Denne artikkelen er meint som underhaldning.
Stundom dukkar det opp femliterskanner med menneskeurin langs norske vegar. Spesielt langs fylkesveg 710 i Trøndelag mellom Orkland og Agdenes er dette eit stort problem. Trønderane oppdagar til si avsky stadig smekkfulle kanner med piss når dei er ute på tur. Dei meiner pissetrengte lastebilsjåførar står bak dette. Tanken gjev fullstendig meining: om du er yrkessjåfør midt ute i ingenmannsland, med gjerne ti mil til næraste bensinstasjon, so lèt du vatnet der du kan. Er du so heldig at du er mann, kan du berre stoppe i vegkanten og pisse. Anten i graset eller i ei kanne medan du sit trygt og godt inne i bilen. Det er i utgangspunktet ulovleg å urinere på offentleg stad, men ditt eige køyretøy er jo privat eigedom.
Dersom du er noko so sjeldan som ein kvinneleg yrkessjåfør, er det derimot ikkje so enkelt. Det har Jill og Malin erfaring med, sidan dei sjølve nettopp køyrer rundt på norske vegar – ofte sinnssjukt pissetrengte. NRK tok ein prat med dei to, der dei truleg stod og vrei på seg medan piss heldt på å kome ut av øyra på dei. Jill vedgår at ho ofte får dotrong medan ho sit og humpar i sin digre lastebil, ofte langt unna næraste toalett. Då må ho ofte stoppe og pile ut i skogen, der ho sit på huk og pissar so det skummar. Det er derimot ikkje alltid ho kan gjere det. Ho seier til NRK at ho stundom må halde seg til det gjer vondt, og at ho dansar litt, lettar litt på buksa, syng høgt og prøver å tenkje på noko anna. Det går truleg fint heilt til ho køyrer forbi eit frodande fossefall.
Kollegaen Malin har same problemet. Ho sit sjølv ofte med sprengfull blære i eit område fullstendig blåst for toalett. Til slutt må ho i desperasjon og med tomatraude kjakar setje seg på huk i ei grøft. Medan pisset sprutar køyrer det gjerne bilar med barn i forbi, og dei ser truleg med store auge på denne blondina. Ofte må ho leggje seg med full blære fordi det ikkje er eit toalett i mils omkrins. Neste morgon er blæra endå fullare og frustrasjonen desto større. Heldigvis dukkar det opp ein bensinstasjon, og då får stakkars Malin endeleg tømt den sprengfulle blæra. I rein takksemd kjøper ho noko på bensinstasjonen, til stor glede for den bleike jenta bak disken.
Jill seier at mange rasteplassar blir stengde om vinteren fordi dei eigentleg er meint for turistar. Somme av dei plassane som framleis er opne er derimot skitne og uhygieniske. Malin etterlyser òg fleire vinteropne (og reinare!) rasteplassar. Både ho og Jill har blitt ekspertar på å halde seg. Med blærer på storleik med små vassenger køyrer dei rundt på norske vegar, gjerne 30 kilometer under fartsgrensa dersom eg ligg bak dei og skal nå ei ferje. Dersom eg tutar, viser dei finger til meg. Dei gjer det truleg på rein refleks, som alle lastebilsjåførar jo gjer.
(Sjå òg «Vegvesen i Skrikebergtunnelen (novelle)», publisert 28.oktober 2023.)
Jill og Malin uttrykkjer misunning overfor sine mannlege kollegaer, som berre kan flippe ut kuken og pisse kor det måtte passe seg. Dei meiner òg at mangelen på toalettfasilitetar harmonerer dårleg med at ein ønskjer fleire kvinner inn i transportnæringa. Toalett gagnar jo òg begge kjønn når dei må drite. Det einaste som er verre enn å vere sinnssjukt pissetrengt, er å sitje der mil etter mil med ein kabel i endetarmen som vil ut, ut, ut.
Marknadsdirektør Kjell Olafsrud i Norges lastebileierforbund skildrar manglande toalett langs vegane som ein katastrofe for næringa. Det går utover både dei som er på jobb og rekrutteringa. «Ønskjer du å køyre i alt slags vêr og på alt slags føre på elendige vegar medan du held på å pisse deg ut?» kling ikkje akkurat so godt i ei utlysing på finn.no. Kjell fekk med seg fleire (truleg pissetrengte) kvinnelege yrkessjåførar og tok seg ein prat med samferdselsministeren på kontoret. Minst tre av kvinnene sprang straks på do og pissa so det spruta. Trass at det er særs viktig å leggje forholda til rette for transportnæringa, er det ifølgje Kjell ikkje spor av betring i statsbudsjettet. Både han og kollegaene er kraftig provoserte over at samferdselsministeren ser ut til å drite i dei.
Han seier sjølv til NRK (medan ein kollega sit på do og pissar medan ho grin av lette):
«Dette er ei yrkesgruppe som er underlagd det strengaste kontrollregimet. Dei er nøydd til å bryte reglar kvar einaste dag for å få gjort jobben sin. Anten ved å køyre over tillaten tid, fordi det oppstår uventa ting langs vegen, eller at dei må stoppe på stader der det ikkje er lov å stå.»
Han seier òg at rekrutteringa stoppar opp når dei kvinnelege sjåførane ser kva som møter dei langs vegen. Og dette kan tyde både femliterskanner med piss og kvinnelege kollegaer som sit på huk og pissar med tomatraude kjakar og tårer i auga.
Nestleiar i Yrkestrafikkforbundet, Trude Christin Sande, meiner det er ingen andre yrke der dei tilsette ikkje har tilgang til toalett i arbeidstida. Ho er sjølv bussjåfør og hovudtillitsvalt for Tide, og har truleg òg utvikla ei diger blære gjennom åra som pissetrengt sjåfør av digre køyretøy. Ho leverer følgjande gullkorn:
«For dei mannlege sjåførane kan løysinga vere enkel, men vi må stille oss spørsmål om det er akseptabelt å måtte gjere frå seg langs vegkanten i arbeidstida i 2023.»
Ifølgje Statens vegvesen er der om lag 450 rasteplassar langs riksvegnettet, men ikkje alle desse har toalett. Nokre rasteplassar er opne heile året, medan nokon er vinterstengde. Grunnen til at somme blir vinterstengde, er på grunn av sanitærforholda. Dei rasteplassane har ikkje kommunalt vatn og avløp. Difor vil vasstilføringa fryse om vinteren. I deira strategi for rasteplassar har dei mål om 150 hovudrasteplassar langs riksvegane, og om lag ein times køyring mellom desse. Vegvesenet meiner det er sjeldan at yrkessjåførar har måtte gjort sitt fornødne i naturen eller langs vegkanten på grunn av manglande tilgang til toalett. So langt i 2023 har vegvesenet oppgradert «minst fem rasteplassar».
Jill og Malin beit seg i leppene før dei nærast trygla journalistane om å få køyre vidare. Jill hadde tre timars reise fram til målet, medan Malin hadde fire. Og begge måtte pisse noko so inn i helvete. Dei hadde fått tømt det dei hadde på hjarta om manglande toalettfasilitetar langs norske vegar, men diverre ikkje sine digre, skvulpande blærer.
