Nye data frå USA og New Zealand viser definitivt at millionar av menneske har døydd av covid-19-«vaksinane», melder Natural News. Dataa viser at rundt rekna éin person døyr for kvar tusande administrerte dose av covid-19-sprøytene, og her må ein hugse at dei to hovud-mRNA-sprøytene frå Pfizer-BioNTech og Moderna kjem i to dosar. Dette meiner artikkelforfattar Ethan Huff tydar at éin døyr for kvar 500. person som lèt seg dobbeltvaksinere med anten Pfizer eller Moderna sin covid-«vaksine». Dette er eit so nøyaktig datasett som ein kan få, og det viser kor mange menneske som døyr av sprøytene.
Huff skriv vidare (mi omsetjing):
«‘Personvern er ikkje grunnen for dette,’ seier Steve Kirsch om kvifor det har teke so lang tid for dei offentlege helsedataa å endeleg bli offentleggjort. ‘Dataa kan lett anonymiserast (som er det vi gjorde med desse dataa), slik at ingen registrerte opplysningar kan matche nokon person, levande eller død.’
‘Grunnen til at dataa er hemmeleghaldne er enkel: Det vil eksponere det faktum at covid-vaksinane er utrygge, so vel som alle dei vaksinane som eg har greidd å få registernivå-data på.’ […]
Kirsch fekk tak i New Zealand sine registernivå-offentlege helsedata frå ‘modige varslarar’, seier han, som jobbar i det newzealandske helseministeriet [Barry Young og Liz Gunn; oms.komm.]. Etter å ha erkjent at der er eit problem med sprøytene, offentleggjorde desse varslarane dataa frå ei stor befolkning i alle aldersgrupper for å hjelpe vidare innsats med å få sanninga ut om kor dødelege desse sprøytene verkeleg er.
Denne videoen, som har tittelen M.O.A.R. (Mother of all Revelations [alle avsløringars mor]), forklarer meir om lekkasjen (videoen vart òg delt på YouTube, men var sletta av den Google-eigde plattforma nesten med éin gong).»
(Sjå òg «New Zealand-varslar Barry Young intervjua av Alex Jones», publisert 6.desember 2023.)
Huff skriv vidare:
«Kirsch laga ein serie med presentasjonsark som forklarer dataa meir i detalj. Der er òg ein PDF-versjon av arka som er tilgjengeleg, som òg er søkbar og lèt ein kopiere og lime inn tekst.
USA-dataa kom frå Medicare, og Kirsch seier at han òg har ei anna kjelde til dei amerikanske dataa som han enno ikkje har valt å avsløre.
‘Alle dataa i den datatransparente bøtta er reingjorde [han meiner anonymiserte; oms.komm.],’ seier Kirsch. ‘Kvart ein match med faktiske data [er] fullstendig tilfeldig.’
‘Dataa vart reingjorde på ein måte som bevarer statistikken. Vi køyrde bøtteanalysen på dei originale og ikkje-anonymiserte dataa og fekk nesten identiske resultat. Der er ingen grunn til at nokon helseautoritet ikkje kan gjere det same som vi gjorde.’
Kirsch vart beden av varslarane som gav han desse banebrytande dataa om å halde dei konfidensielle fram til 30.november. Dette var for å gje varslarane tid til å utarbeide logistikken bak korleis dei kunne offentleggjere dataa på best mogleg måte.
Kirsch legg òg til at New Zealand-dataa ikkje er perfekte i og med at det ikkje er ei komplett prøve. Somme av menneska vart berre inkludert frå og med tredje dose, og berre vaksinerte er inkludert i databasen.
‘Det er på ingen måte mogleg at desse dataa samsvarer med ein trygg vaksine,’ skriv Kirsch. ‘Eg estimerte at vaksinen drap, i gjennomsnitt, rundt 1 person per 1000 dosar. Det tydar at estimerte 675 000 amerikanarar vart drepne av covid-vaksinane.’»
