Det blæs for tida ein iskald, hjarterå vind gjennom det norske arbeidslivet. Arbeidsmiljølova ser ut til å ha blitt avskaffa, og fagforeiningane er ikkje lenger til å stole på. Der herskar ein fryktkultur og eit overvakingsregime rundt om på norske arbeidsplassar. Tilsette, spesielt dei som er del av den inste kjernen i personalgruppa, konspirerer mot folk dei ikkje likar trynet og/eller meiningane til. Prikken over i-en blir sett når inkompetente og redde leiarar i all hast seier opp tilsette får nokon rekk å få sukk for seg. Gjerne midt i ferien. Ingen blir ansvarleggjorde, og offeret står utan jobb og i stor økonomisk uvisse.
Konsekvensane av ei oppseiing kan for somme vere direkte livstrugande. Spesielt ille er dette når oppseiinga er usakleg. Dette er ikkje berre kritikkverdig åtferd frå ein fiendtleg arbeidsgjevar, det er faktisk ulovleg å seie opp ein tilsett på usakleg grunnlag. Dette er heimla i Arbeidsmiljølova §15-7. Men likevel skjer det, igjen og igjen, og dei tilsette er meir eller mindre sjanselause.
Den mest tragiske konsekvensen av at ein tilsett blir usakleg oppsagt, er dersom den tilsette tek livet av seg. Dette skjedde med den dyktige læraren Allan Henriksen, som jobba ved Kjellervolla ungdomsskole i Lillestrøm. Denne faglæraren i kroppsøving vart usakleg oppsagt av sjefen sin, rektor Heidi Borgersen Almlid, etter at elevar kom med falske anklagar om seksuelt krenkjande åtferd. Grunnen til dette var at dei var misfornøgd med karakterane sine. Etter å ha tapt både i tingretten og lagmannsretten, fekk han saka si avvist av Høgsterett. Torsdag 24.mars 2022 tok han livet av seg i eit rom på Rikshospitalet. I ein no fjerna YouTube-video la han skulda for sjølvmordet for den langvarige arbeidskonflikten og pedofilistempelet han hadde fått.
(Sjå òg «Den tragiske historia om lektor Allan Henriksen: Oppseiingssaka som enda med sjølvmord», publisert 8.august 2023.)
Med eit meir engasjert folkeslag hadde rektor Almlid fått det heitt rundt øyra. Folk hadde kontakta ho i indignasjon, om ikkje skjelt ho huda full so fort ho viste ansiktet sitt utandørs. Lokalavisa hadde fløymt over av hissige debattinnlegg. Tidlegare elevar og kollegaer hadde marsjert i fakkeltog til skulen og teke ho i skule (!) rundt det å ikkje berre seie opp ein dyktig lærar usakleg, men òg tillate at han vart feilaktig stempla som ein seksuell avvikar. Kven i alle dagar gjer slikt mot eit medmenneske? Dette vitnar om arroganse og vondskap som diverre ikkje er overraskande i dagens menneskefiendtlege arbeidsliv. Å direkte forårsake at ein annan person tek livet av seg hadde under normale omstende ført til strafferettsleg ansvar. Dette skjer diverre ikkje fordi ingen engasjerer seg.
Ein annan dyktig tilsett som vart usakleg oppsagt, var sjukepleiaren Iris Frohe, som Saksyndig har skrive om ved fleire høve. Her var det leiar for helse og omsorg i Hamar kommune, Vigdis Galaaen som stod bak opphøyret av arbeidsforholdet (sidan det jo er helse- og omsorgsleiaren i ein kommune som har mandat til å seie opp tilsette). I rettssaka mot Iris i januar 2023 sa Galaeen rett ut at Hamar kommune ikkje gjorde nokon sjølvstendige medisinsk-faglege vurderingar av dei nasjonale føringane for covid før dei gjorde dei om til instruks. Det var nettopp denne instruksen som Iris fekk sparken for å ikkje følgje, fordi ho – med rette – aldri fekk ei vitskapleg forankra grunngjeving frå arbeidsgjevar. Galaaen fråskreiv seg alt ansvar for oppseiinga, og kasta berre ballen over til sine overordna. Ein feigare leiar kan vanskeleg oppdrivast, men har diverre vore norma under «pandemien». Under normale omstende ville Galaaen ha blitt vurdert som ueigna til å vere leiar for helse- og omsorgstenestene. Ho må naturlegvis som alle andre ansvarleggjerast, og Hamar kommune må til slutt hoste opp ei erstatning til Iris for tapt framtidig arbeidsinntekt. Om det faktisk vil skje, vil tida vise. Saka gjekk i lagmannsretten 26. og 27.oktober 2023.
(Sjå òg «Helse- og omsorgssjef på glattisen med tvilsam vurderingsevne av både tilsette og pasientar», publisert 6.februar 2023.)
Eg sjølv har blitt usakleg oppsagt to gonger, sjølv om 2021-saka enda med sluttavtale. Mine leiarar må i likskap med leiarane til Allan og Iris òg ansvarleggjerast. Eg tok som lesarane sikkert veit ikkje livet av meg, ei heller gjekk eg til rettssak. Eg burde kanskje ha kontakta advokat når det gjaldt oppseiingssaka mi ved den private sjukeheimen i Bergen, men den skyhøge timeprisen til advokatar har diverre gjort dette heilt umogleg for meg. Ei viss ansvarleggjering har derimot skjedd. Nestleiar på korttidsavdelinga har blitt informert om saka, og det har òg øvste leiar i aksjeselskapet som eig sjukeheimen. Fagforbundet har blitt tydeleg informert om at ein av deira tillitsvalde ikkje ville hjelpe meg fordi ho hadde ferie, og eg har som konsekvens av dette meldt meg ut i protest. I ein e-post til den lokale forbundsleiaren har eg òg bede om delvis tilbakebetaling av medlemskontingenten fordi eg har betalt for ei teneste eg ikkje heilt har fått. So langt har det vore musestille frå alle partar, men skriftleg dokumentasjon frå mi side gjer at dei seinare ikkje kan hevde at dei ikkje visste.
(Sjå òg «Helse-Noreg i eit nøtteskal? Konspirasjon i personalgruppa på privat sjukeheim fekk erfaren helsefagarbeidar oppsagt», publisert 15.august 2023.)
Det er på tide at folk byrjar å ta til motmæle mot fiendtleg åtferd frå arbeidsgjevarar. Leiarar (i ordets vidaste tyding) må hengjast ut på sosiale media med fullt namn og bilete, og det må forklarast tydeleg kva dei har gjort. Per dags dato er slik ein sosial gapestokk vårt einaste alternativ. Men går ein over på kva som bør finne stad, har vi andre alternativ. Dei må ikkje lenger kunne gøyme seg bak arbeidsgjevars styringsrett og den juridiske frasen «rett saksøkt er NN sjukeheim/NN skule osb.». Den rett saksøkte er dei sjølve og eventuelle medløparar, sjølv om noverande juridiske praksis seier noko anna. Dersom leiarar via sivile søksmål vart juridisk ansvarleggjorte for usaklege oppseiingar, ville vi nok ikkje opplevd dette i det same urovekkjande omfanget vi ser i dag. Dersom Heidi Borgersen Almlid, Vigdis Galaaen og den redde, ustabile leiaren på den private sjukeheimen hadde blitt stilt for retten som juridiske personar, i staden for å gøyme seg bak mektige bedrifter og kommunale/private advokatar, hadde stoda vore ei heilt anna. Då ville kanskje tilsette ha hatt eit reelt vern mot overgrep frå arbeidsgjevarar.
Det juridiske systemet må openbert endrast. Advokatforeningen må truleg avviklast, for det er dei som bestemmer honorara til sine medlemmer. Ein makspris på til dømes to tusen per time ville ha opna mange dører for dei som har blitt undertrykte, blitt urettferdig behandla og fått liva sine øydelagde. Leiarar som sa opp tilsette usakleg kunne – som eit teoretisk døme – blitt ilagt regress av domstolen for å dekkje tapt framtidig arbeidsinntekt hjå den oppsagte, akkurat som ein ilegg privatpersonar regress i tilfelle der forsikring ikkje gjeld (til dømes ved aktløyse i samband med husbrann eller bilulykke med alvorlege personskadar; parallellen til arbeidslivet er her at ein leiar som seier opp ein tilsett usakleg, handlar i aktløyse). Dette er eit interessant tankeeksperiment som ein seriøst burde drøfte. Det ville ha gjort arbeidslivet langt tryggare enn det er i dag.
Og Allan Henriksen, Iris Frohe og underteikna ville framleis ha hatt karriere og ære i behald (fyrstnemnde ville òg framleis ha vore i live). Vi må engasjere oss før det er for seint.
