Ingen amnesti: Covid-tilgjeving kjem ETTER tyrannane har blitt rettferdig dømde og godt statsstyre har blitt gjenoppretta

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

For å so mykje som byrje prosessen med å offisielt setje sluttstrek for Wuhan koronavirus (Covid-19)-marerittet som øydela millionar av liv over fleire år, må dei ansvarlege for desse brotsverka mot menneskeheita bli straffa.

Det er ikkje nok å seie beklager og gå vidare, slik somme, inkludert Emily Oster i The Atlantic no seier. Det som må skje no, er at Oster og resten av hennar likesinna får straff for det dei gjorde, akkurat som andre kriminelle blir tekne til retten og straffeforfølgde for brotsverka sine.

Dette er ikkje noko vi berre kan tilgje og gløyme vekk, trass Oster sine bønner om at verda berre vender det andre kinnet til. Der må finne stad rettferd, og den må vere rask og følgje ordlyden i lova til punkt og prikke for kvart einaste tilfelle.

Oster og andre vil ha oss til å tru at dei alle berre gjorde ein uskuldig feil og var forvirra – at det heile berre var ei gedigen misforståing. Munnbindpåbod som kvelte barn dagen lang; «vaksine»-påbod som kosta folk jobbane sine – desse tinga var berre eit lite oi sann som no burde bli gløymt, blir vi fortalt.

Der kan ikkje vere NOKO amnesti for dei covid-kriminelle

Om vi rett og slett berre lèt desse alvorlege brotsverka mot menneskeheita gå i gløymeboka utan å følgje noka form for rettferd, vil desse covid-kriminelle berre gjere det heile om igjen i framtida etter å ha kokt i hop sin neste plan.

Dersom vi mislykkast i å levere dei passande gjengjeldingane til monstera som øydela liva våre, familiane våre og barna våre, vil desse same monstera rett og slett få blod på tann til å finne på fleire autoritære stunt i åra som kjem.

«Emily Oster vil at vi skal tilgje kvarandre, men det er ikkje hat som dei gav oss,» skriv Lew Rockwell. «Om det hadde vore tilfelle, kunne det hatet ha blitt tilgjeve. Dersom dei hata oss fordi dei ikkje visste betre – og dei no ikkje hatar oss lenger fordi dei veit betre – vel, det kunne vi alltids tilgje.»

«Derimot er forakt ikkje noko som kan bli ‘tilgjeve’ av dei tidlegare forakta. Forakta deira for oss har ingenting med oss å gjere, og det er ikkje vårt problem. Forakta deira for oss burde bli eliminert – ikkje av ‘tilgjevinga’ vår som er irrelevant – men av deira eiga interne endring, deira eigne avgjerder, individuelt, at vi i det minste er deira likeverdige, og godt mogleg, i tilfellet rundt covid-politikk-fiaskoen, døme som dei kunne og burde ha følgt, heller enn fordømt.»

Dersom Oster og andre som ho verkeleg meiner alvor med kjenslene sine, burde dei dermed vere viljuge til å bli haldne ansvarlege for det dei gjorde med ingen amnesti. Her er ein komprimert versjon av 12-stegsplanen som Rockwell føreslår:

Covid-tyrannane må innrømme at dei vart offer for falske bodskap frå regjeringa og gje liva sine over til «ei kraft større enn seg sjølve» som er i stand til å gjenopprette fornufta deira. So må dei ta ei fullstendig, moralsk inventaroversikt over seg sjølve for å finne ut korleis og kvifor dei vart leia til å tru det dei gjorde og pushe tyranni på massane.

So må dei audmjukt angre framfor Gud medan dei lagar ei komplett liste over kvar person dei skadde for å «skvære opp med dei alle». Dette må deretter bli følgt opp med ein livsstil som involverer konstant sjelsøking, so vel som bønner og audmjuk førespurnad om råd frå Gud om korleis dei aldri igjen skal påføre slik ein skade på andre menneske.

«So langt har ingenting av dette blitt adressert,» seier Rockwell.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s