Verre enn sløydlæraren med protesepuppar? Frisk mann lever eit liv i rullestol, og fortel media at han faktisk er ei dame som er lamma frå livet og ned

Av Jonathon Van Maren, LifeSiteNews. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Då transkjønnsideologi byrja å gå hovudstraums byrja mange kommentatorar å stille rimelege spørsmål. Dersom ein mann kunne bli ei dame og ei dame kunne bli ein mann rett og slett ved å hevde det – ved å sjølvidentifisere seg som det dei følte at dei var eller kva dei ønskte å vere – korleis kunne ikkje dette òg bli brukt i ein vidare kontekst? Kunne nokon, til dømes, velje å identifisere seg som svart når dei faktisk var kvite? Kunne dei vere «trans-art» og erklære at dei faktisk var noko anna enn menneske? Kor langt ville samfunnet måtte gå i å universelt bekrefte den snåle sjølvrealiseringsøvinga av dei med vrangførestillingar?

Desse spørsmåla vart avfeia som dumme og – verre – respektlause overfor dei legitime vanskane og erfaringane til transpersonar. Trass dei som peikte på at dersom dei biologiske grensene til kjønn kunne kryssast med vilje åleine, var der ingen grunn til å gå utifrå at andre kategoriar ein gong kunne bevarast når fyrst spørsmålet om kven vi er er eit spørsmål om korleis vi føler oss – og elitane omfamna ideen om at binært var dårleg. Eit og anna urovekkjande døme på korleis desse premissa kunne anvendast i andre situasjonar – som i tilfellet Rachel Dolezal, den kvite dama som identifiserte seg som svart i årevis – vart avfeia som forskrudde tullingar.

Men det, som dei seier, var då, og dette er no. Premissa til kjønnsideologi har blitt tiltekne, og det blir sakte, men sikkert vanlegare for folk å identifisere seg som ulike rasar, som dyr, romvesen eller oppdikta skapningar. Og den sokalla «transable»-rørsla byrjar å vekkje merksemd. Denne rørsla består av folk som føler seg handikappa [engelsk disabled], men som faktisk er fysisk friske. Mange av dei ønskjer å få ein kroppsdel fjerna eller bli lemlesta på eit vis, slik at utsjånaden og evnene deira vil matche korleis dei følger seg; eit medisinsk samfunn som har omfamna praksisen rundt å kappe av penisar og operere vekk friske bryst på kjønnsdysforiske.

Eit nyleg døme som gjekk viralt på dette var eit intervju på God morgon Norge 28.oktober med ein 53 år gammal nordmann ved namn Jørund Viktoria Alme, som no identifiserer seg som ei handikappa kvinne fordi, som han fortalde intervjuaren, har han alltid ønskt at han var fødd som ein kvinne som var lamma frå livet og ned. Alme, som jobbar som ein senior-kredittanalytikar i Oslo, erklærte fyrst at han var «transabled» i 2020, og har motteke føreseieleg sympatisk dekning frå hovudstraumsmedia medan han blir hudfletta på sosiale media. Han har stundom gjeve intervju saman med kona Agnes, som ikkje har gått i detalj om kjenslene sine knytt til ektemannen sin kategori, som antakeleg har gjort ho om til ei lesbe.

Alme si historie er verkeleg den typen ting som, dersom ideen vart lufta for ein Hollywood-produsent, truleg ville ha blitt avvist som for søkt. Han er tvers gjennom frisk, men sit i rullestol «nesten heile tida». Identifiseringa hans, seier han, er ein kombinasjon av kjønnsdysforien hans (som får han til å påstå at han er ei kvinne) og kroppsintegritetsliding, som får han til å sjå på seg sjølv som handikappa. Alme si eiga skildring av tilstanden sin erkjenner sopass: «Det er kognitiv dissonans: på same måten som eg opplever å vere ei kvinne i ein mannskropp, opplever eg at eg burde ha vore lamma frå livet og ned. Dette er ikkje ønsket om å vere ei bør for samfunnet. Det handlar om at rullestolen er eit hjelpemiddel for meg å fungere i kvardagslivet, både privat og på jobb.»

Forståeleg nok har menneske med ekte handikapp ikkje akkurat uttrykt glede over Alme og intervjua hans med media, der eit tal ekte kvinner med ekte handikapp har sagt at han er ein «person med fungerande bein som vel å sitje i rullestol» og at dette narrespelet var ei endelaus fornærming mot handikapp-samfunnet. TV-stasjonen som hadde intervjuet prøvde å forsvare seg sjølve ved å seie at Alme (som dei lydig refererte til med kvinnelege pronomen) hadde ei «djup kjensle av at visse kroppsdelar eller kroppsfunksjonar kjendest framande ut», men at jakta deira på «uavhengige profesjonelle for å forklare kva kroppsintegritetsliding er […] so langt [hadde] vore mislykka». Alme svarte ved å seie at det å gå ut offentleg med sine vrangførestillingar har som føremål å forenkle «mangfald og inkludering». Men som Reduxx sette søkjelys på i si eiga dekning av saka, har Alme si framføring eit underleg aspekt knytt til seg:

«I september tilstod Alme til iNyheter [den nye nettavisa til Helge Lurås; oms.an.] at identiteten hans som ei handikappa kvinne hadde seksuelle motiv. […]

‘Eg jakta ofte etter nydelege sko som eg kjøpte til Agnes. Ein gong fann eg eit skopar til ho. Då oppdaga eg at dei hadde eit par sko i ein stor storleik. So eg kjøpte dei òg. Der var mykje spenning i å kjøpe eit par sko med høge hælar,’ fortalde Alme. Etter at Alme byrja å bestille damesko på nettet, lurte Agnes på om han hadde gått med kjolane hennar utan at ho visste det. Då han fortalde ho det, reagerte ho med sjokk, som seinare vart om til frustrasjon.

‘Då eg høyrde det, vart eg sjokkert. Og sint – som i grunnen tydar at eg var skremd. Eg følte at han hadde øydelagt alt vi hadde saman og at eg måtte gå ifrå han,’ sa Agnes. Likevel, trass raseriet til kona, byrja Alme å kle seg ut som kvinne heime, ein situasjon som ‘vart ei belastning’ for ho, ettersom ho kjempa med ein nyleg kreftdiagnose [!]. Agnes hadde vore open rundt vanskane sine for å akseptere fetisjåtferda til ektemannen, og har sagt at ho fyrst ‘prøvde å forlate’ han to gonger ‘i fortviling og sorg’.»

No aksepterer Agnes ektemannen sin nye identitet, sjølv om ho er tydeleg ukomfortabel med den. Mange kvinner som står overfor liknande situasjonar har ikkje vore i stand til å gjere det – der har vore ei oppblomstring i publiseringa av memoarane til «trans-enkjer» nyleg, sidan sjølvrealiseringsreiser dreg folk vekk frå ektemakane og familien.

Mange reagerer på denne historia ved å påstå at dei som trekkjer merksemd til den, i røynda berre set fokus på merkelege tilfelle for å sverte transkjønnsrørsla som eit heile. Sanninga er at Alme blir intervjua av hovudstraumsmedie-formidlarar som fullstendig aksepterer alle påstandane hans, og som slettar kommentarar i sosiale media frå dei som ikkje er det. Når du fyrst kjøper ideen om at ein mann kan bli ei kvinne, har du akseptert at identitet ikkje lenger treng å korrespondere med biologisk realitet. Ein frisk mann som identifiserer seg som ei kvinne lamma frå livet og ned er berre byrjinga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s