React19 er ein nonprofit som vart danna i november 2021, og representerer meir enn 36 000 amerikanarar som har blitt skadde av covid-19-«vaksinane». No prøver dei å saksøkje den føderale staten, men har so langt møtt eit rettsvesen som er lite viljug til å høyre på krava deira, og som heller handlar i interessene til dei store vaksineprodusentane som i praksis har fått juridisk immunitet mot erstatningskrav for skadar som mRNA-injeksjonane har påført befolkninga.
Situasjonen i USA er den same som i Noreg: Vaksineskadde blir ikkje trudde, ein nektar å sjå nokon samanheng med deira brått oppståtte, alvorlege sjukdommar og dei eksperimentelle mRNA-injeksjonane. Berre unntaksvis får dei utbetalt erstatning frå staten. Eit argument som er brukt frå den norske staten si side, var at covid-«vaksinen» i Noreg var friviljug – iallfall på papiret. I USA var det derimot vaksinepåbod ein periode, og der kan ein enklare argumentere for at det var snakk om reell tvang frå staten si side. Då skulle søksmål frå «vaksine»-skadde lettare bli godtekne – skulle ein tru.
(Sjå òg «NRK: Ekspertar trur ny forsking vil gje fleire koronavaksinerte erstatning for seinskadar», publisert 15.desember 2023.)
Christopher Dreisbach i Brownstone Institute skriv om React19 sine forsøk på å oppnå rettferd i det korrupte og ubereknelege rettsvesenet, og han skriv (mi omsetjing):
«Måten ein stat behandlar sine mest sårbare er ein påliteleg test over kor moralsk den er. Uheldigvis treng ein ikkje å sjå lenger enn vår eigen stat si behandling av den gruppa av amerikanarar som lid av alvorlege, ofte hemmande biverknader som følgje av covid-19-vaksinasjon for å avgjere at Capitol Hill sitt moralske kompass visseleg er øydelagt.
Desse amerikanarane ‘gjorde det rette’ ved å brette opp erma etter oppmoding frå føderalstatlege tenestepersonar og føderale helsebyrå. No finn dei seg sjølve i alvorlege medisinske tilstandar slik som hjarte- og karskadar inkludert myokarditt og perikarditt [hjartemuskel- og hjarteposebetennelse; oms.an.], nevrologiske tilstandar slik som Guillain-Barré-syndrom og livsendrande tinnitus, berre for å nemne nokon. Mange er ute av stand til å jobbe på grunn av sine nye fysiske avgrensingar, og dei fleste står overfor uoverstigelege medisinske rekningar. […]
React19, ein nonprofit starta i november 2021, representerer meir enn 36 000 amerikanarar som er skadde av covid-19-vaksinar. To nylege føderale søksmål, begjært på vegner av React19 og medlemmene, illustrerer staten si forkastelege behandling av dei sjuke.
I Smith v. HRSA er React19 ein namngjeven saksøkjar som prøver å slå ned delar av Public Readiness and Emergency Preparedness Act (PREP Act) [«lov om offentleg beredskap og naudførebuing»] når det gjeld evna covid-19-vaksineskadde har til å søkje økonomisk erstatning for sine tap. I si noverande form gjev PREP Act so godt som skotsikker immunitet for vaksineprodusentar. Dei covid-19-vaksineskadde blir tvinga til å framsetje krav gjennom eit utilstrekkjeleg program kjent som Countermeasures Injury Compensation Program (CICP) [«kompensasjonsprogram for mottiltaksskadar»], heller enn Vaccine Injury Compensation Program (VICP) [«kompensasjonsprogram for vaksineskade»] – programmet som er tilgjengeleg for dei som har blitt skadde av andre vaksinar.
På grunn av sin urealistiske begjæringsfrist, umoglege bevisstandard, ubetydelege fordelar, interessekonfliktar og mangel på juridisk gjennomgang, har CICP på noverande tidspunkt avvist 97% av krava – og berre kompensert åtte personar i heile landet med totalt mindre enn 29 000 dollar [303 000 kroner].
Leiande advokat Aaron Siri skildrar CICP som ‘sjølve skuleeksempelet på ein kengurudomstol […] – ei prosedering som ignorerer anerkjende standardar for lov og rett, er grovt urettferdig og kjem til ein allereie avgjort konklusjon’. Søksmålet hevdar spesifikt at provisjonane i PREP Act bryt retten covid-19-vaksineskadde har til ein skikkeleg rettargang under Fifth Amendment og retten til ein juryrettssak under Seventh Amendment.»
I ei anna rettssak er medgrunnleggjar av React19, Brianne Dressen, leiande saksøkjar i Dressen v. Flaherty:
«Frøken Dessen, saman med fem andre covid-18-vaksineskadde saksøkjarar, utfordrar staten sine forsøk på å samarbeide med sosialmedieselskap og Stanford Internet Observatory sitt Virality Project for å overvake og sensurere støttegrupper på nettet som er der for covid-19-vaksineskadde.
Det mest sjokkerande aspektet av dette openberre brotet på First Amendment [tillegg til grunnlova som regulerer mellom anna ytringsfridom; oms.komm.], er at Det kvite hus var fullstendig klar over at ‘som regel sant innhald’ ofte vart sensurert fordi det kunne ‘framstillast som sensasjonelt, alarmerande eller sjokkerande’. På liknande vis tilrådde Virality Project at ‘historier om uventa biverknader’ vart undertrykte fordi dei kunne ‘brukast for å gjere motstand mot vaksinepåbod’ – ikkje fordi dei ikkje var nøyaktige skildringar av verkelege lidingar.
Å bevisst stilne dei sjuke og lidande er det typiske dømet på moralsk fallitt. Umoralsk leiarskap fortener ikkje tillit. Med mindre og fram til staten tek ansvar for si avskyelege åtferd, burde folket med rette stille spørsmål ved alle tilrådingar frå statlege tenestepersonar.
Heldigvis har skrika frå covid-19-vaksineskadde blitt høyrt av enkelte i Kongressen sine korridorar. Representant Lloyd Doggett (Demokrat frå delstaten Texas) har introdusert den omfattande, bipartisane [at både Demokratane og Republikanarane er einige om forslaget] Vaccine Injury Compensation Modernization Act (H.R. 5142) [«lov om modernisering av kompensasjon for vaksineskadde»], og Vaccine Access Improvement Act (H.R. 5143) [«lov og forbetring av vaksinetilgang»]. Dette lovverket vil ikkje berre overføre covid-19-skade-krav til VICP, men vil òg gjere det programmet langt meir effektivt med stadig meir robuste fordelar for dei skadde.
Vil det å vedta H.R. 5142 og H.R. 5143 vere nok til å gjere godt den forkastelege behandlinga av dei covid-19-vaksineskadde? Naturlegvis ikkje. Men det er ein fabelaktig stad å byrje.»
