Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Ei bok frå 1992, The Conspirators Hierarchy, the Committee of 300, skrive av eks-CIA-agent John Coleman, får fornya merksemd sidan spådommane om ei «post-industriell» verd kontrollert av globalist-teknokratar ser ut til å bli verkelege.
I boka hevdar Coleman at ein internasjonal komité, leia av Bilderberger-gruppa og vestlege etterretningsbyrå, kjem til å styre verda mot ei dystopisk framtid, der fire milliardar «useless eaters» vil bli fjerna innan 2050 ved hjelp av avgrensa krigar, organiserte epidemiar og hungersnaud.
I dag er verda vitne til ein avgrensa krig i Ukraina, og eit leke memo frå US Air Force-generalar som åtvarar at USA kan vere i krig mot Kina innan 2025.
Covid-19-pandemien har òg late autoritære regjeringar innføre massenedstengingar, globalt økonomisk uføre og utbreiinga av autoritære tiltak, alt dette i tråd med Coleman sine spådommar.
Andre spådommar frå boka inkluderer fremjinga av obligatorisk pornografi på skular, øydelegging av industri og kjernekraft, kontroll av landbruk og matproduksjon av komiteen av 300, og eit dytt mot grøn energi som ikkje kan oppfylle noverande energibehov.
Høyrest noko av dette kjent ut?
I 2023 er det liberale media besett av å fremje drag queens på skular.
Landbruk og matproduksjon har blitt overteke av globalist-eliten, der Bill Gates har blitt USA sin største eigar av jordbruksland, og den nederlandske regjeringa tvingar bønder vekk frå eigedommane sine for å kunne lyde dei øydeleggjande grønenergi-måla til World Economic Forum.
Resultata har vore tragiske, med matmangel og dramatisk aukande energiprisar som straffar vanlege folk.
Ifølgje Coleman si 1992-bok er desse noverande hendingane ikkje eit samantreff, men del av ein fleire tiår lang plan for å innføre eit nyføydalistisk, post-industrielt samfunn.
Å peike på hykleriet til eliten ser ikkje ut til å so mykje som rokke ved dei. Kvifor ikkje? Fordi dei har inga skam… Dei har inga skam fordi dei ikkje har noko moralsk kompass. Dei har ingen moralsk kompass fordi dei har som leveregel «målet heilaggjer middelet».
Denne maksimen et seg inn i kvar fiber av ideologien deira, frå val til opne grenser, til klimaendring, abort, kva som helst.
Denne maktkåte kabalen av milliardærar og politikarar har lenge konspirert for å slavebinde massane, og no gjer dei trekket sitt.
Og dei er bestemte på å halde fram med å kaste blår i auga på dykk.
World Economic Forum har erklært at dei har rekruttert fleire hundre tusen «informasjonskrigarar» for å kontrollere Internett, tråle sosiale media og forum etter «feilinformasjon» og konspirasjonsinnhald som deretter vil bli systematisk stengt ned.
Ifølgje WEFs Klaus Schwab, er feilinformasjon på Internett ein «infodemi» som er «potensielt dødeleg» og krev ein «kur». Definisjonen på feilinformasjon, ifølgje WEF, er alt dei er ueinige med. Dette tydar at informasjonskrigarane essensielt vil vere opptekne med å stengje ned dissens.
Konspirasjonsforum og YouTube-kommentator-seksjonar blir gjort til målskiver av sokalla «digitalt naudpersonell» som læst som dei er vanlege brukarar av plattforma, men som faktisk arbeider for å forstyrre prosedyrar og støtte ideologien til Klaus Schwabs WEF.
Då ho annonserte nyheita på ein WEF-podcast, sa FNs kommunikasjonsdirektør Melissa Fleming: «So langt har vi rekruttert 110 000 informasjonsfriviljuge, og vi utstyrer desse informasjonsfriviljuge med den typen kunnskap om korleis feilinformasjon spreier seg og ber dei tene som ei form for ‘digitalt naudpersonell’ i desse områda der feilinformasjon reiser.»
WEF påverkar underbevisst massane for å dytte forteljingane sine på folket.
På podcasten kom òg hovudstraumsjournalist Mark Little med potensielle løysingar på den sokalla «infodemien».
Little har arbeidd for Twitter og grunnlagt Storyful, eit sosialmedie-nyheitsbyrå nært tilknytt faktasjekkarprogrammet. Han har no lansert Kinzen, eit selskap som trugar med å bruke kunstig intelligens for å sensurere nettinnhald på vegner av elitane.
«Eg har byrja å sjå spreiinga av feilinformasjon som ei global helsekrise,» fortel Little World Vs Virus. «Feilinformasjon er ein sopass alvorleg trugsel mot samfunnet vårt. Feilinformasjon skjer med våre venner og familiar. So vi må finne strategiar for å, fyrst av alt, gjenkjenne det. Og for det andre, som aktive borgarar, akkurat som vi går med munnbind for å beskytte andre, må vi vere den gode borgaren, den aktive vektoren som kjempar igjen i daglegliva våre.»
World Economic Forum er ikkje den einaste globalist-organisasjonen som har som mål å kontrollere forteljinga på sosiale media ved å sleppelaus hundretusenvis av «informasjonskrigarar».
Google si Jigsaw-eining sponsar ein RAND-rapport som tilrår «å infiltrere og underminere» nettbaserte konspirasjonsforum frå innsida. Ifølgje rapporten er den beste måten å underminere konspirasjonsforum å «plante autoritative meldingar når enn det er mogleg».
So kva er «autoritative meldingar»? Dersom du har brukt ei viss tid på forum i det siste, kan du ha lagt merke til at når eit interessant eller eksplosivt emne blir skapt, blir tråden straks overfløymt av brukarar som etterlèt meldingar som dissar det opphavlege innlegget, plukkar det frå kvarandre og i grunnen prøver på alle tenkjelege måtar å kaste tvil på legitimiteten til det.
Denne typen åtferd er eit døme på «autoritative meldingar» og blir utført av brukarar som tek del på vegner av World Economic Forum, eller Google si Jigsaw-eining.
Rapporten fastslår at dersom «autoritative meldingar» i konspirasjonsforum er vellykka, vil sokalla «moderate konspirasjonsteoretikarar» vende seg om til å bli påverkarar og hjelpe til med å føre «flokken» til grønare enger som «merke-ambassadørar» for alle sitt beste, og lære andre korleis dei sjølve tok feil.
Google-rapporten hevdar vidare at medlemmer av konspirasjonsforum til slutt vil bli overtala av bombarderinga av innhald flagga av algoritmar, og dei vil sakte gå over til å tru at hovudstraumsmedia og faktasjekkarane har rett berre utifrå sjølve volumet av evidens og/eller gruppepress for å tilpasse seg.
Utifrå innhaldet i denne rapporten er det tydeleg at elitane ikkje har nemneverdig respekt for intelligensen og uthaldet til den gjennomsnittlege sokalla «konspirasjonsteoretikaren». Det er her dei tek feil.
Den gjennomsnittlege brukaren av konspirasjonsforum i 2022 har allereie vist seg sjølv verdig ved å avvise det altomfattande hovudstraumsmedia og alle dei falske nyheitene, trass ei endelaus pepring av propaganda og føreseiande programmering [engelsk predictive programming; mitt forsøk på omsetjing]. Det er denne gjengen som forstår at heile verda er ei scene. Det er desse folka som allereie er kampherda.
Å prøve å infiltrere konspirasjonsforum og sosiale media og underminere visse medlemmer ser ut som ein taktikk som vil bli oppfatta som ei inntrenging som berre aukar splittinga og fører til endå mindre tillit. Når det er sagt, er det viktig at vi forstår naturen til informasjonskrigen som blir ført av dei som herskar.
Vi er ein del av noko stort no. Elitane ville ikkje ha valt seg ut konspirasjonsforum og sosiale media som mål i 2022 dersom desse foruma ikkje var dei siste stadene på jorda der sanning blir oppdaga og løgner eksponert.
Vi har potensialet til å øydeleggje fortidas kjeder. Kontrollen, splittinga, hatet og skiljinga. Vi skaper bokstavleg tala ei ny verd. Det er difor kontrollapparatet er so redde. Dei veit at dei ikkje kan stoppe dette. Dess meir dei lyg, dess meir dei bedreg, dess meir eksponerer dei seg sjølve, og dess nærare er dei ved å misse kontrollen.
Vil du slutte deg til kampen mot fridom, eller vil du skjelve av frykt og underkaste deg krava til den globale eliten? Valet er ditt. Men kva enn du gjer, ikkje undervurder konsekvensane av vala dine.