Av Joe Hoft, The Gateway Pundit. Omsett av saksyndig.
Ballong-showet over USA viser stor svakheit frå Biden-administrasjonen. Men den djupare bodskapen er at Kina seier til verda at dei eig Biden, og at dei difor styrer USA.
1.juli 2022 reiste den kinesiske presidenten Xi til Hong Kong for ei feiring. TGP [The Gateway Pundit] rapporterte om denne hendinga. Det var 25-årsdagen for Storbritannia si overlevering av Hong Kong til Kina. President XI besøkte Hong Kong og påstod at etter 2-3 år med protestar og brutale arrestasjonar av demonstrantar og slutten på pressefridommen, er dette byrjinga på ekte demokrati i Hong Kong.
Kvart år på den datoen (1.juli) var der i Hong Kong fleire millionar som marsjerte medan dei protesterte over Kina si overtaking av det vesle landet. Men ikkje i år. Protestar mot Kina blir no hindra med makt.
Etter 2-3 år med brutale og valdelege nedslåingar av protestar og covid-påbod, sit Kina bestemt med styringa. Dette skjedde medan dei brukte covid for å i det stille fjerne rettane til folket i Hong Kong.
Rapportane om Xi sin ankomst var blanda. Saman med Xi kom ein kategori 3-tyfon.
I talen sin erta Xi om følgjande:
«Der finst ikkje eit land eller ein region i verda der borgarane vil late dei som ikkje er patriotiske, eller til og med forrædarar, å få politisk makt.»
Vi spurde om dette var ein referanse til det at Kina ignorerer rettane til folket i Hong Kong og tvingar gjennom Kina-overtakinga med makt, eller om dette var ein referanse til Biden-regimet som ser ut til å vere styrt av Kina og dagleg arbeider mot det amerikanske folket.
Denne veka fekk vi svaret vårt. Kina sendte ein ballong over USA. Kva gjorde Biden-regimet? Biden lét ballongen fly over amerikansk luftrom og gjorde ingenting.
I går kveld [3.februar 2023] las Biden ein tale der han brukte 25 minutt på å skjelle ut MAGA-republikanarar og lyge om den amerikanske økonomien.
Biden skrytte òg over all tida han har brukt saman med Kinas Xi Jinping dei siste åra.
Men han sa ikkje eit ord om den kinesiske spionballongen som no svevar over USA.
«‘Eg brukte mykje tid med Xi Jinping då eg var visepresident dei siste par åra, og Barack [Obama] bad meg om å bruke meir tid med han fordi vi visste at han kom til å bli president,’ sa Biden. ‘Eg reiste 17 000 miles [ca. 27 300 km; oms.an.]. Eg møtte han meir enn nokon annan verdsleiar – no over 80 timar – der 68 var med han personleg. Berre eg og ein tolk og han og hans tolk’.»
Biden hevda han såg over eit tibetansk platå med Xi Jinping då han spurde Biden om å definere USA med eitt ord. «Moglegheiter,» svarte Biden.
Kva er sannsynet for at dette nokosinne skjedde?
Biden-administrasjonen ignorerer den kinesiske spionballongen som flyg over USA som om det ikkje skjer.
Dette er Biden-politikken – ignorer og lyg.
Då Hunter sin berbare PC vart oppdaga, laug Biden-gjengen om den og kalla det ein russisk operasjon og ignorerte den. Det amerikanske media lydde. Denne veka innrømte dei endeleg at den var Hunter sin.
Då den mest upopulære presidentkandidaten i historia stal flest stemmer i historia i 2020-valet, ignorerte Biden-gjengen fakta og media lydde. Biden og gjengen hans arresterte deretter uskuldige amerikanarar som protesterte mot sertifiseringa av det usertifiserte valet.
Når økonomien fell saman på grunn av Bidens politikk, lyg han og seier det er flott. Dei seier inflasjonen var her med oss før Biden tok over.
Denne veka ignorerer Biden eit flygande objekt over USA. Ein pilotvenn av oss [i The Gateway Pundit] seier at Biden må ha godkjent den [ballongen].
Dette gjev meining fordi Bidens reaksjon er å ignorere den. Ein utanlandsk invasjon og Biden mumlar seg gjennom nok ein tale som han prøver å lese, der han kallar fleirtalet av amerikanarar for ting.
Kvar einaste handling som Biden-administrasjonen har teke, har hjelpt Kina
Nemn éi handling som Biden har gjort som Kina ikkje likar. For meir enn to år har Biden sprunge Kina sine ærend.
Kina burde bli haldne ansvarlege for covid-krisa som førde til tap av liv og økonomiske prøvelsar for millionar i landet og rundt om i verda. Men inga handling frå Biden. Inga nemning frå Biden.
Dag etter dag demoraliserer Bidens handlingar gode, hardtarbeidande amerikanarar som elskar Gud og USA.
Kina må styre showet. Denne ballongen er Kina si melding til verda om at dei eig Biden og difor USA.
Kommentar frå saksyndig: Denne meiningsartikkelen vart publisert laurdag 4.februar 2023. FAA, den føderale flyadministrasjonen, skal same dag visstnok ha stengt ned luftrommet nær Atlanterhavet slik at Pentagon kunne skyte ned ballongen. 15:40 lokal tid skaut Pentagon ned ballongen utanfor kysten av Nord- og Sør-Carolina. Ifølgje Document-redaktør Hans Rustad pågjekk det 4.februar ein operasjon for å redde vrakrestane. Politisk press tvinga Biden-regimet til å handle. Pentagon har følgt ballongen frå den tok av frå det kinesiske fastlandet, og kunne ha skote den ned då den kom inn over Alaska. Det var jagarfly som skaut ned ballongen. Kinesarane er som forventa fornærma over at nokon antydar at det kan vere spionasje, og mykje står på kva amerikanarane finn blant vrakrestane.