EU sin sokalla «digitalkommisjonær», Thierry Breton, har skrive på X at han trur Elon har brote EU-reglane. Spesifikt skuldar han Musk for å ikkje slå ned på «ulovleg innhald» og «desinformasjon» og andre openbert oppdikta nytale-påstandar. No går eliten til åtak på Musk frå alle sider, fordi dei ser ut til å oppfatte han som ein trugsel mot den verdsordenen dei er so desperate etter å innføre.
Jeffrey A. Tucker skriv om dette multifrontåtaket mot den frittenkjande milliardæren i ein artikkel på nettstaden Brownstone Institute, som Saksyndig her presenterer representative utdrag frå. Alle omsetjingar er mine eigne.
«Elon Musk er verdas rikaste mann, men òg mål nummer éin for verdas rikaste regjeringar og deira tilknytte industriføretakseigarar. Grunnen kan fullstendig sporast tilbake til hans uavhengige tenkjemåte og handlingane som følgjer av dei.
I desse sensurtider kjøpte han og beskyttar no ei plattform for frie ytringar, den einaste gjenverande som når verkeleg inn til det offentlege sinnet. Tallause millionar av menneske er djupt takksame, sjølv om plattforma har lenge igjen før den genererer profitt.
Vidare er han innovativ i ei tid av stillstand for Tesla, Starlink og SpaceX. Han snakkar rett frå levra når det gjeld dei mange formene for despotisme i vår tid. Han var ein opphavleg dissident mot covid-kontroll, og truleg den mest prominente, der han heldt fabrikkane sine i drift mot guvernøren sin vilje, for so å forlate California og flytte til Texas for å finne meir fridom.
Dette er heile grunnen til at han kjempar mot åtak frå kvar ein vinkel.»
EU meiner Musk har brote plikta X har til å slå ned på «ulovleg innhald» og desinformasjon. X er i tillegg mistenkt for brot på plikta til «gjennomsiktigheit» / «transparens» (engelsk transparency), og det meir inkjeseiande «DeceptiveDesign of user interface», eller «villeiande design av brukargrensesnitt», kva enn det skulle tyde.
«Elon har vore veldig tydeleg på at han jobbar for å respektere lovene i kvart land, sjølv dei han er sterkt ueinige med. Dette gjeld EU sin aggressive sensur, som vart brukt gjennom covid-æraen på kostnad av vitskapleg fridom og som forsvar av statar som stengde ned borgarskapen sin, tvinga medisinske behandlingar på borgarar som dei ikkje ønskte eller trong, for so å dekkje over planar og utpønskingar bak sceneteppet.
Det er frekt å få Breton til å gå etter Elon for mangel på gjennomsiktigheit, når heile poenget med regimet til EU er å tvinge fram ein mangel på gjennomsiktigheit. For å gjere det endå meir ironisk, visste Breton at Musk ikkje kom til å sensurere innlegget hans på verdas største plattform for ytringsfridom.»
Breton bruker altso X sin ytringsfridom til å gå til åtak på sjølve eksistensen til den. Eit innlegg som trugar sjølve X og eigaren Musk blir altso ikkje sensurert. X under Musk står i skarp kontrast til Twitter slik dei framstod under «pandemien»:
«Etter mars 2020 var der ein samla innsats leia av djupstatsaktørar for å oppnå full kontroll over sosiale media for å kvele dissens i kvar ei form. Dette påverka kvar einaste plattform, inkludert Twitter. […]
Når alt styret roa seg, kjøpte Musk Twitter-plattforma og sa opp fire av fem tilsette, inkludert dei mange statlege agentane som hadde blitt leigd inn for å gjere Twitter om til ei statleg propagandamaskin. Sidan den tid har han oppretthalde First Amendment [tillegg til den amerikanske grunnlova som mellom anna regulerer ytringsfridom; oms.an.] og innført ein serie innovative verktøy som tillèt intern og kollektivt-driven faktasjekking for å gjere hans omdøypte plattform til den mest pålitelege kjelda for nyheiter og meiningar i verda.»
Sidan då har staten vore etter han som ein ulveflokk. Han har blitt saksøkt ei rekkje gonger og etterforska av føderale styresmakter. Federal Trade Commission (den føderale handelskommisjonen) har mellom anna undersøkt om X hadde ressursar til å beskytte privatlivet til brukarane etter at Musk fekk fjerna mesteparten av personalet som hadde med tryggleik å gjere. Tidlegare aksjonærar i Twitter har òg saksøkt Musk for bedrageri, fordi han visstnok var for sein med å opplyse om kor stor aksjedel han hadde i selskapet.
X-brukaren «End Wokeness» kjem med ei liste over førebelse juridiske handlingar mot Musk etter at han kjøpte Twitter. Her berre nemner eg nokon av dei – dei går til åtak på han frå heile ni frontar, om ikkje fleire. SEC, det amerikanske finanstilsynet, har saksøkt Musk fordi han kjøpte Twitter. Forsvarsdepartementet saksøkjer SpaceX fordi dei ikkje hyra flyktningar for hemmeleg raketteknologi (meir om dette her). Forsvarsdepartementet opnar kriminaletterforsking mot Tesla på grunn av sjølvkøyrande bilar. Der går føre seg ei føderal etterforsking rundt Musk sitt Neuralink-prosjekt (eit prosjekt for å implementere datateknologi i hjernen som til dømes kan gjere lamme i stand til å bevege seg igjen). I tillegg er der ein massiv mediekampanje mot X, og ein massiv boikott-kampanje frå ymse store konsern mot X.
Kort fortalt, dei er alle ute etter han. Og han har bokstavleg tala bede dei om å dra til helvete. Han lèt seg nemleg ikkje intimidere av konsern-eliten og deira krav om universell underkasting overfor dei sjølve og sine vondsinna meistrar.
Artikkelforfattaren konkluderer:
«Vi lever verkeleg i ein ny alder av misunning, driven av statar og deira industrielle allierte, som er meir bundne til sine eigne profittlinjer og planar enn til det folket ønskjer og det store gründerar kan skape. Dette er særs tydeleg eit åtak frå ein kompisgjeng. Det som er slåande er at alle veit det, og likevel blir det tolerert i kvart tilfelle. Det er ei formidabel oppskrift for å kverke den rikdomsskapande maskina i ein generasjon eller to.»
