Endrar covid-«vaksinane» personlegdommen til folk?

Før han vart kidnappa og fengsla av tyske styresmakter, var advokat Reiner Füllmich leiar av International Crimes Investigative Committee (ICIC). Denne gruppa etterforskar brotsverk relatert til den kriminelle globale konspirasjonen som koronaprosjektet har vist seg å vere, og Füllmich oppretta denne komiteen etter at han rauk uklar med Viviane Fischer i Koronaetterforskingskomiteen. I november 2022 fann det stad ein diskusjon der Füllmich intervjua professor dr. Sucharit Bhakdi, professor dr. Karina Reiss, dr. Naomi Wolf og dr. Peter Breggin.

(Sjå òg «mRNA-covid-injeksjonar får somme til å oppleve drastiske endringar i personlegdom: KVIFOR?», publisert 22.desember 2022.)

Der er no særs mykje vitskapleg evidens for at mRNA-injeksjonane påfører skade på alle organa i kroppen, inkludert hjernen. Dette meiner nemnde ekspertar kan føre til endringar av personlegdommen til dei vaksinerte. Frå min ståstad høyrest dette plausibelt ut, for liknande endringar av personlegdommen er å finne hjå dei som blir råka av hjerneslag eller demens, spesielt i tilfelle der frontallappane blir skadde. Fellestrekket her er hjerneskade, og ein av ekspertane samanliknar faktisk mRNA-injeksjonane med lobotomi.

Nettstaden The Exposé skriv om intervjuet (mi omsetjing):

«Professor Bhakdi og kona hans professor Reiss snakka om effektane av den nye mRNA-‘vaksine’-teknologien som ifølgje planen til tilhengjarane – Mr. Global sin plan – vil bli den einaste tilgjengelege ‘vaksinen’ i framtida og erstatte konvensjonell vaksine – slik som vaksinane mot meslingar, influensa, osb.

Forfattar og journalist dr. Naomi Wolf forklarer korleis nedbrytinga av viljen til folk etter vaksinasjon ser ut i det verkelege liv. Og psykiater dr. Peter Breggin sette søkjelyset på dei urovekkjande likskapane mellom mRNA og lobotomi når det gjeld effekten på menneskesinnet, noko som utan tvil gjer ‘vaksinasjonskampanjen’ om til eit av dei mest brutale, om ikkje bestialske brotsverka som nokosinne er utført mot menneskeheita.

(Sjå òg «Øydelegg covid-mRNA-sprøyter sjølve menneskenaturen?», publisert 10.oktober 2022.)

Dei fleste kjenner berre lobotomi gjennom filmen Gjøkeredet, sjølv om covid-krisa har avslørt at ingenting er for mørkt eller nifst for Big Pharma å designe og inkludere i produkt som er meint for injeksjon inn i folk en masse under namnet ‘vaksine’.

Denne videoen inneheld detaljar og bilete som enkelte sjåarar ikkje vil føle seg komfortable med å sjå. Men det er særs viktig for oss alle å kjenne til og forstå kva denne mRNA-injeksjonen gjer med kroppen og sinnet til dei som får den. Berre då vil vi bli i stand til å forstå kvifor so mange som fekk desse injeksjonane ikkje lenger kan nåast av oss – dei ikkje-mRNA-kontaminerte.»

Her følgjer eit sitat artikkelen min frå 10.oktober 2022, der dr. Naomi Wolf fortel om ein tur til Manhattan der ho var omringa av ‘mRNA-kontaminerte’:

«Eg hadde nyleg den bisarre opplevinga av å fare til Manhattan etter at ei bølgje av ‘oppfriskningsdosar’ hadde blitt rulla ut. Eg hugsa at eg stod på ein folketett bar på taket av eit boutique-hotell; attraktive par flørta rundt bord; single mingla rundt om i cocktail-området; sola skein og alt såg normalt ut. Men eg fekk stadig den urovekkjande kjensla at eg stod inni eit hologram. Eg kunne ikkje setje fingeren på kva som var gale, fram til eg innsåg – det såg ut som ei folkemengd, men det kjendest ikkje ut som ei. Eg kunne naturlegvis sjå folka rundt meg, men eg kunne ikkje føle den tette, lystelege, lidenskapelege, gnistrande, kjensleladde energien av ei menneskemengd, pre-2020.

Eg kjende på kjenslene medan eg gjekk langs bygatene, og inntrykket mitt vart bekrefta. Dei var der, dei vanlege Manhattan-skarane, der dei raste langs fortaua – men dei var som bilete, som lyskledde spøkjelse. Det massive energifeltet – den kjensla av ei øy som ein pulserande menneskeleg generator, elektrisiteten som hadde galvanisert generasjonar av nykomarar på Manhattan – det var rett og slett vekke.

Ikkje berre var heile den energien borte. Eg la òg merke til, som Jamie Glazov og eg diskuterte nyleg på hans podcast, «mojoen», den seksuelle energien, i Manhattan sine mengder, var òg borte.»

Noko har skjedd med dei vaksinerte, det er det ingen tvil om. Har dei blitt hjerneskadde av covid-«vaksinane»? Har «sjelene» deira forsvunne? Er dei no genmodifiserte produkt som nokon eig opphavsretten til? Er dei ikkje lenger dei levande, blomstrande menneska dei brukte å vere? Noko har skjedd. Noko er borte.

Kommenter innlegget