingsmodus. Alle utgifter er kutta inn til beinet. Eg var klok nok til å leggje av pengar kvar månad og byggje opp ein buffer som er like solid som sjølve grunnfjellet. Då eg var kjærast med ein sjukepleiar på arbeidsplassen og stefar til den vesle ungen hennar, møtte eg eit sterkt press frå hennar side om å bruke so mykje pengar som mogleg på dei. Den sparsamelege åtferda mi minte ho sterkt om hennar eigen far, som ho såg ut til å avsky. Ho ville ikkje at ungen hennar skulle vekse opp med «gjerrige og kjipe» foreldre – barnet skulle få alt det peikte på. Ho ville heller skjemme ungen sin bort enn å framstå som småleg. Eg møtte faren hennar ved fleire høve då vi var på besøk heime hjå dei i ei vakker bygd halvannan time med bil og ein ferjetur unna byen. Vi fann tonen saman, og eg hjelpte han mellom anna med å skifte bremseskiver og Tectyl-behandle understellet på bilen til dottera hans. Faktum var at mannen jobba ræva av seg i alle år for å nedbetale bustadlånet – han fekk knapt sove om natta på grunn av denne gjelda. Han og kona sit no med eit hus på fire etasjar, garasje og ein stor eigedom – og alt dette har vore nedbetalt sidan tidleg 2000-tal. Mora hennar bladde våren 2019 opp hundre tusen slik at dottera kunne kjøpe seg ny bil. Dette hadde dei ikkje kunne gjort dersom dei hadde hatt eit dyrt bustadlån å betale på. Er dette «småleg»?
Hadde eg gjort som kjærasten min aggressivt «befalte» og aldri lagt av pengar av lønna mi, hadde eg vore fortapt. Då hadde eg måtte leve eit usselt tilvære som sosialklient – eller teke livet av meg fordi eg ikkje orka eit liv i fattigdom. Forholdet rauk til slutt, men ser ein på stoda mi i dag, var dette den minste prisen å betale. I dag har ho funne seg ein ny mann og har fått eit barn til. Eg møtte ho nyleg på eit kjøpesenter i bydelen. Ho vart tomatraud i ansiktet, såg ut som ho skulle eksplodere, og snudde på hælen og spurta vekk frå meg.
Sanninga er at mange nordmenn ikkje har oppsparte midlar i det heile. Og dei trur i si villfaring at dei har ein sikker jobb. Ingenting er sikkert i våre dagar. Ei slik haldning meiner eg er fullstendig uforsvarleg. Eg trong i 2019 ikkje å gå lenger enn til eks-mannen til eks-kjærasten. Han tente nærare ein million i året. Dei budde i eit lekkert toetasjars-hus i eit «rikmannsstrøk». Dei hadde fått ein unge i lag. Han la aldri av pengar kvar månad, men nærast strødde om seg med pengar – dei hadde eit skyhøgt bustadlån, eit latterleg høgt billån, ein båt og ymse dyre medlemsskap. Dei to levde langt over evne, for dei rekna seg sjølve som del av den eliten dei var omringa av i nabolaget. Ho gjekk kledd i dei dyraste klesplagg og glitrande smykke, ringar, armband og øyredobbar. So miste han plutseleg jobben etter at han vart lurt av ein langt yngre kollega. Han inngjekk sluttavtale og fekk ein solid sluttpakke. Han følte seg ikkje motivert til å søkje nye jobbar, men brukte i staden pengar som om han framleis hadde jobb. Kona hans tok ut separasjon og vart i lag med meg i januar 2019 – enkelte på jobben vår tolka dette som utruskap. Eks-mannen hadde ikkje råd til å bli sitjande med huset. Banken hans tok ein titt på pengebruken hans, som i deira auge framstod som direkte uansvarleg. Enden på visa var at faren hans måtte selje ein eigedom for å hoste opp nok eigenkapital til at banken lét den arbeidsledige sløsaren behalde huset. Han fekk seg ny jobb til slutt, etter vesentleg støtte (og ein god del press) frå eks-kona og familien. Ikkje alle har slikt eit fabelaktig støtteapparat rundt seg – mange i hans situasjon ville diverre ha gått til grunne.
Aldri tru at du er trygg når det gjeld arbeid. Spar pengar når du kan. Invester pengane i eigedom og transportmiddel, i tillegg til eit beredskapslager med hermetikk, tørrvarer og andre langtidshaldbare matvarer. Resten av pengane står trygt på konto – fiat-økonomien kjem ikkje til å kollapse i morgon eller neste månad. Allier deg med likesinna og dann nettverk – dersom du kan. Prøv iallfall etter beste evne.
Dersom du alltid planlegg som om det verst tenkjelege skal skje, vil du i dei fleste tilfelle bli positivt overraska. Du vil iallfall aldri bli skuffa.

[…] òg «Alle bør førebu seg på å plutseleg misse jobben», publisert 1.november 2023, og «Kva gjer du om du plutseleg står der utan jobb?», publisert […]
LikarLikar