Sjå òg «Gang-stalking: Det er ikkje paranoia om dei verkeleg er ute etter deg», publisert 3.januar 2022.
Vibeke har i minst 16 år blitt personforfølgt av ein av naboane. På folkemunne blir dette kalla «stalking», altso gjenteken merksemd mot ein person som ikkje ønskjer merksemd. NRK har to gonger intervjua ho (her og her), og fortel at ho har meldt han til politiet heile sju gonger. Ingenting har derimot blitt gjort, sidan politiet ikkje vurderer han som farleg for Vibeke. Berre plagsam. Ein døm frå Høgsterett slår òg fast at personforfølging er tillate – so lenge den som forfølgjer klarer å skjule at han gjer det.
Spesielt i ein undergang i nabolaget har mannen følgt etter ho springande, og til og med sneia borti ansiktet hennar. I staden for å opprette sak på mannen, har politiet gjeve Vibeke råd om å unngå nemnde undergang når det er mørkt.
NRK skriv:
«Statsadvokat Kaia Strandjord i Trøndelag meiner det er eit hol i lova som gjer at ‘snikstalking’ ikkje er straffbart.
‘Det var ein tidlegare forvaringsdømd som gjekk rundt og kikka inn vindauga og snikfotograferte unge jenter. Han blei frifunnen i Høgsterett fordi det ikkje låg innanfor hans forsett av han skulle bli oppdaga’. Forklarer Strandjord.
Med denne dommen slår altså Høgsterett fast at stalking er tillate så lenge ‘stalkeren’ klarar å skjula det.»
Statsadvokaten sendte i 2019 inn eit lovforslag til Riksadvokaten, som sendte det vidare til justisdepartementet. I 2021 var lovforslaget på høyring, men sidan har det ikkje skjedd noko.
Statssekretær i justisdepartementet, Hans-Petter Aasen, meiner at dei som meiner seg utsette for personforfølging bør melde frå til politiet, sidan det «finst straffereglar i dag også som kan dekkja desse handlingane […]».
Vibeke har installert alarmar og kamera i leilegheita, og har alltid persiennene nede. Mannen, som bur i ei blokk rett bortanfor ho, nektar for at han ser på ho eller forfølgjer ho – men NRK skriv at han dukkar opp i vindauga under sjølve intervjuet. «NRK har også sett ei rekkje videoar og bilde ho har tatt av han der han kjem etter ho inn på t-banen eller på gata.»
No vil Vibeke ha fortgang i prosessen om å gjere personforfølging straffbart. Ifølgje ein norsk studie frå 2014 blir kvar åttande kvinne personforfølgt i løpet av livet.
Det er uvisst nøyaktig kvifor mannen har «forfølgt» Vibeke i 16 år, men i den fyrste NRK-artikkelen frå 27.desember 2021 står det følgjande:
«Det er 13 år siden Vibeke første gang hørte fra mannen hun nå gjemmer seg for.
Da ringte han til ei av Vibekes naboer og lurte på [om] hun var den ‘pene dama med svart hår og katt’. Naboen sa nei. Den eneste mørkhårede med katt i blokka var Vibeke.
Mannen bekrefter historien til NRK.
‘Jeg husker at jeg tenkte: ‘Du verden, er det så kjekke jenter i nabolaget?’ Så jeg prøvde å få tak i telefonnummeret hennes, sier han.»
I den artikkelen kjem det fram at Vibeke tidlegare var ei «utadvendt karrierekvinne» og «arbeidsjern», og at ho har jobba som eigedomsforvaltar i fleire firma. Alt dette endra seg etter denne påståtte forfølginga starta. Det kan ha med romantisk avvising å gjere. Ho fortel til NRK om sitt fyrste møte med mannen. Då var ho på T-banen på veg heim:
«Hun sto i et hjørne og kikket ut da hun hørte en stemme bak seg.
‘Har du hatt en fin dag? Du er vakker.’
Da hun snudde seg, følte hun seg fanget i hjørnet. Mannen holdt fast i en stang på hver side av henne. Han fortsatte å prate:
‘Skal ikke vi drikke vin og bli bedre kjent?’
Vibeke forteller at hun sa høyt og tydeleg ‘nei’, og at hun etter hvert kom seg av T-banen og løp for å låse seg inn i garasjen. Hennes daværende kjæreste ringte og kjeftet på mannen. [han] Sendte også en SMS der han truet med å melde saken til politiet.»
Mannen har ein litt anna versjon. Han skildrar sjølv samtalen på T-banen som «hyggelig», og erkjenner at det var eit litt klønete forsøk på å bli kjent. Han beklaga då kjærasten til Vibeke ringde han. Han seier: «Jeg er en fredelig kar. Dessuten er jeg litt senior og har ikke tid til tull […].»
Etter hendinga på T-banen gjorde mannen seg til ein fast del av livet hennar ved å stadig minne ho på at han eksisterte. Han såg ut til å arrangere tilfeldige møte med ho, mellom anna i ein butikk som låg langt frå der begge budde. «Små drypp som stadig minnet henne på at han var der. Små hendelser som noen ganger brøt med vanlig folkeskikk, men som ikke var ulovlige.» Det var dermed ikkje grunnlag for politiet å gje han kontaktforbod.
NRK såg fleire bilete og videoar av mannen, men dei viser berre ein mann som «står og iikker ut i lufta ved siden av henne eller leser avisa på perrongen». NRK dreiv òg ein periode hausten 2021 og følgde etter Vibeke for å dokumentere denne påståtte personforfølginga. Som dei sjølve skreiv:
«Vi har sett ham i vinduet hjemme, men bare én gang har han dukket opp ute. Det eneste han gjorde var å sende Vibeke et langt blikk og så gå videre for å drikke kaffe. Det føltes meir som om vi stalket ham.»
I 2021 meinte mannen at alt dette berre gjekk føre seg i hovudet på Vibeke, og at anklagane var «noe fordømt tøv».
«Jeg har lurt på om hun enten er veldig innbilsk eller kanskje syk,» sa han den gongen.
Andre kjelder i Vibeke sin omgangskrins avviste at det var noko Vibeke innbilte seg. Ho skal ha fått tilbod frå nokon der om å banke opp mannen. Det har ho takka nei til, det er jo straffbart å banke folk opp.
I dei tilfella der personforfølging har blitt dømt, har gjerningspersonane gjort seg skuldige i gjentekne brot på besøksforbod (kontaktforbod), telefonterror og skremmande trugslar eller vald. Medan vald allereie er forbode, går telefonterror og trugslar inn under plagsam og trugande åtferd, der gjerningspersonen med forsett prøver å intimidere offeret. Personleg har eg vore borti langt meir fiendtleg åtferd enn det Vibeke skildrar, men sjølv ikkje der har det vore reelt grunnlag for å opprette politisak. Enkelte persontypar er av ein mørkare natur enn andre, og slike veit godt korleis dei skal lage kvalme og ubehag hjå andre utan at politiet kan løfte ein finger for å stoppe dei.
Sjå òg «Psykopaten er vår fiende, men han kan vinnast over», publisert 22.mars 2022.
