Slankesprøyta Wegovy har HORRIBLE biverknader, men Big Pharma tener fleire titals milliardar i året på den

I 2012 utvikla det multinasjonale farmasiselskapet Novo Nordisk A/S legemiddelet semaglutid, som er verkestoffet i legemiddela Ozempic, Rybelsus og Wegovy. Sistnemnde blir no brukt som sokalla «slankesprøyter» av overvektige, og har, som mange patentbeskytta legemiddel utvikla av Big Pharma, eit vell av temmeleg ubehagelege og beint fram fryktelege biverknader. Dette er ingen konspirasjonsteori, dette er henta frå den engelskspråklege Wikipedia-artikkelen (mi omsetjing):

«Moglege biverknader inkluderer kvalme, diaré, oppkast, forstopping/obstipasjon, magesmerter, hovudverk, fatigue, sure oppstøyt, svimmelheit, utviding av abdomen, raping, lågt blodsukker hjå pasientar med type 2-diabetes, flatulens, gastroenteritt og refluks-sjukdom. Det kan òg forårsake pankreatitt (betennelse i bukspyttkjertelen), gastroparese (lamming av tarmen) og blokkering av tarmen.»

I 2017 vart legemiddelet godkjent for bruk i USA, og har no òg byrja å bli brukt i Noreg til å behandle overvekt. I 2020 var det ifølgje Wikipedia over fire millionar amerikanarar som fekk legemiddelet på resept.

Slankemedisinar er ei formidabel gullgruve for Big Pharma. 5.august 2022 publiserte Children’s Health Defense ein artikkel der dei skreiv om overvekt hjå barn. Kroppsmasseindeksen (KMI eller BMI etter engelsk body mass index) hjå barn auka betydeleg under «pandemien», noko data frå BMJ bekreftar. Det same seier ein studie frå helseføretaksgiganten Kaiser Permanente, som konkluderte at covid resulterte i at nesten ni prosent fleire barn vart overvektige eller feite. Då såg Big Pharma nok ein sjanse til å tene store pengar på andre menneske sine sjukdommar: analytikarar ved Morgan Stanley Research sa til klientane sine at legemiddelprodusentar slik som Eli Lilly og nyss nemnde Novo Nordisk hadde potensial til å opne opp eit globalt overvektsmarknad på heile 50 milliardar dollar innan slutten av tiåret.

Det var i nettopp denne konteksten at legemiddelet Wegovy «tilfeldigvis» vart den nye snakkisen blant overvektige. I USA kostar det til dømes over 1600 dollar i månaden å bruke dette legemiddelet, som må injiserast i magen akkurat som insulin. Det hjelpte òg Big Pharma godt at overvekt/fedme i 2013 offisielt vart erklært som ein kronisk sjukdom (sjølv om overvekt strengt teke er ein livsstilstilstand og ikkje ein «sjukdom» per se). Til samanlikning vart medisinar mot høgt blodtrykk ein business på «berre» 30 milliardar dollar på slutten av 1990-talet.

Natural News sine journalistar byrja å grave rundt Wegovy, og gjorde oppsiktsvekkjande oppdagingar. Dei skriv i ein artikkel publisert 10.mars 2023 (mi omsetjing): «Vitskapsfolk og medisinske ekspertar åtvara mot bruken av dei populære vekttapslegemiddela Wegovy og Ozempic, sidan dei kan forårsake potensielt dødelege biverknader. Det månadlege tidsskriftet Acta Pharmaceutica Sinica B publiserte ein studie der forskarar fann ein ‘auka risiko’ for tarmblokkering ved inntak av desse legemiddela.»

Natural News skriv vidare: «Legemiddela imiterer effektane av Glucagon-aktige peptid 1 (GLP-1), eit hormon som får mat til å bevege seg saktare gjennom tarmen, noko som får ein person til å kjenne seg mett lenger. Forfattarane [av studien] trur legemiddela kan forårsake tynntarmen til ein person å bli forstørra, noko som set dei i ein høg risiko for potensielt dødeleg blokkering i matmeltingssystemet.»

Dei kliniske forsøka til Wegovy gjekk berre føre seg i rundt 16 månader, noko som tydar at betydelege langtidsbiverknader kan ha blitt oversett. Natural News skriv so:

«Obstruksjonar i tarmen oppstår når ei blokkering hindrar mat og væske i å passere gjennom tarmsystemet. Eit av dei tidlegaste teikna på at nokon lid av obstruksjon av tarmen, er tap av matlyst og obstipasjon [forstopping]. Tilstanden kan stengje av blodtilførselen til den delen av tarmen, der mangelen på blod får tarmveggane til å døy. Dei råka har òg større risiko for peritonitt [bukhinnebetennelse], ein potensielt dødeleg infeksjon i buken. Tarmobstruksjon er ansvarleg for rundt 30 000 dødsfall i USA kvart år.»

Har ein fyrst byrja på Wegovy, må ein ifølgje vekttapseksperten dr. Christopher McGowan gå på medisinen resten av livet. Dersom pasienten sluttar å ta legemiddelet, vil appetitten og dermed dei ekstra kiloa raskt vende tilbake.

Ein annan Natural News-artikkel frå 30.mai 2023 fortel om temmeleg ekle biverknader som Reddit-brukarar har delt. Ozempic, synonympreparatet til Wegovy, gjev minst tre av ti brukarar kronisk, ekstrem diaré. Dei skit seg til og med ut i søvne. Andre rapporterer om alvorleg forstopping, som er ein naturleg konsekvens når mat passerer saktare gjennom tarmsystemet. Forstopping er fyrst og fremst alvorleg fordi mat som ikkje forlèt kroppen innan 24 timar kan bli giftig – matrestane rotnar bokstavleg tala inne i kroppen. Andre biverknader som har blitt rapportert, inkluderer «oppkast-episodar, krampar, konstant fising, og svovel-rapar som luktar som rotne egg».

Bruken av legemiddel med verkestoffet semaglutid har òg blitt knytt til større risiko for sjølvmord, noko Det europeiske medisinske byrået (EMA) sin Pharmacovigilance Risk Assessment Committee (PRAC) har funne ut. Dette skriv Natural News i ein artikkel publisert 17.juli 2023. Dette gjeld spesifikt legemiddela Ozempic og Saxenda – Wegovy vart inkludert i denne gjennomgangen seinare. Her var det det islandske legemiddelbyrået som slo alarm. Det blir her derimot spekulert i om sjølvmordslysta og -tankane kjem av den underliggjande tilstanden til pasientane, enn til sjølve legemiddela. Novo Nordisk sa i ein melding til CNBC 10.juli 2023 at dataa frå store kliniske forsøk ikkje demonstrerer eit årsaksforhold mellom semaglutid og sjølvmordstankar.

I ein artikkel publisert 28.juli 2023 kjem det fram at Ozempic har ført til at somme kvinner spyr i fleire år etter at dei slutta å ta legemiddelet: «Ein 38 år gammal lærar ved namn Emily Wright frå Toronto sa at ho faktisk måtte slutte i jobben sin etter gastroparesen [lamminga av tarmen] som ho utvikla etter å ha teke Ozempic, fekk ho til å spy fleire gonger om dagen, kvar einaste dag. Sjølv fleire år etter at det farlege legemiddelet vart seponert [avslutta], seier Wright at livet hennar har vore ‘eit helvete’ – og der er ingen slutt i sikte for det helvetet, sjølv om Ozempic ikkje lenger er ein del av legemiddelregimet hennar. […]

‘Eg har nesten vore av Ozempic i eit år, men eg er framleis ikkje på veg tilbake til normalen […]. Eg ønskjer at eg aldri hadde rørt det [Ozempic]. Eg ønskjer eg aldri hadde høyrt gjete om det i mitt liv. Denne medisinen gjorde livet mitt om til helvete. So mykje helvete.’»

Og vidare:

«I 2019 utvikla ei 37-årig dame ved namn Joanie Knight liknande alvorleg kvalme og oppkastsymptom to år etter at ho byrja å ta Ozempic. Knight vart diagnostisert med magelamming etter at sjukdommen vart so alvorleg at ho ikkje lenger kunne ete. Knight trur at fordi Ozempic får fordøyinga til å gå langsamare, kan det ha fått kroppen hennar til å bli underernært og avvise mat. Ho kan no berre ete nokre få tugger av favorittmaten sin, sjølv om ho slutta å ta legemiddelet tilbake i 2021.»

Når tarmsystemet blir instruert til å late maten passere saktare, tek det lengre tid for maten å kome seg gjennom systemet. Dette kan i enkelte tilfelle føre til at maten berre stoppar opp og blir verande der den er, noko som forårsakar obstipasjon. Etter kvart som maten samlar seg opp og rotnar, blir pasienten uvel og kastar opp. Legar som utførde ei sokalla gastrisk tømming av mageinnhaldet på Knight, fann ut at fire timar etter inntak av maten, var meir enn 35% av maten framleis i tarmen. Det normal etter so lang tid er ti prosent eller mindre.

Artikkelen konkluderer med følgjande: «Sist månad [juni 2023] kom American Society of Anesthesiologists [«amerikansk foreining for anestesilegar»] med ei åtvaring om at folk måtte slutte å ta legemiddel som Ozempic og Wegovy minst ei veke før dei skulle opererast. Grunnen er at pasientar kan kaste opp eller aspirere [få mageinnhald i lungene] når dei blir lagt i narkose.»

Takka vere sosiale media og gruppepress, byrjar diverre mange overvektige å ta Wegovy, òg her i Noreg. Drammens Tidende (publisert i Nettavisen 3.desember 2023) skriv nettopp om slankesprøyta Wegovy, og at salet av dei har skote i vêret. 44 år gamle Christer Best Gulbrandsen er ein av mange som har byrja å injisere legemiddelet på seg sjølv – til ein prislapp på over 32 000 kroner i året. Tal frå Apotekerforeningen viser at det no blir selt åtte gonger so mykje slankemedisin (inkludert Wegovy) no enn for tre år sidan. I oktober åleine har det blitt «solgt godt over én million forpakninger av de slankereduserende legemidlene Ozempic, Wegovy og Saxenda».

I dag har størstedelen av den vaksne befolkninga i Noreg overvekt eller fedme, og andelen er størst blant menn. Wegovy må derimot pasientane betale sjølv, sidan Legemiddelverket har bestemt at effekten av legemiddelet ikkje er effektiv nok i forhold til prislappen. Professor Jøran Hjelmesæth ved SiV meiner at Wegovy bør vere på blå resept for dei med sjukeleg overvekt og/eller BMI på 35 og meir med ein følgjesjukdom. Hjelmesæth seier til Drammens Tidende at medsinen er «[g]anske trygg. Men den har en del ubehagelige bivirkninger som gjerne avtar etter noen måneder, som kvalme, oppkast og diaré. En alvorlig bivirkning som kan være dødelig er blindtarmsbetennelse. Men det er heldigvis en sjelden bivirkning.»

Marte Kvittum Tangen, leiar av Norsk forening for Allmennmedisin, meiner at sprøytebaserte legemiddel blir gjevne til ei for stor pasientgruppe. Ho seier òg:

«Slike medisiner bør ha en medisinsk nytte som er større enn bivirkningene. Vi etterlyser faglige sterkere retningslinjer fra Helsedirektoratet rundt bruken av slike medisiner. Wegovy har en del bivirkninger som kan gi veldig redusert livskvalitet, dessuten er det sannsynlig at slike legemidler har en del bivirkninger vi ennå ikke vet om. Vi vet heller ikke langtidseffekten […].»

Interessant nok har professor Hjelmesæth fått honorar frå Novo Nordisk for å halde føredrag om behandling av fedme. Då blir vel Wegovy trekt fram som eit «tilrådd» alternativ for å gå ned i vekt på ein «trygg og effektiv» måte.

Overvekt er fyrst og fremst hormonelt betinga. Høgt inntak av karbohydrat får kroppen til å skilje ut insulin, som er eit feittlagrande hormon. Ved å kutte ut karbohydrat heilt i ein periode og ete desto meir feitt, vil kroppen byrje å forbrenne feittet den har lagra. Normalvekt kan bli oppnådd på vesentleg kortare tid enn ein tradisjonell slankekur, og det utan svoltkjensle. Lågkarbokosthald (eller ketogen diett, som den strengt teke er) har diverre fått eit ufortent dårleg rykte, nettopp på grunn av desinformasjon frå aktørar innan Big Pharma.

Kommenter innlegget