Bill Gates skreiv på dåverande Twitter 19.desember 2019 (mi omsetjing):
«Kva er det neste for stiftinga vår? Eg er spesielt opprømt over kva det neste året kan innebere for eit av dei beste kjøpa våre innan globalhelsa: vaksinar.»
Med «stiftinga» vår meiner han naturlegvis Bill and Melinda Gates Foundation, ein av hovudaktørane bak den fabrikkerte covid-19-«pandemien». Og mRNA-injeksjonane som ikkje på nokon måte kan kallast vaksinar, var pengekua som Gates og hans medsamansvorne i den sataniske eliten kom til å presse på verdas befolkning. Planen deira eksisterte allereie i 2019, sjølv om dei utan tvil hadde planlagt det endå lenger tilbake i tid; SARS-CoV-2 vart patentert allereie i 2007. Manuset som alle leiarar i Vesten skulle følgje til punkt og prikke var ferdig på den tida Gates skreiv denne etter kvart so berykta Twitter-meldinga.
Natural News-skribent Lance D Johnson skriv:
«På Trinity Health Freedom Expo i Chicago i 2019, diskuterte eit panel av talarar den særs reelle moglegheita for komande vaksinemandat og vaksinepass for reiser. Det som på den tida høyrdest ut som ein konspirasjonsteori, viste seg å vere verkeleg berre nokre månader seinare, då Verdas helseorganisasjon (WHO) erklærte ein global koronavirus-pandemi og kravde strenge nedstengingar og ein ny vaksine for å kome tilbake til normalen.»
Ironisk nok vart mange av talarane på nemnde Chicago-arrangement seinare skulda for å vere «spreiarar av feilinformasjon». Dei fekk innlegg fjerna, og vart sensurert over sosiale media. Enkelte av desse sanningsforteljarane vart seinare gjort til målskive av den føderale regjeringa og påstått å høyre til «Desinformasjonsdusinet» (Disinformation Dozen på engelsk), og Biden-regimet kravde i full offenlegheit (og i fullt alvor) at «Desinformasjonsdusinet» vart fjerna frå sosialmedieplattformer. Toppsjefane i føderale byrå rotta seg saman med desse sosialmedieselskapa for å kvele sanninga.
Johnson skriv:
«Derimot gjorde intimideringa, injuriane og sensuren ingenting for å endre sanninga, og helsefridomsrørsla voks eksponentielt i kjølvatnet av denne plandemien. Då ein manusført koronavirus-pandemi vart vekt til live, med vaksinemandat, vaksinepass og andre former for medisinsk tyranni, byrja fleire å sjå vondskapen og dei rovdyraktige intensjonane bak plandemien. […]
I oktober 2019 samla Johns Hopkins Center for Health Security, World Economic Forum og Bill and Melinda Gates Foundation seg på Event 201. På det berykta møtet kom desse elitegruppene til å diskutere ein komande koronavirus-pandemi og korleis dei skulle skrive manus til regjerings- og medieresponsen. Denne planlegginga fann stad ti veker før covid-19-utbrotet fyrst byrja i Wuhan i Kina.
Dette berykta møtet blir diskutert i ein dokumentar ved namn Plandemic: Indoctornation [sic]. Denne augeopnande dokumentaren er forboden på sosiale media og har til og med blitt fjerna frå YouTube. Den er derimot tilgjengeleg her.
Manuset vart lagt fram på Event 201, med førebudde mediemeldingar som imiterer det som til slutt vart utført i 2020-2022. Mediemeldingane fremja nedstengingar og øydelegginga av sivile fridommar for ‘alle sitt beste’. Der er manus for mangel på verneutstyr [slik som munnbind; oms.an.] og krav og å arrestere dei som spreier ‘feilinformasjon’ om koronaviruset. Desse manusførde meldingane pressa fram vaksinemandat, og viste til og med opptøyar, økonomisk kaos og samanbrotet av sivilsamfunnet.
Denne dokumentaren dekkjer den kriminelle konspirasjonen bak covid-19-vaksine-propagandaen, laboratorieutviklinga av SARS-CoV-2, forretningsplanane og patenta bak SARS-koronavirusa, og bølgja av propaganda som var naudsynleg for å manipulere folket til å underkaste seg totalitære, globale agendaer.
Dokumentaren tek ein nærare titt på rolla til WHO og Tedros Adhanom, Bill and Melinda Gates Foundation, og dr. Anthony Fauci ved National Institutes of Health. Den avdekkjer òg kvitvaskingsopplegget utført av farmasøytiske selskap og andre multinasjonale korporasjonar. Den bryt ned den manusførde medieresponsen og rolla som teknologikjemper i Silicon Valley hadde når det gjaldt å undertrykkje sanninga. […]
Eitt viktig faktum i plandemien er at U.S. Centers for Disease Control (CDC) eig patentrettane til SARS-CoV-2. CDC leverte inn søknad til patentkontoret i 2007 for å gjere dette patentet konfidensielt. CDC eig òg patentrettane til testsetta som vart brukt til å fange opp deira patenterte virus. Det er viktig å merkje seg at dersom SARS-CoV-2 er eit naturleg virus, ville patentet vere ulovleg [ein kan ikkje ta patent på noko som allereie eksisterer naturleg; oms.komm.]. Dersom viruset vart laga i eit laboratorium, ville CDC ha vore skuldig i brot på traktatar og internasjonale avtaler relatert til biologiske våpen. Same kva opererer CDC likevel over lova, og kontrollerer kven som kan forhøyre seg om deira patenterte virus og korresponderande testsett. I tillegg finst der òg eit patent som skildrar metodane for produksjon av rekombinante koronavirus. Det patentet er eigd av University of North Carolina ved Chapel Hill. Eksperiment på koronavirus fann stad ved Wuhans institutt for virologi, som vart finansiert av legat frå dr. Anthony Fauci ved National Institute of Allergy and Infectious Disease, og sendt gjennom dr. Peter Daszak ved EcoHealth Alliance. Desse er dei same institusjonane som kontrollerte forteljinga under covid-19-nedstengingane og vaksinemandata.»
Gløym aldri! Covid-19-plandemien var planlagt lang tid i forkant, og skrive ned til minste detalj i eit manus som alle leiarar i Vesten – inkludert Erna Solberg, Bent Høie, Espen Nakstad, Bjørn Guldvog og Camilla Stoltenberg – følgde slavisk og med største iver og glede.
