Ei undersøking utført av Norstat på oppdrag for inkassoselskapet Alektum Group viser at 32% av nordmenn ikkje har ein økonomisk buffer på sparekontoen, eller ein veldig liten buffer. Dette skriv offiser Helge «Lure-oss» Lurås i iNyheter. Samstundes aukar forbruksgjelda: Den er no på 159,7 milliardar, som er ein auke på to milliardar frå førre månad (opp 1,3%). Dette gjer nordmenn særs sårbare overfor til dømes renteauke.
(Sjå òg «Alle bør førebu seg på å plutseleg misse jobben», publisert 1.november 2023.)
Dagleg leiar i Norsk Gjeldsinformasjon, Svein Ove Karstensen, seier i ei pressemelding:
«Til tross for økte priser og renter ser vi en økende bruk av kredittkortgjeld og forbrukslån. Kredittkortgjeld som ikke blir betalt ved forfall fortsetter den økende trenden fra i sommer, og tyder på at flere har utfordringer med å betale alt ved forfall […].»
Bortsett frå ein nedgang i august, har forbrukslån auka gjennom heile året. Fleire tek opp slike lån for å dekkje ymse kostnader – og rentene på forbrukslån er skyhøge. Dei siste tolv månadene har forbruksgjelda auka med heile 9,3 milliardar, eller 6,2%. Kredittkortgjeld (som òg har skyhøg rente) har auka med 2,7 milliardar, eller 3,9%.
Karstensen meiner auken i forbrukslån sannsynlegvis skuldast at mange refinansierer dyr kredittkortgjeld, og at somme har brukt opp sparepengane sine. Vel, so visste det seg at ein buffer på berre 20 000 på sparekontoen kanskje var litt i minste laget.
Offiser Lurås skriv vidare:
«Denne uken klatret den gjennomsnittlige boliglånsrenten over 5,5%, ifølge brukerdata fra Renteradar. For låntakere med en gjeld på fem ganger sin årsinntekt, betyr dette at omtrent halvparten av lønnen nå går til å betjene boliglånet. […]
Å be om avdragsfrihet i en periode hjelper også mindre enn tidligere. Avdragsdelen utgjør en stadig mindre andel av den månedlige inntekten. For de med lån på fem ganger brutto årsinntekt, som er maksgrensen i boliglånsforskriften, vil renteutgiftene på et annuitetslån snart alene utgjøre hele 40% av disponibel inntekt.»
Renteradar forventar at Noregs Bank hevar renta atter ein gong i desember. Renta vart sist heva i september, og dette ser vi effektane av no. I februar 2024 vil gjennomsnittsrenta på bustadlån bikke 6%. Den høge renta går fyrst og fremst utover unge, som i denne konteksten tydar dei som er under 35. Bankane gjev dei derimot betre rentevilkår enn dei som er eldre. Likevel er det for dei fleste i etableringsfasen «tøft» at halvparten av lønna går til bustadlånet.
Som vanleg lever det i kommentarfeltet til artikkelen. Ein lesar ved namn «Morten Bagstevold» meiner at privatøkonomi burde ha vore eit obligatorisk fag på skulen, medan «T.R. Lilleby» meiner at skulen aldri lærer folk korleis dei skal klare seg i kvardagen. «Kneip» kjem med påstanden om at gjeld ute av kontroll er det same som økonomisk kreft, og at om ein ikkje klarer å symje lenger, er resultatet det same om ein druknar på ein halv meter eller femti meter. «Lass A. Ron» (lasaron) meiner at artikkelen ikkje burde pakke det inn: ingen i Noreg har sparepengar lenger. «Roger Moore» skyt inn at staten ikkje likar at folk blir gjeldfri – ein skal ikkje kunne sitje der med sitt velfortente gods etter eit langt og hardt arbeidsliv. Staten vil helst at vi er lutfattige og står der og ber om almisser, sidan dei ønskjer at vi er so avhengige av dei som mogleg. «Frida Buschmann» stiller seg spørsmålet om folk vil seg sjølv so vondt at dei set seg i forbruksgjeld.
Sjølv trur eg so mange nordmenn lever over evne og set seg sjølv i håplaus gjeld fordi dei blir lurt av media til å tru at dei må ha dei nyaste mobiltelefonane, dei må køyre rundt i Teslaer til 800 000, dei må pusse opp kvart andre år, dei må gå kledde i dei lekraste klede og smykke, dei må fare på Syden-turar fire gonger i året, og dei må ha ein mirakelvibrator til 8000. Resultatet er personleg konkurs, eit lite triveleg besøk av namsmannen og sannsynlegvis ein «skjennepreken» på Luksusfellen. Folk veit ikkje betre, og mediemanipulering har skulda.
