Facebook: «Vi stengjer ute Project Veritas fordi dei eksponerte Pfizer»

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Facebook har annonsert planar om å permanent stengje ute Project Veritas frå plattforma etter at gravejournalistikk-gruppa eksponerte Pfizer med ei rekkje bomber av nokre videoar.

Gruppa filma i hemmelegheit Pfizer-sjefen Jordon Trishton Walker, som kom med eksplosive innrømmingar om Big Pharma sin hemmelege praksis.

Slaynews.com rapporterer: Som Slay News rapporterte, fortalde Walker ein undercover-journalist at Pfizer har utført farleg gain-of-function-forsking for å «mutere» covid-19 slik at selskapet kan tene meir pengar på vaksinar.

Han avslørte òg at Pfizer-tilsette er bekymra for at mRNA-sprøytene deira forstyrrar damers menstruasjonssyklus – ei bekymring dei ikkje har delt med offentlegheita.

Trass den eksplosive naturen til desse avsløringane, har konsernmedia [hovudstraumsmedia] fullstendig ignorert denne bomba av ein eksposé.

Big Tech-selskap har i mellomtida gått ut av sine gode skinn for å dekkje over skandalen.

Google-eigde YouTube fjerna Project Veritas sin video frå plattforma utan forklaring.

På fredag [3.februar 2023] publiserte Project Veritas fleire opptak som viser ein av journalistane konfrontere Matt Halprin, YouTube sin visepresident for «Global Trust and Safety» [«global tillit og tryggleik»], med spørsmål om kvifor dei forbaud den fyrste videoen.

Bortsett frå å be journalisten om å ikkje røre han og trugslar om å ringje politiet, gjekk visepresidenten vekk utan å svare på spørsmåla.

Facebook og Instagram, som begge er eigde av Meta [selskapet som eig Facebook], fjerna opptaka av Halprin.

Sosialmediegiganten åtvara at innhaldet bryt «Community Standards» [retningslinjene til plattforma].

«Vi har desse retningslinjene fordi vi vil at alle skal kjenne seg trygge, respekterte og velkomne,» sa åtvaringa. «Dersom innhaldet ditt bryt retningslinjene våre igjen, kan kontoen din bli avgrensa eller fjerna [restricted or disabled i originalteksten]. Du kan bestride avgjerda om du trur vi tok feil.»

Project Veritas skreiv fredag ettermiddag at dei hadde vore «uriktig utestengt» frå Twitter i nesten to timar.

Sosialmedieselskapet påstod at Halprin-videoen bestod av «mishandling og trakassering».

Project Veritas har ofte blitt gjenstand for sensur av teknologiselskap. Tilsette i Twitter hadde tidlegare lagt føringar på organisasjonen for å visstnok publisere ein video som viser Facebook-visepresident Guy Rosen innrømme at sosialmedieplattforma bygde eit system designa for å fryse [stengje for] kommentarar der hattale eller vald blir fanga opp, utan å bekrefte om gjeldande ytringar er hatefulle eller valdelege.

Kontoen på Twitter vart gjenoppretta etter at Elon Musk kjøpte selskapet i fjor.

Når det gjeld unormale menstruasjonssyklusar sa Walker i vidoen som vart offentleggjort torsdag [2.februar 2023] at vaksinen ikkje burde forstyrre hypotalamus-hypofyse-kjønnskjertel-aksen, men uttrykte bekymring for at «der er noko som skjer, men vi greier ikkje alltid å finne ut av det».

«Der er noko uregelmessig ved menstruasjonssyklusane deira. So, folk vil måtte etterforske det med tid og stunder, fordi det er lite grann urovekkjande,» sa han. «Vaksinen burde ikkje forstyrre det.»

Project Veritas-grunnleggjar James O’Keefe konfronterte Walker i ein etterfølgjande video, som Slay News rapporterte. Konfrontasjonen fekk Walker til å eksplodere i eit frykteleg raseri då han innsåg at han hadde blitt filma, noko som førde til at sjefen kalla seg sjølv ein «løgnar». Han påstod at han tydelegvis fabrikkerte historia for å imponere undercover-journalisten som han trudde han var på date med. Walker insisterte at han «har ikkje eingong bakgrunn som vitskapsmann», og la til at han «kom frå eit konsultasjonsfirma som driv med forretningar».

På spørsmål om han arbeider for Pfizer, svarte Walker: «Nei! Eg var ein kontraktør!» Når han vart pressa for svar ein andre gong, svarte Walker: «Nei! Kva snakkar du om her?!»

Trass at han nektar for det, antydar Walker sin LinkedIn-profil, som ser ut til å ha blitt sletta, og bilete av interne Pfizer-dokument delt av O’Keefe, at han faktisk arbeidde for det farmasøytiske firmaet. Walker står oppført som ein Pfizer-«direktør for forsking og utvikling, strategiske operasjonar og mRNA-vitskapleg planlegging».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s