Indoktrinering på gang? Kinesiske, CCP-tilknytte selskap kjøper opp amerikanske privatskular som har anerkjende militære opplæringsprogram

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.

Fleire kinesiske konsern med omfattande band til det herskande kinesiske kommunistpartiet (CCP) har brukt dei siste åra på å kjøpe opp amerikanske privatskular som har fabelaktige opplæringsprogram for militæroffiserar.

I 2015 vart New York Military Academy (NYMA), ein 126 år gammal førebuingsskule der tidlegare president Donald Trump var elev, selt for nesten 16 millionar dollar til Research Center on Natural Conservation, ein non-profitt støtta av eit kinesisk selskap. To år seinare leid Florida Preparatory Academy i Melbourne, Florida, same lagnaden då eit kinesisk utdanningskonglomerat kjøpte den som del av planen sin om å skape «eit globalt utdanningsallianse-system». (Relatert: Kina held fram med å grafse til seg amerikansk jordbruksland og amerikanske selskap i eit alarmerande tempo.)

Både NYMA og Florida Prep har sterke Junior Reserve Officers’ Training Corps (JROTC)-program for å lære opp framtidige offiserar i United States Armed Forces.

Kinesiske statseigde medieformidlarar hevdar at kinesiske konsern er interesserte i å gå inn i den amerikanske privatskulemarknaden «med håp om å tene på at kinesiske studentar får tilgang til amerikanske colleges».

Tenkjetanken Center for Immigration Studies sa at utanlandske studentar har større sannsynlegheit for å få F-1-immigrasjonsvisum dersom dei søkjer om å få kome inn på privatskular. Denne akseptraten er venta å bli endå høgare dersom dei søkjer om å få bli studentar ved kinesiskeigde institusjonar slik som NYMA og Florida Prep. Tilsette frå fyrstnemnde sa til og med at dei forventa ein auke av kinesiske studentar som byrja ved skulen etter overtakinga.

Kinesisk eigarskap av skular og militærakademi er ein trugsel mot nasjonal tryggleik

I ei melding til Washington Free Beacon sa den republikanske representanten Michael Waltz frå Florida sitt sjette distrikt, ein medlem av House Armed Services Committee, at kinesisk eigarskap av skular med sterke JROTC-program kan utgjere ein reell trugsel mot amerikanske nasjonaltryggleiksinteresser.

«Til det omfanget at desse privatskulane har junior-ROTC-program som dannar ryggrada til framtidas leiarar av militæret vårt, er dette noko eg håper at og forventar at Forsvarsdepartementet vil arbeide med meg for å betre forstå,» sa Waltz.

Med det i sinne sendte Waltz tysdag 31.januar eit brev til forsvarsminister Lloyd Austin, der han oppmoda departementet til å undersøkje kor mange JROTC-program ved private skular i landet som er eigde av utanlandske einingar.

«Med den noverande militærrekrutteringskrisa er eg bekymra for at studentar som vi rekrutterer inn i tenesta frå desse CCP-påverka skulane vil ha eit sympatisk syn på Kina sin politikk og strategiske mål,» skreiv Waltz i brevet sitt til Austin.

I 2021 viste dokumentasjon at kinesiske selskap og statlege institusjonar sikra seg over 120 millionar dollar i kontraktar med amerikanske universitet.

Frå 2013 til 2020 mottok rundt 115 colleges og universitet nesten éin milliard i pengegåver, kontraktar eller begge frå einingar lokalisert i fastlands-Kina. Harvard universitet var på fyrsteplass med nesten 94 millionar dollar, der størstedelen var i form av gåver.

Kina sin påverknad på den amerikanske utdanningssektoren driv og veks, noko som er drivstoff for spekulasjonar når det gjeld Kina sine motiv og kor mange andre utdanningsinstitusjonar som har blitt vellykka infiltrert av CCP.

Utan noka betydeleg endring i statleg politikk når det gjeld utanlandsk eigarskap av amerikanske institusjonar, er det særs sannsynleg at kinesiske konsern berre vil halde fram å gjere dette. Waltz sjølv skreiv at han er bekymra for at Pentagon sine ressursar «utilsikta hjelper til med å fremje og støtte desse skulane», og at realiteten til kinesisk eigarskap av amerikanske privatskular vil tene som «ein vekkjar».

I dette klippet frå InfoWars snakkar Alex Jones med tidlegare Green Beret Ivan Raiklin om korleis CCP fanga den amerikanske regjeringa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s