Irland utnemner «sanningsminister»

Den velkjende britiske forretningsmannen Jeremy Godfrey blir utpeikt som den nye sanningsministeren i Irland. Her er eit offisielt bilete av fyren. Han skal bli styreleiar i Coimisiún na Meán («Mediekommisjonen»), eit organ som er ansvarleg for sensur på sosiale media og for å vere eit slags politi for ytringsfridom i Irland. Det vil vere Godfrey sin jobb å overvake Internett for sokalla «hattale» eller «cyber-mobbing». Dette melder The People’s Voice.

X-brukar «Oli London» skriv (mi omsetjing):

«Møt Irlands nye sensursjef Jeremy Godfrey.

Irlands nye Mediekommisjon er ansvarleg for å kontrollere sosiale media og handheve EU sin Digital Service Act.

Under hans fullmakter vil den irske regjeringa bli i stand til å ileggje sosialmedienettverk digre bøter dersom dei bryt EU sine nettreglar.

Innhald som blir sett på som hatefullt, oppfordrar til vald, fremjar sjølvmord, fremjar eteforstyrringar og til og med nettmobbing vil falle under kommisjonen sine handhevingsfullmakter.»

Ein annan X-brukar, «I Meme Therefore I Am», skriv:

«Møt Jeremy Godfrey.

Han er no leiar for eit team på 75 regulatorar som er ansvarlege for å kontrollere og sensurere sosiale media på vegner av den irske regjeringa.

Eg lo so kraftig at eg ikkje kunne velje eitt bilete.»

Nettavisa The Gateway Pundit skriv:  

«Denne utnemninga kjem som del av Irland sitt forsøk på å handheve den orwellianske Digital Services Act (DSA) frå EU av 2023, som krev at nettplattformer med over 45 millionar aktive brukarar i månaden skal fokusere på å ‘moderere skadeleg og mishandlande innhald’.

Ifølgje Politico.eu, skal Jeremy Godfrey snart få makt til å bøteleggje sosialmedieplattformer som tillèt ‘hattale’ og ‘cyber-mobbing’.

Nyheitsformidlaren rapporterer:

Jeremy Godfrey vil snart få djuptgripande fullmakter til å vere politi på sosiale media. Han er berre ikkje heilt sikker på korleis han skal gjere det. Men før tidleg neste år, når fullmaktene til Kommisjonen – inkludert ileggje potensielt sviande bøter for brot – tek effekt, har Godfrey og hans team på 75 regulatorar framleis tid til å finne ut korleis alt dette skal fungere.»

(Sjå òg «Journalist Tony Cox: Innvandrar-elskande vestlege leiarar er i krig mot sitt eige folk», publisert 13.desember 2023.)

Kommenter innlegget