Det er på tide å snakke om Deagel sin dystre 2025-prognose igjen

Sjå òg «Mystisk nettside med nifse prognosar for Noreg og USA: Avfolking på gang?», publisert 9.februar 2022, og «Hadde Deagel rett? Globalistane har nifse planar om å utrydde den vestlege sivilisasjonen», publisert 26.april 2023.

Det har i lengre tid i uavhengige media blitt grubla over prognosane for 2025 som nettsida Deagel.com presenterte 26.oktober 2014. I prognosen, som sidan har blitt fjerna frå nettsida (men funnen igjen i diverse nettarkiv), blir det spådd oppsiktsvekkjande nedgang i folketalet i stort sett alle vestlege land. I tillegg spår Deagel òg drastisk reduksjon i BNP, militærbudsjett og kjøpekraft i dei råka landa. Dei spådde ein folketalsreduksjon på 70% i USA, og ei halvering av folketalet i Noreg.

I samband med at krigen i Midtausten har blussa opp igjen etter Hamas-åtaket 7.oktober 2023, er det på sin plass å minne dykk på at Deagel òg spådde ein drastisk reduksjon av folketalet i Israel – heile 60%. Dette skriv Stefan Stanford om på nettstaden All News Pipeline. 2014-prognosen for 2025 kallar han «absolutt bisarr», i og med at USA vil få eit folketal på godt under 100 millionar, i tillegg til å bli gjort om til eit u-land. Deagel-prognosen har ikkje uventa blitt kalla ein konspirasjonsteori mellom anna av Associated Press – dette trass i at kjeldene til Deagel er det amerikanske forsvarsdepartementet, innanriksdepartementet, CIA, Verdsbanken, EU og det amerikanske militæret.

Som dette kartet viser, ser ikkje-vestlege land slik som Kina, India, Brasil og fleirtalet av afrikanske land ut til å unngå denne avfolkinga. BRICS-landa ser òg ut til å sleppe unna, medan dei fleste NATO-landa står overfor ein vesentleg reduksjon av folketalet. For Tanzania blir det spådd ein befolkningsvekst på heile 687,2%, i skarp kontrast til resten av landa i Afrika, og resten av verda for den del.

Av interesse for krigen i Midtausten utmerkar Israel seg altso negativt ved å ha eit estimert befolkningstap på 63,5%, medan nabolanda Iran, Syria og Tyrkia blir spådd å ha eit relativt uendra folketal, om ikkje òg ein liten auke. Dette er det vanskeleg å tolke på annan måte enn at Israel kjem til å tape det som enkelte kallar Tredje verdskrig. Stanford skriv (mi omsetjing):

«Når ein ser spådommen for Israel i 2025 om eit fall på forbløffande 63,5%, er dette ingenting samanlikna med spådommen om eit fall i befolkninga på 79,7% for USA innan 2025 under Joe Biden sitt embete, for ikkje å nemne at vårt militærbudsjett for år 2025 går rett i golvet, som om vi ser bevis for at det ‘US-militære industrielle komplekset’ frå år 2017 visste at vi kom til å tape Tredje verdskrig, og at vi som ei straff frå våre ‘framtidige globalist-herskarar’ kom til å bli ‘avvæpna’ som nasjon.»

Stanford skriv at Deagel òg spådde at det amerikanske militærbudsjettet ville falle frå 726 milliardar dollar årleg til berre åtte milliardar dollar i år 2025, medan BNP per innbyggjar vart spådd å falle frå 52 838 dollar til 13 328 dollar i 2025. Totalt tilsvarer dette ein nedgang i BNP frå 19 billionar (19 tusen milliardar) dollar til 2,4 billionar i 2025. Deagel la skulda på denne dystre prognosen på ei «framtidig øydeleggjande økonomisk hending»; historisk sett har det stort sett berre vore verdskrigar som har skapt slik armod i land.

Eg vil her presisere at medan vestlege land alle vil oppleve eit dramatisk fall i folketalet, vil folketalet i både Russland og Kina forbli stort sett det same. Nyleg har president Vladimir Putin vendt seg mot sin tidlegare allierte Israel, og sagt at han no ser på Israel som fienden til Russland. Han ser ut til å ha gått over på same side som Iran og Hamas, og Hamas har i sin tur kalla Russland sin næraste venn. Dette er naturlegvis berre indisium, men noko tydar på at globalistane veit noko dei ikkje ønskjer å fortelje resten av oss.

Deagel sjølv skreiv som forklaring på prognosane:

«Der har vore mange spørsmål om spådommen om landa, spesielt den som fokuserer på USA. Dei vil ikkje bli svarte på kvar for seg, men under kan de finne nokre forklaringar, tankar og refleksjonar. […]

Historisk er det velkjent at den tidlegare Sovjetunionen dikta opp falsk statistikk fleire år før den kollapsa. Vestlege so vel som andre land diktar opp tala sine i dag for å skjule korleis stoda verkeleg er. Vi er sikre på at mange der ute kan finne statleg statistikk i sine eigne land som utifrå deira eiga personlege erfaring er vanskeleg å tru på, eller er so optimistiske at dei like gjerne kunne ha vore frå eit anna land.

Kollapsen til det vestlege finanssystemet vil utradere levestandarden til befolkninga medan den gjer slutt på pyramidespel slik som aksjebørsen og pensjonsfonda. Befolkninga vil bli råka so ille av ein hærskare av bobler og pyramidespel, at migrasjonsmotoren vil byrje å gå i revers og gå raskare på grunn av bølgjeeffektar, som då altso fører til fallet av Statane [USA]. Denne usette situasjonen for Statane vil utvikle seg i eit kaskademønster med hittil usette og øydeleggjande effektar for økonomien.

Likevel vil dødstala vere horrible […]. Det amerikanske fallet kjem til å bli langt verre enn det til Sovjetunionen. Ei opphoping av kriser med eit øydeleggjande resultat.»

Fallet til USA skjer allereie no. Eit land styrt av venstreekstreme, som heller opprettar offentlege sprøyterom og utfører «kjønnsskifteoperasjonar» enn å trene folk opp innan jobb og karrierar, er eit land som er dømt til å gå ad undas. USA er no hardt plaga av politisk inkompetanse, som manifesterer seg i mord, gatekriminalitet, korrupsjon, nasking, innbrot, ulovlege og lovlege legemiddel, ulovleg innvandring og vidopne grenser, valfusk, heimløyse, analfabetisme, falsk og ekte rasisme, manglande respekt for menneskeliv, fattigdom, kunstig intelligens, inflasjon, manglande evne til å ta personleg ansvar, meritokratiets død og so vidare.

Stoda er ikkje nemneverdig betre i Noreg, der vi ser aukande fattigdom blant folk flest, eit fullstendig upåliteleg rettsvesen, og den eine inhabilitetssaka etter den andre hjå den toppolitiske leiinga, som framstår som meir og meir korrupt. I og med at eit liknande dramatisk fall i folketalet er spådd òg i Noreg, tydar det på at ting vil gå den vegen høna sparkar for nordmenn òg. Helvete står og ventar utolmodig på å bryte laust.

Kommenter innlegget