Av Paul Craig Roberts. Omsett av saksyndig.
Få amerikanarar forstår at samfunnet deira har blitt revolusjonert. USA er ikkje lenger kva det var. Kor enn du vender blikket, har alt blitt styrta. Eg vil illustrere det med tre artiklar frå City Journal, publisert av Manhattan Institute. To er skrivne av Heather MacDonald og éin er av John O. McGinnis. Heather McDonald forklarer kva som har skjedd med museum (vinteren 2022) og med den medisinske profesjonen (sommaren 2022). John McGinnis (våren 2022) forklarer kva som har skjedd med den juridiske profesjonen. Begge forfattarane er gode i oppgåva si og har gjort heimeleksa si. Mi forteljing står på ein svak andreplass i forhold til deira artiklar.
Museum er verjene til historia og kunsten til ein kultur. Sidan USA vart busett av kvite folkegrupper frå Storbritannia, Irland og Europa, reflekterer historia og kunsten på museum kulturen til kvite. Problemet er at eit halvt hundreår med ikkje-kvit innvandring har rasemessig mangfaldiggjort og multikulturalisert USA til eit Babels tårn, og den eurosentriske tradisjonen tok ikkje «rase-utfallslikskap» med i reknestykket. Kort fortalt er samlingane kvite, og kvitt er rasistisk.
Heather McDonald sitt døme på kva som skjer med museum er kunstinstituttet i Chicago. Direktør for instituttet, James Rondeau, er skjemd over kvitheita og er bestemt på å gjere museet til eit antirasistisk verktøy. Sidan berre kvite er rasistar, tydar det at museet skal bli eit anti-kvitt verktøy.
Rondeau byrja med å gje 82 kvite dosentar sparken, friviljuge som heldt guida turar og forklarte kunsten til skulegrupper. Resonnementet er at kvite stemmer ikkje kan kommunisere til farga menneske. Heather McDonald skriv at «ingen ville våge å antyde at ein svart person ikkje kan undervise kvite elevar, men det er uproblematisk å seie» det motsette.
Sidan inventaret til museet er kvit kunst, som ifølgje antirasistar held gåande kvit makt, kva er verdien deira for antirasistiske museumsdirektørar? Heather McDonald er bekymra for at «sluttresultatet, om det får gå sin gang, vil vere kanselleringa av ein sivilisasjon».
John McGinnis skriv at jus-profesjonen har blitt om til ei radikal, progressiv kraft for endring, og at denne «forvandlinga av jus-profesjonen markerer ei fundamental endring i amerikansk demokrati». American Bar Association, tidlegare ein forsvarar mot «timens kjensler», er i dag eit venstrevridd krafthus som bruker «sin påverknad på akkreditteringsprosessen på jusskular til å gjere dei endå meir monolittisk venstrevridde enn dei allereie er». Jusskulane, som ikkje lenger er forplikta til å støtte den etablerte ordenen, men til å underminere og forvandle den, har vendt ryggen til Grunnlova sitt krav om likeverdig behandling under lova. Rasepreferansar for kven som får bli elevar basert på hudfarge, har allereie blitt institusjonalisert. Rase- og kjønnspreferansar i tilsetjingsprosessen på fakulteta er essensielt rådande praksis, om ikkje til og med obligatorisk. Idelogiske preferansar som bakanforliggjande årsaker verkar å vere tydeleg til stade, sidan konservative på jusskular er i ferd med å bli utrydda.
Nye krav for jusskular utgjer institusjonaliseringsdogme og krev opplæring, slik som kritisk raseteori, rundt tema som er urelaterte til nokon distinktive juridiske ferdigheiter. So du studerer no jus for å lære korleis ein er ein antirasist. Dette antydar at framtidas jus vil vere kjenslebasert.
Heather McDonald forklarer at American Medical Association [den amerikanske legeforeininga] òg er ein handhevar av rasemessige preferansar. Ho skriv at «medisinsk utdanning, medisinsk forsking og kompetansestandardar har blitt øydelagt av to relaterte hypotesar: at systemisk rasisme er ansvarleg både for raserelaterte ulikskapar i demografien til den medisinske profesjonen og for raserelaterte ulikskapar i helsemessige utfall. Å stille spørsmålsteikn ved desse hypotesane er profesjonelt sjølvmord. Enorme mengder midlar øyremerkt offentleg og privat forsking blir flytta frå basisk vitskap til politiske prosjekt som har som mål å plukke frå kvarandre kvitt overherredømme. Resultatet vil bli ein nedgang i kvalitet innan medisinsk omsorg og ein bremsekloss for vitskapleg framgang.»
Sidan American Medical Association går utifrå at der ikkje finst nokon skilnader i evne og intelligens blant rasane, vil alle skilnader innan representasjon og prestasjonar vere på grunn av rasisme. Merittbaserte system er verktøy for kvitt overherredømme og står i vegen for rase-utfallslikskap og raserettferd.
I sjølve lagera til kulturen vår [museum] er kvitheita under åtak. I jus-profesjonen er kvitheit under åtak. I den medisinske profesjonen er kvitheit under åtak. Kor er kvitheita ikkje under åtak? Legg òg merke til at det er kvite som går til åtak på kvitheita. Med Heather McDonald sine ord er «kanselleringa av ein sivilisasjon» på god veg.