Professor som pressa på for medisinsk tyranni under «pandemien» tryglar no om tilgjeving

Det kan sjå ut som om stadig fleire tidlegare forkjemparar for nedstenging og mRNA-injeksjonar no innser at dei er på feil side av historia, og dermed prøver å redde sine eigne skinn før dei blir lynsja av indignerte medborgarar. Medan vi enno har til gode å sjå slike innrømmingar i Noreg, so skjer dei i det store utland. Sist ut er Scott Galloway, professor ved Universitetet i New York. Han har no gjort ei heilomvending og tryglar om tilgjeving. Natural News skriv (mi omsetjing):

«Scott Galloway, professor ved New York University (NYU) sin Stern School of Business, kom med denne tilståinga under ein paneldebatt 27.oktober [2023] på HBO-programmet Real Time with Bill Maher. Professoren innrømte at han tok ‘feil’ då han var forkjempar for forlenga nedstengingspolitikk.

‘Eg sat i styret på skulen barna mine gjekk på under covid-19. Eg ønskte ein strengare nedstengingspolitikk,’ sa Galloway til Maher. ‘Når eg ser tilbake, tok eg feil. Skaden på barna [forårsaka av] å halde dei vekke frå skulen var større enn risikoen.’

‘Men her er sluttpoenget – vi alle opererte utifrå ufullstendig informasjon, og vi gjorde so godt vi kunne. Lat oss lære av det; lat oss halde kvarandre ansvarlege. [Men] lat oss ta litt verdigheit og tilgjeving inn i møkkashowet som var covid-19.’

Føreseieleg nok fall orsakinga til Galloway på steingrunn blant mange brukarar på sosiale media. Enkelte av dei gjekk på X (tidlegare Twitter) for å ytre kor misnøgde dei var, og skreiv at hans definisjon av ‘å gjere so godt vi kunne’ innebar å skjemme ut, latterleggjere og utstøyte alle som avveik frå det offisielle narrativet om at nedstengingar og covid-19-vaksinar redda liv.

‘Nei, vi må aldri gløyme det – det speler inga rolle at de no seier at de ‘gjorde so godt de kunne’. De lét frykt overmanne dykk, og de belærte alle med frykta dykkar. Enkelte av oss prøvde å fortelje dykk det, og de gjorde narr av oss,’ skreiv @AgentRaster.

I mellomtida pakka ikkje @callme_Chari det inn i sitt innlegg, der ho skreiv: ‘Inga tilgjeving. Mange sa til dykk igjen og igjen at de tok feil. Men vi vart kasta vekk [og] stilna.’

‘Vi vart fortalt at ‘ekspertane’ visste betre, og vi alle veit at de ikkje har lært noko som helst frå noko av dette. Dersom det heile skulle skje igjen, ville fleirtalet av ‘covidianarane’ gjere dei same tinga på nytt. De burde ikkje bli tilgjevne, de burde bli haldne ansvarlege.’

Tilfeldigvis var ikkje Galloway den fyrste som bad om tilgjeving for medisinsk tyranni under covid-19-pandemien. For nøyaktig eit år sidan bad Brown University-professor Emily Oster om pandemi-amnesti i ein artikkel frå oktober 2022 for tidsskriftet Atlantic.

(Sjå òg «The Atlantic føreslår at ‘covid-nektarar’ tilgjev og gløymer etter å ha blitt loge til i tre år», publisert 3.november 2022, og «Ingen amnesti: Covid-tilgjeving kjem ETTER tyrannane har blitt rettferdig dømde og godt statsstyre har blitt gjenoppretta», publisert 10.november 2022.)

I meiningsartikkelen føreslo ho ei ‘våpenkvile’ i form av å leggje vekk alle dei redselsfulle pandemi-avgjerdene. Oster oppmoda òg folk om å tilgje og gløyme alle covid-19-folkehelsepåboda – slik som nedstengingar, skulestengingar og munnbindpåbod – og deira resulterande skade på liva til folk. Dette, heldt ho fram, var på grunn av at folk ‘var i uvisse når det gjaldt covid-19’.

‘Lat oss erkjenne at vi tok kompliserte avgjerder då vi stod overfor djup uvisse, og lat oss so prøve å samarbeide for å byggje opp igjen og gå vidare.’

Akkurat som Galloway som bad om tilgjeving og verdigheit, vart ikkje Oster sitt forslag om pandemisk våpenkvile teke godt opp av mange. John Nolte i Breitbart slutta seg til koret av opposisjon, der han kom med poenga sine i ein artikkel frå november 2022.

‘Det kjem ikkje til å skje, nokosinne,’ byrja han. ‘Fyrst må der kome ei innrømming av at ein har gjort noko gale, ei orsaking, ansvarleggjering og anger. Vi ser ikkje eingong noko som liknar det frå våre covid-undertrykkjarar; i staden er alt vi ser løgner og gaslighting.’[…]

‘Der vil ikkje bli noko amnesti før der skjer ansvarleggjering av dei villmennene som tvinga våre kjære til å døy åleine. Mest av alt vil der ikkje bli straffefridom fordi de ikkje angrar. Dersom de får høvet, vil de gjere alt saman om igjen.’»

2 comments

  1. Hvis et oppgjør og en straff ikke skjer kan vi som holdt stand praktisere det ikke-voldelige ved å utestenge mobberne slik de utestengte og mobbet oss; frys ut på denne måten: «nei, du er ikke velkommen i mitt hus, og i hvert fall ikke i min bil; vil ikke ha din shedding nær meg, hold minst to meters avstand, gå vekk.» Shedding er en helt reell fare, så det er i vårt tilfelle en ikke urimelig eller uvitenskapelig forsiktighetsregel. Disse har for øvrig i sin toskeskap straffet seg selv antagelig med flest mulig «oppfriskningsdoser» så regningen ligger allerede i posten, kan man si.

    Likt av 1 person

    • Dette var eit godt forslag, e. Eg trur sivil ulydigheit og ikkje-valdelege demonstrasjonar er einaste måten å opne auga på folk. Og naturlegvis pepre ymse kommunale administrasjonar rundt om i landet med brev der vi opplyser om stoda. Spesielt den sokalla Pandemitraktaten som WHO og «vår» helseminister prøver å trumfe gjennom i all hemmelegheit. Er embetspersonar opplyst om situasjonen, kan dei i ettertid ikkje hevde at dei ikkje visste. Ved å ikkje handle vil dei gjere seg sjølve medskuldige.

      Likar

Kommenter innlegget