Dagsavisen melder at om lag 15 000 yrkesaktive sjukepleiarar ønskjer å slutte i jobben sin, dette ifølgje leiar i Norsk sykepleierforbund (NSF), Lill Sverresdatter Larsen. NSF utførde nyleg ei medlemsundersøking blant sine nærare 130 000 medlemmer, der dei tilsette vart spurde om forholda på arbeidsplassen, kor fornøgde dei er med lønna, og om dei ønskjer å slutte i jobben eller ikkje. I undersøkinga kom det fram at 17,7% ønskjer å slutte heilt som sjukepleiarar. 14,7% ønskjer å byte jobb, men framleis jobbe som sjukepleiarar.
Denne prosentdelen, om den er representativ for alle medlemmene i forbundet, vil seie at om lag 15 000 sjukepleiarar ønskjer å slutte å jobbe som sjukepleiarar.
Samstundes har vi bedriftsundersøkinga til NAV som viser at ein i dag manglar 5600 sjukepleiarar og 2000 helsefagarbeidarar til stillingar. Larsen kallar dette eit nasjonalt problem, og dette vil føre til store problem knytt til pasienttryggleiken. 15 000 sjukepleiarar kan rett og slett ikkje forsvinne frå yrket utan at det går utover målgruppene.
At Noreg i det heile teke framleis har helsepersonell, må kunne seiast å vere på grunn av rein flaks. Covid-«vaksinane» tok ikkje livet av heile flokken av underdanige sauer likevel. Dei som vart verande, har dårlegare helse enn nokosinne, og sjukefråværet er neppe blitt noko betre sidan «pandemien». So… Kvifor ønskjer dei gjenverande sjukepleiarane seg ut av yrket? Er dei leie av å myrde pasientar som dei føler har levd lenge nok?
Statistikken seier at 39% av sjukepleiarane opplyser at lønna er årsaka til at dei ønskjer å hoppe av. 25% seier dei vil jobbe ein annan stad enn der dei allereie jobbar. Larsen meiner at dette kjem av at forventinga til lønn ikkje tilsvarer ansvaret og ulempene som følgjer med jobben. Det er òg ei overvekt av menn som opplyser at dårleg lønn er årsaka til at dei sluttar i yrket. Dette er ein tanke ironisk, sidan 90% av sjukepleiarar er kvinner. Det har allereie blitt køyrt mange sokalla «omdømmekampanjar» for å få menn inn i yrket, og no ser det ut til at nettopp menn forsvinn frå yrket på grunn av noko so banalt som lønn.
Dårleg lønn er nok ikkje den einaste grunnen til at menn forsvinn frå sjukepleiaryrket og resten av helsesektoren. Har de menn der ute nokosinne jobba med kvinner som er litt oppe i åra? Dei er ein temmeleg håplaus rase. Dei berre syt og klagar, dei gjer ikkje mykje faktisk arbeid, og dette medan dei samstundes innyndar seg hjå «nøkkelpersonar» på arbeidsplassen. Dei konspirerer og lagar kvalme og faenskap, og menn likar rett og slett ikkje å jobbe med slike mennesketypar. Larsen vil skru opp lønna – men kor mykje verdt er ei høg lønn dersom du får sparken frå jobben fordi kjerringar går bak din rygg og lyg om deg til leiinga?
Larsen meiner det er for få leiarar i tenesta. Kvar leiar i sjukepleiartenesta har 93 tilsette under seg. Ein anbefaler ikkje meir enn åtte til femten, og maksimalt 30 tilsette. Eit større tal enn dette vil skape for stor avstand mellom tilsett og leiar. Personleg erfaring seier meg at leiarar løyser dette ved å ha eit knippe informantar som overvakar kollegaene sine. Dersom ein av desse informantane (som gjerne er «nøkkelpersonale» som er del av den indre kjernen i personalgruppa) seier noko negativt om ein kollega, har leiaren det ho treng for å opprette personalsak. Å undersøkje kva som faktisk har skjedd har ho ikkje ressursar til – for ho vil jo helst ikkje slite seg ut på jobb slik at ho ikkje har overskot til å ta seg av familien. Ein lever ikkje for å jobbe, ein jobbar for å leve.
Helsesektoren treng stadig meir helsepersonell, men greier verken å utdanne nok sjukepleiarar eller å halde på dei som sektoren allereie har. På sikt vil dette gjere enkelte stader av landet farlegare å bu enn andre. Eit konkret døme vil vere utkant-Noreg, der ein gjerne har mini-sjukeheimar eller omsorgssenter. Der jobbar det gjerne halvgamle kjerringar som har vore fast tilsette i alle år, og som kan drite seg ut so mykje dei vil utan at leiaren (som gjerne er i slekt med dei) tek affære. Dei som kjem utanfrå og ser denne stoda, blir utfrosne og fjerna ved fyrste og beste høve.
Noreg og den vestlege verda har i lengre tid hatt ei bemanningskrise, og mest merkar ein dette innan beredskap. Ein helsesektor som ikkje lenger fungerer, går naturlegvis utover liv og helse til innbyggjarane – og noko so uvettig som koronaprosjektet har øydelagt helsesektoren i kanskje fleire generasjonar framover. Sjukepleiarane er blitt indoktrinerte til å ta livet av pasientane i staden for å ivareta dei, og dette er neppe ei berekraftig løysing på sikt. Dei sjukepleiarane som no vil hoppe av frå helsesektoren, er dei som framleis har restar av etikk og moral igjen i hjerneborken.
Sjukepleiarar har mildt sagt eit omdømmeproblem, og dette problemet kjem berre til å bli verre etter kvart som eg og andre informantar frå helsevesenet kjem med den eine skrekkhistoria etter den andre. Vi gjev oss aldri! Det må eit oppgjer og ei utreinsking til for å få fjerna denne ukulturen. Høgare lønn er berre ein liten del av reknestykket. Sjølve kulturen rundt om på norske arbeidsplassar i helsesektoren må gjerast noko med. Psykopatane må ut. Dei konspiratoriske kjerringane må fjernast. Og ubrukelege leiarar må degraderast eller omskolerast. Truleg må heile kulturen innan fagforeiningane endrast òg, sidan tillitsvalde ikkje lenger ser ut til å ville hjelpe tilsette som hamnar i plutselege personalsaker fordi kollegaer konspirerer mot dei.
Den norske helsesektoren er ròten til beinet. Lill Sverresdatter Larsen står og glaner på elefanten i rommet, men vil ikkje påpeike eksistensen til den.

En venninne som jobber i resepsjonen ved et sykehus sier også det om kvinnedominerte arbeidsplasser, at hurpefaktoren er svært generende.
LikarLikt av 1 person
Det burde nesten ha vore forska på kvifor det er slik på kvinnedominerte arbeidsplassar (sjølv om eg tviler på at dette vil skje, eller at forskarane vil vedkjenne seg det dei måtte finne ut). Ingen vinn på eit slikt dårleg psykososialt arbeidsmiljø, og resultatet er stor turnover i personalgruppa og eit dårlegare tilbod til tenestemottakarane.
LikarLikar