Av Tim Graham, Newsbusters.org. Omsett av saksyndig.
Dei «uavhengige faktasjekkarane» som hastar av garde for å forsvare president Biden, vil at alle skal vete at «USA framleis eksisterer». PolitiFact, Lead Stories, Associated Press og USA Today gjekk alle til åtak på ein TikTok-video som påstod at Biden signerte vekk amerikansk suverenitet nyleg under eit besøk til Mexico på eit toppmøte med leiarane av Mexico og Canada.
3.januar oppsummerte Samantha Putterman i PolitiFact:
«Eksisterer ikkje lenger USA? Les du dette frå eit nedlagt land?
Nei, men det påstår ein video som spreier seg på Internett.
‘Visste du at United States of America slik du kjenner det ikkje lenger eksisterer?’ spør ein person på ein mykje delt Facebook-video. Påstanden, som har blitt delt 3600 gonger på Facebook, debuterte på TikTok før den flytta over til andre plattformer.
‘Og eg meiner ikkje dette teoretisk. 10.januar 2023, medan ingen følgde med, signerte Joe Biden vekk suvereniteten vår som nasjon’.»
Facebook flagga dette innlegget med ei åtvaring frå alle tre faktasjekkarane – i tilfelle du trudde at USA har opphøyrt å eksistere.
Dokumentet, ei «erklæring for Nord-Amerika», er ein av desse «delte mål»-meldingane som leiarar kjem med etter eit møte. Det byrja med ei samla forplikting for «mangfald, utfallslikskap og inkludering», og sa at leiarane «gjentok si samla plikt til å beskytte sivilrettar, fremje raserettferd, utvide vern for LGBTQI+-personar og levere meir likestilte utfall for alle.» Dei peikte seg òg ut «urfolk». Ingen «faktasjekkarar» lurte på om «mangfald, utfallslikskap og inkludering» faktisk er det motsette av inkluderande eller utfallslikt.
Graph Massara frå AP [Associated Press] forklarte:
«Erklæringa er ikkje bindande – eller nokon stad nær so ekstremt.
‘Denne meldinga er i grunnen gladtale om samarbeid mellom dei tre regjeringane og skaper ingen nye juridiske forpliktingar,’ sa Walter Olson, ein senior fellow ved Cato Institute som studerer grunnlovsjus…
‘Det er sant at når faktiske traktatar blir skrivne og ratifiserte [godkjende], kan dette påverke amerikansk suverenitet. Dette kan vere eit område for bekymring,’ sa Olson. ‘Men ingen ny traktar blir skapt her.’»
Traktatar må ratifiserast av det amerikanske senatet. På sin «Hoax Alert» [«spøk-alarm»] la Lead Stories til:
«Ei heller tydar det, som kvinna i videoen påstår på 1:30-merket, at politipersonell i USA blir ‘leigesoldatar som arbeider for ein ikkje-suveren som betaler dei for å kontrollere oss og hindre oss i å sikre våre rettar, fridom og grenser.’ DNA [Declaration of North America] er ei håpefull forplikting – den typen som vanlegvis oppstår etter møte mellom toppleiarar.»
Vi tviler ikkje på at «faktasjekkarane» har rett, det ser berre ut som dei kollektivt er særs sensitive overfor feilinformasjon som kan skade Demokrat-sida.