Gullkorn frå «president» Biden: Meir enn halvparten av kvinnene i administrasjonen hans er kvinner!

Steve Watson i Summit.news har teke den ikkje akkurat utfordrande oppgåva å samle nokre videoklipp som viser den noverande mentale og kognitive tilstanden til USA sin falske president Joe Biden.

Sitat frå videoklipp 1 (mi omsetjing): «Det er meg ei glede å ønskje presidenten min [Bill Clinton] velkommen tilbake til den amerikanske kongressen – tilbake til United States Capitol, og han har lovd meg at eg kan få sitje ved skrivebordet mitt i morgon.» Desse orda fall i Det kvite hus.

Sitat frå videoklipp 2: «Meir enn halvparten av kvinnene i administrasjonen min er kvinner.»

Som Greg Price skriv på Twitter: «I Bidens forsvar tek han ikkje fullstendig feil», og viser eit bilete av ei av trans-«kvinnene» i administrasjonen, Rachel Levine (fødd Richard Levine).

I videoklipp 3 snakka Biden om seksuelle åtak på kvinner, og at kvinner må kunne finne tryggleik frå slike åtak, gjennom til dømes å få ubetalt fri frå jobb. Ein lettare ukomfortabel Bill Clinton sit i bakgrunnen og høyrer på. I 1993 vedtok dåverande president Clinton Family Medical Leave Act. Nokre år seinare vart han involvert i Monica Lewinsky-skandalen.

I eit relatert klipp held Kamala Harris ein tale der ho lovpriser Clinton for sin innsats for å hjelpe kvinner med framgang. I Greg Price sine ord: «Kamala seier at det er hennar ‘store ære’ å ønskje velkommen Bill Clinton til Det kvite hus, eit seksuelt rovdyr som har blitt skulda for valdtekt og seksuelle åtak på tallause kvinner, og som Epstein-anklagarar seier i rettsdokument at dei såg på øya hans.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s