Kunstig intelligens kan utrydde mennesket – inkludert ein viss HR-leiar

Mange jobbar anten er eller er i ferd med å bli automatiserte, altso at maskiner gjer jobben i staden for levande menneske. Dette er gode nyheiter for arbeidsgjevar, som dermed slepp å lønne desse menneska. Ein viss HR-leiar i ein av dei kommunale etatane kan dermed lene seg godt tilbake i kontorstolen og late kunstig intelligens (KI) gjere jobben som den irriterande kollegaen tidlegare gjorde. Kor den kollegaen er no, kunne ikkje brydd ho mindre. Ho flirer mektig medan ho ser på det vakre landskapet i 15-minuttsbyen ho bur og jobbar i. Det grøne skiftet er over dei no, og det er ingen veg tilbake. Når var ho sist ute av denne byen? Det kan ho ikkje hugse. Ho hugsar ikkje eingong når ho var sist ute av denne bygningen!

Her har ho regjert i over 20 år, og har stått fjellstøtt gjennom den eine stormen etter den andre. Skandalar har kome som perler på ei snor, og ho har i ekte norsk kommuneleiarånd teke ansvar ved å bli sitjande. No er ho i ferd med å skrive ei annonse. Ei helsefagarbeidarstilling må lysast ut i det kommunale bufellesskapet som leiger ein etasje i den digre, grøne blokka ho lever i. 100% fast stilling. Det er ikkje so mange varme hender å oppdrive lenger, so ho får vel rundt tre søkjarar om ho er heldig. Det speler ikkje noka rolle, for om nokon få år vil nok dei briljante forskarane finne ein måte å erstatte helsepersonell på. Det blir allereie jobba med ein robot som kan stelle desse brysame gamlingane og dei hersens mongoane. Om dei vil det sjølv, er fullstendig irrelevant. Ingen står i vegen for det grøne skiftet!

Brått bankar det leikent og lett på døra til det vesle kottet av kommunal makt på lågaste leiarnivå. Eit ertent «bank-eti-bank» som nærast kjærteiknar døra. Ho snur seg rundt med slikt eit overlegent smil at sjølv veggane held på å kaste opp. I døra står ei ungjente – knapt fylt 25 – i ei lekker beige designardrakt med gullknappar, tre glitrande gullsmykke og ertent dinglande gulløyreringar. Håret er brunblondt og huda krampaktig solbrun. Ja, ho heiter Katinka og er den nye HR-leiaren/rådgjevaren. Har ikkje administrasjonen informert ho om dette?

Nei, her må det då vere ei misforståing, seier den gamle øgla. Eg er jo HR-leiaren, og har vore det i over 20 år!

Ikkje no lenger, seier Katinka med eit ertent flir. HR-leiarstillinga har blitt slått saman med HR-rådgjevarstillinga, slik at den gamle HR-leiarstillinga no har blitt fjerna. På den måten sparer etaten nesten ein million i året.

Den gamle hurpa – som har øydelagt liva til tallause ærlege arbeidsfolk opp igjennom tidene i nokre hekseprosess-personalsaker av ei anna verd – sjekkar dei mange, mange, mange ulesne e-postane, vel over 300 i talet. Der står den lagnadstunge e-posten, sendt tre veker tidlegare. Faktisk er der fleire e-postar. «Innkalling til drøftingsmøte.» «Varsel om permittering.» «Tilbod om sluttpakke.»

I sin skamlause arroganse og kvalmande hybris har ho rett og slett ignorert desse e-postane – ho får jo rundt 250 av dei om dagen. Dei har liksom drukna i mengda. Kjerringa blir sprutraud i det rynkete ansiktet. Ho prøver å forklare seg, men orda prellar av den unge blondina som står der og gliser og strekkjer på seg.

Øh, har fagforeiningane godkjent dette? Eg må jo ha ein advokat!

Det er diverre altfor, altfor seint, kan mektige Katinka opplyse. Vi begge er juristar, og veit at ingen kan gjere noko som helst sidan du har valt å ikkje møte på drøftingsmøte – og fristen for å krevje forhandlingsmøte har for lengst gått ut. Du må pakke saman tinga dine og gå. Gå, gå, gå, vesle deg. Katinka viftar den gamle megga vekk som om ho skulle ha vore eit utruleg irriterande insekt som stadig landa på ho.

Kva med sluttpakken?

Nei, den har du jo sagt ifrå deg, sidan du ignorerte alle e-postane til administrasjonen. Du må nok gå på dagen no når du har stelt deg slik. Ut, ut, ut, eg har mykje å gjere! Du sit på plassen min, dette er invasjon av kommunal eigedom!

Den fæle, gamle fitta blir nærast kasta ut av kontoret som ho har teke ansvar ved å bli sitjande på i over 20 år. Karma har omsider fanga ho og driv no og bit og glefsar ho i ræva. Katinka lukkar døra til kontoret og landar si eiga omfangsrike rumpe i kontorstolen. Her skal ho sitje og ese dei neste tiåra og bli eit kjent, frykta og hata namn i etaten.

Nei, dette skjer ikkje! Ho går gjennom det fyrste stadiet av fornekting no når ho står utan jobb og rettar. Som jurist veit ho at det er ingenting ho kan gjere. Ho har blitt erstatta. Ikkje av ei maskin, men av eit menneske. Ho burde ha sett det kome, sidan det har vore ei drastisk nedbemanning i heile denne administrasjonen dei siste åra. Stillingar har blitt slått saman eller fjerna. Den eine «leiaren» etter den andre har godteke sluttpakke og starta ny karriere – eller gått av med pensjon. No er ho 61. Framleis for ung til å pensjonere seg. Framleis for ung til å leggje seg ned og døy. Men altfor, altfor gammal til å starte på nytt i ein ny jobb.

Ho veit at ei som ho ikkje har ein sjanse i den brutale arbeidsmarknaden, der ungdommar og utlendingar blir favorisert – ho veit det godt, for ho har jo sjølv vore med på å utvikle den!

Den djupt avskydde merra har ingenting anna å gjere enn å krype til korset og kontakte NAV. Ho loggar seg inn på nettsida deira og klikkar seg gjennom ei rekkje skjema. Sidan det var forhold hjå arbeidsgjevar som gjorde at ho miste jobben (nedbemanning), slepp ho 18 vekers hjarterå karantene før ho får dagpengar. Ho tenkjer tilbake på alle dei stakkarane som ho fekk usakleg oppsagt som måtte gå 18 veker før dei fekk dagpengar. Mange av dei namna dukka opp i dødsannonsar. Det var vel ikkje heilt rettferdig, men slik er no systemet som ho var med på å skape.

Ho hadde ei totalt ufortent årslønn på kroner 985 430 – før skatt. Ho ser ut som ho skal eksplodere då ho ser at dagpengegrunnlaget er på usle kroner 1223 kroner – før skatt. Nye reglar, seier dei. Maksgrunnlaget for dagpengar har blitt lågna, truleg på grunn av alle innvandrarane som skamlaust utnyttar systemet. Ho veit dette godt, for det var ho som var med på å opne opp for dette!

Oppsparte midlar er der lite av. Ingen som har hatt ein sikker jobb i alle år er smarte nok til å leggje av pengar til situasjonar som dette. Ho veit ikkje at alle bør førebu seg på å plutseleg misse jobben i våre tider – og ho var delvis ansvarleg for at arbeidslivet vart om til dette monsteret av uvisse og ubereknelege leiarar. Ho har brukt over 20 år på å lage ris til eigen bak, og no blir ho daska og klapsa hardt og endelaust. Alle hennar fiendar står og ler rått av ho, for ho fortener verkeleg sin eigen misere. Gud, som ho angrar!

Etter ei veke tek ho kontakt med fastlegen og bestiller time for eutanasi. Slikt er jo lovleg i Noreg no, takka vere sånne som ho.

Katinka lener seg godt tilbake i kontorstolen og ser ut på den 15-minuttsbyen som ho knapt har sett sine bein utanfor i sitt 25-årige liv. Ho har alt ho treng innan 15 minutts gåavstand, og leilegheita hennar ligg berre tre etasjar over kontoret, i likskap med det enorme kjøpesenteret som utgjer dei nedste etasjane. Treng ho nokosinne å forlate denne bygningen igjen? Ho smiler mektig, rusa på makt og hybris. Deretter instruerer ho den kunstige intelligensen om å skrive ferdig den helsefagarbeidarannonsen.

Det ho ikkje veit, er at den same lagnaden som møtte forgjengaren vil møte ho om nokre år. So ho får nyte årslønna på kroner 985 430 (før skatt) medan ho kan.

Kommenter innlegget