Boris Johnson: «Covid var naturen sin metode for å bli kvitt gamlingar»

Den tidlegare britiske statsministeren Boris Johnson såg på covid som «naturens måte å ta seg av gamlingar på», underforstått å ta livet av dei, og var sjukeleg oppteken av ideen om at dei eldre aksepterte lagnaden sin under «pandemien». Dette er ifølgje dagboknotat frå sir Patrick Vallance, den toppvitskaplege rådgjevaren i Storbritannia under covid-plandemien. Dette er det InfoWars som rapporterer. Nettstaden, som er eigd av Alex Jones, skriv (mi omsetjing):

«Dagboknotat frå sir Patrick Vallance, som var Storbritannias toppvitskaplege rådgjevar under covid-plandemien, vart lagt fram som bevis på tysdag [31.oktober 2023] som del av ei uavhengig covid-19-etterforsking rundt korleis regjeringa handterte pandemien.

I ei av oppføringane frå august 2020 hevda Vallance at Johnson var ‘sjukeleg oppteken av at eldre aksepterte lagnaden sin og lét dei unge halde fram livet sitt og økonomien gå vidare. Temmeleg forskrudde sett av utvekslingar.’

Ei dagbokoppføring frå desember 2020 påstod at Johnson trudde at det at gamle døydde berre var ein naturleg konsekvens av covid-19.

‘PM [statsministeren; oms.an.] fortalde at han handla tidleg og at folket er med han (men partiet hans er det ikkje). Han seier at partiet hans ‘meiner heile greia er patetisk og at covid berre er naturens måte å ta seg av gamlingar – og eg er ikkje heilt sikker på om eg er ueinig med dei. Mange moderate trur det er i meste laget’. Han uttrykte eit ønskte om å vere avhengig av folkeopinionen.’

Anna fordømmande bevismateriale inkluderer handskrivne notat som Johnsons private sekretær for offentlege tenester Imran Shafi tok vare på, som hevdar at statsministeren stilte spørsmålet ‘Kvifor øydelegg vi økonomien for [å redde] folk som likevel snart kjem til å døy?’

Vallance kritiserte Johnson ei anna dagbokoppføring der han påstod han tilfredsstilte motstandarar av nedstenging på høgresida; ‘Den høgrevridne pressa har skuld og vi har ein svak, vinglete statsminister’.

Bevismaterialet vart avslørt under vitnesbyrdet til kommunikasjonsredaktøren til Johnson, Lee Cain, som sat i embetet fram til november 2020.

Hugs at i mars 2023 lak det ut ein bråte WhatsApp-meldingar som avslørte at den vanæra helsesekretæren Matt Hancock [kalla «Midazolam-Matt» av enkelte; oms.komm.] fortalde sine hjelparar at han ønskte å ‘skremme buksevatn på alle’ for å sikre at alle lydde covid-19-restriksjonane.

Simon Case, noverande leiar av civil service [den britiske statsforvaltinga; oms.an.], sa òg til Hancock at folket måtte bli bedne om å isolere seg av ‘lokalfigurar som dei stolte på, ikkje nasjonale figurar dei ikkje stolte på, slik som statsministeren’, altso Johnson.

Dei oppsiktsvekkjande kommentarane til Johnson i tillegg til dei lekne WhatsApp-meldingane lagar eit vindauge inn i forakta globalistane har for menneska som dei liksom skal beskytte, i maktas namn.

Mest merkverdig viser data frå UK Health Security Agency at den vaksinerte befolkninga i Storbritannia utgjorde nesten 75% av påståtte covid-19-dødsfall

Den britiske legen Vernon Coleman meiner at covid-«pandemien» vart brukt som påskot for å avlive eldre, som eliten meiner er ei økonomisk bør for samfunnet. Den sokalla behandlingsprotokollen for covid-19 i Storbritannia var bruk av respirator, Remdesivir og sjenerøse mengder morfin og midazolam. Dette er ikkje behandling, dette er regelrett avliving. Ingen lege med vit og forstand ville ha iverksett denne protokollen med mindre der var til stade enormt press og enorme økonomiske incentiv, slik vi veit skjedde i USA, der sjukehusa fekk utbetalt store føderale beløp ved positiv covid-diagnose (gjort med den notorisk ubrukelege PCR-testen), «behandlingsprotokollen», og «covid-dødsfall». Føremålet med dette var å blåse opp tala smitta og døde av covid for å generere illusjonen av ein dødeleg pandemi – dette vart naturlegvis gjort for å rettferdiggjere strenge tiltak og press for at folk skulle ta mRNA-«vaksinane».

Morfin og midazolam blir òg brukt i Noreg i sjenerøse mengder på norske sjukeheimar, ofte som fyrsteval av sjukepleiarar ved minste teikn på uro, ubehag og smerter hjå pasientar og bebuarar. Morfin og midazolam vart vanlegvis berre brukt i lindrande behandling hjå døyande. Dette overforbruket av morfin og midazolam meiner eg er ein tendens som har oppstått under den påståtte «pandemien», og som heng igjen lenge etter at pandemien offisielt er over. Tidlegare handla det om å prøve miljøtiltak (slik som mobilisering, skifte av stilling eller sitje/liggje-underlag) og velje minste effektive smertelindring (til dømes eittgrams-Paracet eller Tramadol (B-preparat)). Dette brukte å innebere at vi, helsefagarbeidarane, sjukepleiarane og legane, i fellesskap fann fram til kva som fungerte for kvar individuelle bebuar, i staden for no, der sjukepleiarane nærast får blankofullmakt frå lege til å administrere A-preparat der langt mindre drastiske tiltak hadde fungert. Den noverande stoda i helsesektoren uroar meg sterkt. Det kan sjå ut som om der er ein agenda for å alive flest mogleg eldre, primært dei som er innlagt på sjukeheimar. Dette får Boris Johnson sine ord til å lyde desto meir forferdelege i mine øyre.

4 comments

  1. At globalister som BoJo eller tilsvarende norske NWO-representanter tenker sånn og, når de tror ingen får det med seg, snakker sånn, det forbauser meg ikke det minste, men at så mange leger og sykepleiere setter det ut i praksis er rystende, og får meg til å vurdere det som helt og fullstendig uaktuelt å ende mine siste dager på et norsk såkalt omsorgssenter;
    at denne formen for hemmelig, aktiv dødshjelp er praksis også i norsk såkalt helsesektor er greit å vite, takk for tipset. Og det verste er at når jeg tar i betraktning norsk «koronahåndtering» så forbauser det meg heller ikke at å sende gamle på institusjon er som å sende dem til Auschwitz, dessverre. Helsevesenet fortjener ikke tillit. For leger og sykepleiere som har respekt for oppgaven må dette være tøft å takle, helt forferdelig, egentlig. En ny orientering mot naturmedisin som yrke er hva jeg ville gjort i deres situasjon. Ingen ved sine fulle fem stoler lengre på skolemedisinere og deres produkter. Kirurgi, okay, de er dyktige håndverkere på verkstedet, å få fikset et beinbrudd eller fjernet en svulst, greit, men ellers er legestanden en skammelig sort, nesten alle; det har de siste årene vist.

    Likt av 1 person

    • Sjukeheimar og omsorgssenter har etter mitt syn blitt nokon av dei farlegaste stadene ein eldre, skrøpeleg, sjuk person kan opphalde seg. På overflata ser alt so idyllisk ut, men det er takka vere skamlaus propaganda frå administrasjonen. Berre sjekk ut til dømes Facebook-sidene til ein gjeven sjukeheim. Der står smilande personale saman med like smilande bebuarar – men du kan vedde på at smila forsvinn so fort «fotoseansen» er over. Då er det rett tilbake på rommet for å liggje i sitt eige piss utan å få hjelp fordi personalet er «oppteke». Sjukepleiarar er knapt med bebuarar og pasientar i det heile, dei sit og skravlar inne på vaktrommet. «Dokumentering og rapportering » kallar dei det. Når so ein bebuar uunngåeleg døyr fordi det resterande personalet som faktisk gjer jobben sin, ikkje maktar å vere tre stader på ein gong – då trekkjer sjukepleiarane på skuldrene. «Det var då bra ho fekk sleppe,» seier dei, endå dei sjølve gav bebuaren dobbel døgndose av morfin og midazolam og dermed var direkte skuld i det plutselege dødsfallet. Sjukepleiarar har rett og slett bestemt seg for å leike gud, og sjølv bestemme kven som skal få døy når «tida er inne». Dei kallar det «eutanasi». Eg kallar det mord.

      Er dette dumskap eller vondskap? Eg har vanskar for å tru at sjukepleiarar er so dumme. Då gjenstår berre vondskapen igjen, diverre.

      Likar

      • Bare en innskytelse i det du nevner eutanasi: Leste forleden at hele 4% av alle dødsfall i Canada nå skyldes MAIDS (Medical Assistance In Dying), men jeg vet ikke om jeg klarer å finne tilbake kilden på stående fot. Uansett grobunn for grubling.

        Selv har jeg alltid tenkt at det å få bestemme sin egen utgang burde være en menneskerett, og slik sett støttet «aktiv dødshjelp».

        Nå frykter jeg imidlertid at en oppmykning rundt dette kan være første steg på vei til å innføre «dødsplikt» (på stadig tynnere grunnlag), og i slikt perspektiv blir utsikten brått langt mørkere.

        Likt av 1 person

      • StormFrog, du har heilt rett i at vi kan vere på veg frå «dødsrett» til «dødsplikt». Problemet med eutanasi er fyrst og fremst at det er ulovleg i Noreg, og ei oppmjuking av lovverket er rett og slett for lett å utnytte. Spesielt hjå sjukeheimsbebuarar som ikkje har samtykkekompetanse på grunn av demenssjukdom. Covid-situasjonen ser ut til å ha villeia sjukepleiarar til å tru at dei kan bestemme når «tida er inne» for ein bebuar. I Canada er eutanasi lovleg, men Trudeau-regimet har utvatna kriteria for når nokon bør få lov til å døy. Psykiske lidingar har brått blitt god nok grunn til å få hjelp til å avslutte livet. Dette er i mine auge særs urovekkjande.

        Likar

Kommenter innlegget