Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Sam Altman, adm.dir. i ChatGPT-skaparen OpenAI, har innrømt at kunstig intelligens (KI) har blitt programmert til å plukke frå kvarandre demokratiet i svært nær framtid.
I eit nyleg intervju med tidsskriftet Forbes, innrømte Altman at ChatGPT vart skapt med det eksplisitte føremålet å bringe vidare globalist-eliten sin dystopiske agenda for menneskeheita.
Breitbart.com rapporterer: Altman skildra den noverande situasjonen som «ei spennande tid», og uttrykte håp om at selskapet framleis var i sine tidlege fasar, med mykje rom for vekst og forbetring. Han sa at trass den nylege suksessen med ChatGPT, ser OpenAI framleis på dette som byrjinga av ein lang og eksponentiell veg mot å forbetre KI-teknologi og påverknaden den har på samfunnet.
Då han vart spurt om suksessen til ChatGPT, innrømte Altman at han vart overraska over den plutselege populariteten til den, og sa: «Eg ønskte å gjere det fordi eg trudde det kom til å fungere. So eg er noko overraska over storleiken på det. Men eg håpte og forventa at folk verkeleg kom til å elske det.»
Altman uttrykte òg at han er ein kapitalist, men at AGI (kunstig, generell intelligens som tenkjer som menneske) kanskje kan forstyrre det noverande økonomiske systemet. «Eg synest kapitalisme er fabelaktig. Eg elskar kapitalisme,» sa Altman. «Av alle dei dårlege systema verda har, er det det beste – eller i det minste det minst dårlegaste vi har funne til no. Eg håper vi finn eit mykje betre system. Og eg trur at dersom AGI verkeleg skjer, kan eg førestille meg alle desse måtane det kan knekkje kapitalismen på.»
Altman kommenterte òg parallellane mellom KI-marknaden og andre teknologiar i vekst slik som cloud computing [bruk og lagring av data i nettbaserte «skyer» i staden for på fysiske harddiskar], søkjemotorar og andre. Han sa at medan der er likskapar, er det viktig å gjenkjenne dei subtile skilnadene som gjer kvar teknologitype unik. Han sa at medan det er lett å samanlikne OpenAI til cloud computing-kampar som selskap som Microsoft og Google tok del i, er der skilnader i vala som selskap vil gjere på KI-marknaden.
Då han vart spurt om moglegheita for at ChatGPT kjem til å erstatte tradisjonelle søkjemotorar slik som Google Search, svarte Altman at medan han ikkje trur ChatGPT vil erstatte søk, trur han at eit KI-system kan det ein vakker dag. «Eg meiner, eg trur ikkje ChatGPT gjer det [erstattar søk]. Men eg trur at ein dag kan eit KI-system gjere det. Meir enn det, derimot, trur eg folk går fullstendig glipp av høvet dersom de er fokuserte på gårsdagens nyheiter. Eg er mykje meir interessert i å tenkje på kva som kjem, langt meir enn berre [teknologi som er relatert til] søk.»