Amerikanske sjukehus er so overbelasta at eit akuttmottak ringde naudtelefonen på seg sjølv
Henta frå Strange Sounds. Omsett av saksyndig.
Sjølv om Covid-19 no ligg i dvale, er sjukehus rundt om i landet i krise oppi ei tårnande bølgje av sesong-luftvegssjukdommar – spesielt RS-virus hjå barn – so vel som langsiktige problem, slik som personalmangel.
Pediatrisk sengekapasitet er full, eller i ferd med å bli det, og menneske med akutte helseproblem ventar i timevis på venteromma og i gangane på akuttmottak, til og med på parkeringsplassen utanfor – og somme sjukehus har slege opp utandørs telt, som bringer tilbake minne frå dei tidlege dagane av pandemien.
I eit av dei mest slåande døma, vart akuttmottaket ved eit sjukehus i Seattle-området so overvelda sist månad at leiande sjukepleiar på staden ringde naudtelefonen for hjelp, og sa til brannvesenet at dei «drukna» og var «ille ute». Det skulle visstnok ha vore meir enn 45 menneske på venterommet og berre fem sjukepleiarar på jobb.
Brannsjef Jay Christian ved Central Kitsap fortalde lokale media at han sendte eit mannskap til sjukehuset, St. Michael Medical Center, og brannmenn hjelpte personalet der med å reingjere rom, skifte på senger, og måle vitale teikn på pasientane fram til krisa gjekk over.
Men i møte med det offentlege sist veke erkjende øvste leiar på sjukehuset, Chad Melton, at ting ikkje kom til å bli betre. Melton rapporterte at det no er meir enn 300 ledige stillingar ved føretaket, men ingen har søkt på stillingar i akuttmottaket. «Akuttmottaket spesifikt: null kandidatar til intervju. Null,» sa Melton.
Sprengd kapasitet
Ein rapport sist månad frå Definitive Healthcare – eit selskap som utfører analysar av helseomsorga – estimerte at meir enn 300 000 helsepersonell slutta i arbeidet i fjor på grunn av utbrentheit og andre pandemi-relaterte stressfaktorar.
No, når det blir kaldare i vêret, er ei blanding av sesong-luftvegsvirus, inkludert RS-virus (respiratorisk syncytialt virus), influensa, forkjølingsvirus og enterovirus i ferd med å oppstå – tidleg og hardt. Barnesjukehus blir overfløymde, og senger fyller seg opp. Barne-akuttmottak er òg fulle på mange stader.
I Pittsburgh ser eit barnesjukehus ei opphoping av RS-pasientar, og ventetidene på akuttmottak er heilt oppe i åtte timar. I California ser sjukehus i Oakland og San Francisco pasientvolum høgare enn på noko anna punkt under pandemien.
«Akuttmottaka våre har sprengd kapasitet. Vi har barn som ligg nede i akuttmottaket som ikkje har blitt sendt opp til rett etasje, fordi alle sjuhussengene er opptekne,» sa divisjonsleiar Jackie Grupp-Phelan ved Pediatric Emergency Medicine ved UCSF Benioff Children’s Hospital til Bay Area sin ABC7. Grupp-Phelan la til at sjukehusa avviser barn som kjem frå stader utanfor området, som dei under normale omstende ville ta inn.
Men barn er ikkje dei einaste som står overfor lange ventetider i helseomsorga. På sentralsjukehuset i Massachusetts ligg vaksne pasientar visstnok i korridorane og ventar i åtte timar på ei seng. Boston Globe sa at, slik som er tilfelle utanfor Seattle, føler Massachusetts òg på den doble skvisen som blir skapt av ein auke av pasientar og underbemanna føretak. Ein estimerer at 19 000 stillingar i delstaten står tomme, ifølgje ein rapport sist veke frå Massachusetts Health & Hospital Association.