Spanske vitskapsfolk finn grafénoksid og nanoteknologi i Covid-19-injeksjonar

Av Mary Villareal, Natural News. Omsett av saksyndig.

Vitskapsfolk i Spania har funne grafénoksid og nanoteknologi i Wuhan koronavirus (Covid-19)-injeksjonar.

Ifølgje vitskapsfolk kan grafénoksid bli oppdaga i immunforsvaret som om det var eit patogen. Når det fyrst blir injisert har det ein forkjærleik for sentralnervesystemet, som kan potensielt forårsake lamming, slag og endring av nervesystemet. Dei forklarte at grafénoksid òg har potensialet til å forårsake blodproppar, som forklarer kvifor Covid-19-injeksjonar aukar risikoen får at menneske lid av trombose med trombocytopeni.

Nanoteknologi kan på den andre sida hjelpe til med å kontrollere atoma i kroppen.

Talrike andre ekspertar rundt om i verda publiserte òg sine eigne funn der dei visstnok oppdaga både grafénoksid og nanotaknologi i Covid-19-injeksjonane.

Merkeleg nok viser komponentane i Pfizer og Moderna sine Covid-19-injeksjonar ingen evidens på biologisk materiale, inkludert mRNA eller DNA. Dette er ifølgje dr. Daniel Nagase, ein kanadisk akuttmottakslege som undersøkte elektronmikroskop-bilete av materiala som var inkluderte i Pfizer- og Moderna-injeksjonane.

Desse prøvane vart undersøkte av dr. Nagase sitt forskingsteam under eit standardmikroskop. Medlemmer av Nagase sitt team gjorde eit tal høgt interessante observasjonar, sjølv om dei var usikre på kva dei eigentleg såg.

Seinare brukte dei eit elektronmikroskop til å identifisere komponentane til «vaksinane» og fann ein «ball med føtene veksande ut av den» i ein Moderna-prøve.

«Denne forma, denne ballen med føtene som veks ut av den, har av ein eller annan grunn aluminium i seg,» sa Nagase. «Og eg kan seie med visse at det ikkje er ei muggspore eller ei form for biologisk kontaminasjon, fordi det einaste som er i den er karbon, oksygen og ingen teikn på nitrogen, ingen teikn på fosfor, som ville indikere noko med biologisk opphav. So, den tingen som veks er ikkje-biologisk.»

Andre vaksinar med mikroteknologi

I Storbritannia oppdaga vitskapsfolk at grafén-nanomateriale var i stand til å penetrere kroppens naturlege barrierar, inkludert blod-hjernebarrieren, som kan skade sentralnervesystemet og indre organ. Det kan òg øydeleggje blodhelsa, utløyse kreft og til og med forårsake permanent skade på genfunksjonen.

Martin Monteverde, ein argentinsk lege, presenterte analysar frå Corona2Inspect-forskarar rundt mikroteknologien som vart funnen i vaksinar produsert av Cansino, Pfizer, AstraZeneca, Sinopharm og Sputnik.

Patricia Aprea, direktør for evaluering og kontroll ved Den nasjonale administrasjonen for legemiddel, matvarer og medisinsk utstyr (ANMAT), innrømte òg utilsikta at AstraZeneca-vaksinar inneheld grafén under ei rettssak om post-Covid-injeksjonsdødsfall.

ANMAT trekte seinare tilbake innrømminga si, og sa at rapporten har ein skrivefeil. Dei påstod at då rapporten sa «grafén er funne inni komponentane», var det meint å seie at det ikkje var funne i komponentane. Men ANMAT greidde ikkje å forklare kvifor dei følgde opp det dei sa med at grafén måtte bli notert som ein komponent i vaksinane på merkelappar og småblad som følgde med injeksjonane.

Vitskapsfolk i New Zealand bekrefta òg at nanoteknologi har blitt funne i Pfizers Comirnaty-vaksinar.

Dr. Matt Shelton frå New Zealand Doctors Speaking Out With Science (NZDSOS) stod fram for å offentleggjere oppdaginga si av danningar av nanopartiklar funne av vitskapsfolk som brukte spesialiserte mikroskopiske teknikkar. Ingen av ekspertane som har blitt konsulert før hadde nokosinne sett noko liknande, og ingen av desse kontaminantane har blitt lista opp som godkjende vaksinar.

Endeleg, i eit sett av blodprøveglas tekne frå både vaksinerte og uvaksinerte personar, demonstrerte dr. Philippe van Welbergen, medisinsk direktør for biomedisinske klinikkar, at grafénet som blir injisert i folk organiserer seg og veks til storfiber-strukturar, og får magnetiske eigenskapar eller ei elektrisk ladning. Fibrane viser indikasjonar på komplekse strukturar med stripeformasjonar.

Han demonstrerte òg at skåra til grafén blir overført frå vaksinerte til uvaksinerte, og har øydelagt dei raude blodcellene deira – noko som forårsakar blodproppar òg hjå uvaksinerte.

I denne videoen kan du sjå meir om grafénoksid i Covid-19-«vaksinar».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s