Helse- og omsorgssjef på glattisen med tvilsam vurderingsevne av både tilsette og pasientar

Vigdis Galaaen er leiar for helse og omsorg i Hamar kommune. Av interesse var ho ei av dei som vitna mot oppsagte Iris Frohe i den historiske rettssaka som fann stad i midten av januar, der stridens kjerne var at Frohe miste jobben ved legevakta i Hamar då ho ikkje ville late seg vaksinere eller teste seg kvar 72.time uavhengig av om ho hadde symptom eller ikkje. Galaaen sa rett ut at Hamar kommune ikkje gjorde nokon sjølvstendige medisinsk-faglege vurderingar av dei nasjonale føringane for covid før dei gjorde dei om til instruks. Som Galaaen sa sjølv: «Vi hadde ingen grunn eller mulighet til å overprøve de vurderingene nasjonale myndigheter hadde gjort.»

Ho skulda deretter på enormt press på helsetenestene, masse pasientar på sjukehus, mange fleire oppgåver og stort sjukefråvær for at ho og resten av leiinga ikkje hadde «grunn elle[r] mulighet til å overprøve de vurderingene nasjonale helsemyndigheter hadde gjort». Ho gjorde absolutt ingen eigne vurderingar, trass at ho sit i den nest-høgaste stillinga i kommunen. 2020, då alle WHO-medlemsland med få unntak stengde ned, var prega av underdødelegheit snarare enn overdødelegheit – det motsette av kva ein kunne forvente under ein påstått dødeleg pandemi. Galaaen sa utan skam at dette var på grunn av alle tiltaka som vart sett i verk. Kommentaren hennar utløyste latter i rettssalen.

Nasjonale anbefalingar vart gjort om til retningslinjer over heile Noreg, sannsynlegvis med få eller ingen sjølvstendige, kommunale vurderingar. Det kom fram under rettssaka, som Document sin utsendte journalist Rebecca Mistereggen påpeikte, at alle frå arbeidsgjevarsida sendte ballen vidare oppover, faktisk heilt til WHO. Og dei såg ut til å vere fullstendig blinde for ironien i at ein erfaren tilsett som ikkje ville late seg vaksinere, fekk valet mellom å misse levebrødet eller byrje som vaksinatør av den same vaksinen ho ikkje ville ta. Frohe sjølv følte seg latterleggjort då Hamar kommune kom med dette tilbodet. Resonnementet til arbeidsgjevar var at denne jobben ville vere «tryggare» enn å jobbe med pleie av pasientar – om då Frohe på mystisk vis kunne setje vaksine på avstand, riktignok. Ho takka naturlegvis nei, og miste dermed jobb og inntekt.

Hamar kommune hadde under rettssaka framleis ikkje hosta opp det medisinskfaglege grunnlaget for at dei valde å gjere anbefalingar om til instruks, endå Frohe hadde bede om det i lengre tid.

Sjølv om rettssaka manglar sidestykke i norsk arbeidsrett, slik som alle covid-relaterte arbeidstvistar, peiker den på den dysfunksjonelle naturen til norsk helsevesen, og korleis dei behandlar både tilsette og pasientar. Slik eg ser det, forsterka «pandemien» tendensar som allereie var til stade, men som få eller ingen leiarar såg ut til å ville vedkjenne seg.

Når det gjeld helse- og omsorgssjef Vigdis Galaaen, vart ho nyleg intervjua av NRK i samband med at ei 79 år gammal dame som nettopp var operert etter lårhalsbrot, vart sendt heim til tomt hus. Ho hadde ikkje pårørande til å hjelpe seg. Ho vart sitjande livredd i ein stol og fekk berre gå på do og ordne seg mat når heimesjukepleia kom på besøk. Tryggleiksalarm fekk ho fyrst fem dagar etter at ho kom heim, fortel ho sjølv. Nasjonalt pasientombod Jannicke Bruvik stilte seg kritisk til at 79-åringen fyrst fekk tryggleiksalarm fem dagar etter at ho kom heim, og frykta generelt for tryggleiken til eldre. Ho konkluderte med at det berre var flaks at ingenting gjekk gale. Galaaen i intervju med NRK meinte at sidan 79-åringen var «relativt sprek», var det forsvarleg å sende ho heim mutters åleine. Ho nekta for at kommunen hadde gjort noko feil, og påstod at saksbehandlinga hadde vore slik den skal vere.

I januar uttalte den tidlegare fransklæraren og miljøarbeidaren Ingvild Kjerkol, for tida installert som helseminister, at folk må ta større ansvar for eigen alderdom. Kommentaren hennar kom som respons på eldredebatten som gjenoppstod i kjølvatnet av Brennpunkt-dokumentaren Omsorg bak lukkede dører – der blir det dokumentert omsorgsforsømming av 90 år gamle Lilly, som er heimebuande og underernært. Skjult kamera vart installert etter at dottera opplevde å ikkje bli trudd av leiinga i heimetenesta. I og med at «helseministeren» sitt utspel kom etter kontroversen som denne dokumentaren skapte, ser det ut til å vere underforstått at folk sjølve må ta meir ansvar for eiga helse, sidan det offentlege ikkje ser ut til å klare det lenger.

Galaaen er ikkje nest-høgste leiar i kommunen Lilly bur i, men derimot i Hamar kommune, som etter mitt syn utviste tvilsam vurderingsevne både når det gjaldt den tilsette Iris Frohe, og den 79 år gamle, nyopererte pasienten. Ifølgje sin offentlege Facebook-profil har Galaaen vore kommunalsjef for helse og omsorg i Hamar kommune sidan 1991 (!). Ukraina-flagget glitrar i eit par bilete på tidslinja, i likskap med emneknaggen #50 er ikke nok (slagordet som kan tolkast som om vi må ta imot fleire flyktningar). Av mogleg interesse har ho ein Instagram-konto.

Av definitiv interesse har Vigdis Galaaen ein presentasjon om arbeidskompetanse liggjande ute på nettet. Der skriv ho om erfaringar frå Hamar kommune. Ho skriv mellom anna om ein «tilretteleggende ledelse for utvikling av myndiggjorte medarbeidere og arbeidsglede». Hennar definisjon av leiing er å «avklare, tydeliggjøre og holde fram virksomhetens mål», «motivere og inspirere medarbeidere til å ivareta disse målene» og «samordne enkeltpersoner, grupper og avdelinger på en slik måte at de ikke motarbeider hverandre». Dagens medarbeidarar er ifølgje ho sjølv «godt utdannede, selvstendige, utviklingsorienterte».

Parolen «myndiggjort medarbeidar» vart snakka mykje om på 2010-talet, mellom anna hjå den kommunale arbeidsgjevaren som eg sjølv jobba hjå i 15 år. Som Galaaen skriv i presentasjonen sin, føreset myndiggjering av tilsette tryggleik, trivsel, tillit, kommunikasjon og ei tydeleg og synleg leiing. Ikkje minst må dei tilsette føle seg sett og høyrt. Med Galaaen sine eigne ord er definisjonen på myndiggjering at slike medarbeidarar «er ansvarlige og selvstendige medarbeidere som har fått og grepet retten til å beslutte på områder der de er kompetente». Alt dette forsvann under covid-«pandemien». Over natta gløymde leiarar over heile den norske helsesektoren det dei hadde stått og snakka om på tallause personalmøte i ei årrekkje. Det skjedde ei kritikkverdig umyndiggjering, infantilisering og til og med umenneskeleggjering av helsepersonell, slik som skjedde med resten av befolkninga.

Som Galaaen heilt korrekt skreiv, er det største hinderet for delegering [av arbeidsoppgåver] og myndiggjorte medarbeidarar usikre leiarar eller tilsette som ikkje tek ansvar. Ho valde å handle i strid med eigne ord under «pandemien». Ved å kaste ballen vidare oppover, ikkje gjere sjølvstendige medisinskfaglege vurderingar og rett og slett blindt følgje etisk og moralsk forkastelege ordrar, har Vigdis Galaaen og alle andre kommunale leiarar over heile Noreg handla stikk i strid med sine eigne læresetningar og stikk i strid med alt som blir rekna som god leiing. Medisinskfaglege vurderingar bør vere basert på fakta, ikkje dogmatisme eller hysteri. Verken ho eller andre i same stillingar kan lenger kalle seg leiarar, og burde misse all respekt frå både dei tilsette og mottakarane av tenestene. Det er mi oppfatning at desse haldningane er uforeinlege med sjølve leiarrolla.

Vigdis Galaaen med fleire burde etter mi meining ta ansvar for dei katastrofale covid-retningslinjene dei etter ordre har innført, godta den straffa dei vil få av ein domstol, og under alle omstende trekkje seg frå leiarstillingane sine. Dei som misser hovudet i ei krise blir ein del av krisa.

Her er hennar eigne ord om koronakrisa, henta frå Facebook, 2020:

«Vi har befunnet oss i en veldig spesiell situasjon, i et lende hvor vi har måttet planlegge, evaluere og gjennomføre samtidig. Alt skulle skje veldig raskt, samtidig som vi visste veldig lite.»

Frasen hennar er so å seie ordrett den same som min eigen «leiar» sa tilbake i 2020 om stoda på sin eigen sjukeheim, og eg har mistanke om at mange andre i leiarstillingar lira av seg noko liknande offentleg. Og no i 2023 innrømte Galaaen so å seie at verken ho eller andre i Hamar kommune gjorde denne «planlegginga», «evalueringa» og «gjennomføringa». Dei gjorde ingen eigne vurderingar, dei følgde berre ordre. Og no, har vi sett, straffa dei, i likskap med min eigen tidlegare arbeidsgjevar, alle som prøvde å snakke fornuft med dei.

Dette er ikkje leiing. Fornektinga av realiteten grensar over i det latterlege. De er alle ein flau, dårleg vits som ettertida vil dømme nådelaust. Skam dykk alle «leiarar» i det norske helsevesenet.

Saksyndig-redaktøren har ikkje noko tilsetjings- eller pasientforhold til Hamar kommune. Dette er ein meiningsartikkel som reflekterer redaktøren sitt syn på stoda i norsk helsevesen som ein konsekvens av covid-«pandemien».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s