Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.
Dei nylege observasjonane av «spion»-ballongar over USA kan vere testrundar køyrt av Beijing for eit snikåtak på amerikanarar med små kjernefysiske eksplosjonar som utløyser massive straumbrot på grunn av elektromagnetiske pulseksplosjonar.
«Ballongar i stor høgd, slik som den Kina hadde flytande over diverse militærbasar i fjella førre veke, er sett på som ei viktig ‘leveringsplattform’ for hemmelege atomåtak på det amerikanske straumnettet, ifølgje tenestepersonar innan etterretning,» rapporterte the Washington Examiner. «Spionballongar, brukt av Japan for å sleppe bomber under Andre verdskrig, er no langt meir sofistikerte, kan fly so høgt som 200 000 fot [nesten 61 000 meter; oms.an.], unngår å bli oppdaga, og kan bere ei lita atombombe som, dersom den eksploderer i atmosfæren, kan stengje ned nettet og utslette elektronikk i ein radius av fleire delstatar.»
Nyheitsformidlaren rapporterte vidare at trugselen om eit ballong-lansert EMP-åtak fyrst vart nemnt av ein kongresskommisjon og av det amerikanske militæret for ein del år sidan. American Leadership & Policy Foundation skreiv i ein rapport frå 2015 forfatta av Air Force-major David Stuckenberg, ein toppekspert på EMP, at slike ballongar er ein vesentleg trugsel mot den nasjonale tryggleiken på grunn av kva dei er i stand til å gjere.
Rapporten, som hadde tittelen «Novel High-altitude Delivery Platforms for Weapons of Mass Destruction/Weapons of Mass Effect» [«nye storhøgds leveringsplattformer for masseøydeleggings-/masseeffektsvåpen»] skriv:
«Kan ein stat, pseudostat eller ikkje-statleg(e) aktør(ar) levere masseøydeleggingsvåpen (MØV)/masseffektsvåpen (MEV) for å strategisk påverke USA sin infrastruktur ved hjelp av noko anna enn interkontinentale ballistiske missil (IKBM), ubåt-utsendte ballistiske missil (UUBM), eller andre konvensjonelle metodar? Svaret er ‘ja’. Altso burde naudleiinga og det nasjonale tryggleikssamfunnet undersøkje og oppnå forståing av kor enkelt det er å bruke nye leveringsplattformer for å oppnå offensive føremål mot USA.»
«Medan etablerte og avleia system slik som Russland sine (havgåande fleirbruks- Status-6-system) atomtorpedoar held fram med å utgjere strategiske trugslar mot USA, har den aukande bruken av dei vist seg føreseieleg over tid,» held rapporten fram. «Derimot har veksten av global terrorisme skapt ein ny risikodimensjon for USA spesielt – ein som presenterer seg sjølv på ein kaotisk, nyskapande og dårleg definert måte.»
«Som ein konsekvens burde planleggjarar byrje å adressere nye strategiske trugslar ved å forstå kva som kan gjerast, heller enn kva som har blitt gjort. Ei slik tilnærming er kritisk viktig for å beskytte det amerikanske samfunnet og den kritiske infrastrukturen,» la den til.
«Å bruke ein ballong som ei plattform for MØV/MEV kan gje motstandarar ei rekkje høgder [å operere frå] og lastingsalternativ [kor mange bomber per ballong] som vil maksimere den offensive effekten på USA,» skreiv Stuckenberg. «Ein storhøgdsballong kan bli designa, skapt og sleppt ut i løpet av nokre månader. Der finst ingenting som kan hindre fleire hundre kilo våpenmateriale å bli levert frå høgda.»
I eit kort intervju fredag [3.februar 2023] med The Examiner, sa Stuckenberg: «Kina si nylege ballongflyging over USA er ei tydeleg provoserande og aggressiv handling. Det var mest sannsynleg ein type testrunde meint å sende ein strategisk bodskap til USA. Vi må ikkje ta dette for gjeve.»
Demokratiske og republikanske lovgjevarar krev begge at Biden-regimet forklarer kvifor ballongen fekk lov til å gå inn i amerikansk luftrom i fyrste omgang, og iallfall kvifor den fekk overleve etter å ha blitt rapportert av medieformidlarar.
Den demokratiske senatoren Jon Tester i Montana, delstaten der ballongen fyrst vart rapportert å vere torsdag [2.februar], sa at han har planar om å halde ei høyring med Defense Appropriations Subcommittee som han er leiar i for å få svar om ballongaffæren. [Enkelt forklart bestemmer denne underkomiteen bruken av øyremerkte midlar til det amerikanske forsvaret; oms.komm.].
«Montana set høgt fridom og privatliv, og eg vil alltid kjempe for å forsvare begge,» sa Tester fredag. «Kina sine handlingar er ein tydeleg trugsel mot desse verdiane, og mot amerikansk nasjonal tryggleik, og eg krev svar frå Biden-administrasjonen. Eg vil kalle inn folk føre komiteen min for å få ekte svar om korleis dette skjedde, og korleis vi kan hindre at det nokosinne skjer igjen.»
Senator Eric Schmitt (Republikanar, Montana), ser òg etter svar etter ballongen flaug over delstaten hans fredag.
«Eg ber om ei etterforsking og krev svar frå Biden-administrasjonen om kvifor ein kinesisk spionballong fekk lov til å sveve over kritisk militær infrastrktur i Missouri og over heile indre USA utan nokon inngrep,» sa han på Twitter.