Av Niamh Harris, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Anna Smajdor, professor i filosofi og etikk ved Universitetet i Oslo, har føreslått å bruke kroppane til kvinner som har blitt erklært «hjernedøde» for å dyrke fram ufødde babyar.
I artikkelen ved namn «Whole body gestational donation» [frasen whole body gestational donation (WBGD) kan omsetjast til «svangerskapsrelatert heilkroppsdonasjon (SRHD)»; oms.an.], skreiv den norske akademikaren: «Svangerskapsrelatert heilkroppsdonasjon tilbyr ein alternativ svangerskapsmetode for foreldre in spe som ønskjer å ha barn, kan som ikkje kan, eller føretrekkjer å ikkje, gå gravide.»
Smajdor føreslår òg at hjernedøde menn «òg vil ha potensiale for svangerskap», som vil auke poolet av potensielle donorar og formilde innvendingar frå feministar.
Den dystopiske artikkelen vart publisert i tidsskriftet Theoretical Medicine and Bioethics seint i fjor [18.november 2022; oms.an.].
LifeSiteNews rapporterer: Smajdor argumenterer at det å bruke kvinner som har blitt erklært «hjernestamme-døde» som vertar for å bere fram eit barn til fødselstidspunktet kan vere eit levedyktig og etisk alternativ i framtida.
«Vi veit allereie at graviditetar kan vellykka fullførast hjå hjernedøde kvinner,» sa den norske professoren. «Der finst ingen openberr medisinsk grunn for kvifor det å setje i gang slike graviditetar ikkje skulle vere mogleg.»
SRHD er den logiske konsekvensen av dagens organhaustingspraksis
I artikkelen diskuterer Smajdor etiske innvendingar som kan oppstå når det gjeld det ho kallar «svangerskapsrelatert heilkroppsdonasjon» (SRHD). Ho argumenterer at dersom ein aksepterer den moderne praksisen organdonasjon frå hjernedøde menneske, vil SRHD berre representere ein «gradsskilnad» i forhold til den praksisen.
«SRHD involverer å behandle pasientens døde kropp som eit middel for å nå eit mål, heller som eit mål i seg sjølve,» sa etikkprofessoren. «Pasienten går frå å vere fokuset medisinmessig, til å bli eit lager av vev som kan bli brukt til nytte for andre.»
«Likevel er dette allereie del av organdonasjonsprosessen vår,» heldt ho fram. «Organdonorar er nesten alltid pasientar som allereie er kopla til respirator, som del av si medisinske behandling. Dersom pasienten blir vurdert til å vere passande som organdonor, vil respiratoren framleis vere tilkopla, saman med andre inngrep for å sikre at organa vil halde seg i optimal tilstand for transplantasjon.»
Smajdor konkluderer med at «dersom vi ser på SRHD som tydeleg horribelt, antydar dette at vi har nokre ubehagelege spørsmål å svare på om framtida av kadaver-organdonasjon.»
Der er visseleg store moralske problem knytt til praksisen organdonasjon, som LifeSiteNews-journalistar har rapportert om i årevis. Altso trekkjer Smajdor heilt korrekt eit logisk samband mellom hennar SRHD-idé og organdonasjon.
Problemet med organdonasjon og organhausting som praksis er at vilkåret for at organa til nokon kan bli fjerna, er at personen er erklært «hjernedød». Derimot kan ein argumentere for at nokon som er erklært hjernedød framleis er i live, sidan vedkomande framleis kan ha normal puls og normalt blodtrykk, vere i stand til å fordøye mat, og vise andre livsteikn. Gravide «hjernedøde» kvinner kan til og med fullføre eit svangerskap, som Smajdor sjølv påpeiker.
Derimot finst der fleire tilfelle der menneske som vart erklært hjernedøde har gjenvunne medvitet.
Kommentar frå saksyndig: Greitt, eg kan ikkje dy meg… Vi har plenty av hjernedøde kvinner innan politikk og leiing som er i fruktbar alder, i tillegg til sokalla «influensarar», «faktasjekkarar» og andre utan fungerande hjernar. Lat dei for éin gongs skuld gjere nytte for seg ved å bere fram barna til dei som ikkje kan få barn sjølv!