For om lag fire år sidan sat World Economic Forum (WEF)-leiar Klaus Schwab og skrytte over at hans Young Global Leaders hadde «penetrert» kabinett rundt om i verda. Ordet «penetrere» burde knapt denne gamle Bond-skurken ta i sin munn. Det han sa var diverre 100% sant, for disiplane hans er å finne i maktposisjonar i heile verda, inkludert her i Noreg.
No har nettstaden The People’s Voice publisert ei liste over folk som du kanskje ikkje visste var medlemmer av WEF – sjølv eg vart overraska då eg såg visse namn. Informasjonen om WEF-medlemskap er basert på det faktum at alle dei nemnde personane har sin eigen presentasjonsartikkel på nettsidene til WEF. Lista inneheld politikarar, Hollywood-skodespelarar og artistar.
Som The People’s Voice skriv, vil du kjenne dei igjen utifrå symbola, teikna og tilknytingane deira. Ikkje overraskande er Xi Jinping, Jacinda Ardern, Rishi Sunak og Volodymyr Zelensky på lista.
Men visste du at artistane Andrea Bocelli og Bono er på lista òg? Eller at skodespelarane George Clooney, Matt Damon og Leonardo diCaprio står der? Det visste ikkje eg.
Mitt største sjokk var nok å sjå Peter Gabriel på lista, han som var vokalist og frontfigur i progrock-bandet Genesis tilbake på 1970-talet, før han slo igjennom som soloartist.
Fleire overraskande personar som er WEF-medlemmer er Tom Hanks, Madonna, Shakira, Will Smith, Kevin Spacey, Charlize Theron og Greta Thunberg. At Thunberg er med i WEF visste eg frå før, og kjem nok ikkje som noka overrasking for mange.
Forretningsfolk som er WEF-medlemmer inkluderer Jack Ma, medgrunnleggjar av Alibaba Group, Peter Thiel, medgrunnleggjar av PayPal, og Mark Zuckerberg, adm.dir. i Meta, selskapet som eig Facebook. Denne trioen utgjer nokre av dei mektigaste mennene i verda – men vi veit jo no kven som eigentleg styrer dei.
So… Tydar dette at eg kjem til å slutte å høyre på Peter Gabriel og tidleg Genesis? So klart ikkje. Dette er særs gammal musikk spelt inn lenge før han hadde høyrt gjete om Klaus Schwab sitt oppdrettsanlegg for maktsjuke, hjernevaska nikkedokker. Om Peter Gabriel sjølv godkjenner at rikmannsklubben han er med i ønskjer å herske over verda og slavebinde menneskeheita, er uvisst. Men fyren kjem jo frå den britiske overklassen, der etikk og moral gjerne blir gøymt vekk i dei mørkaste krokane i herskapshuset.

Både sjokkert og skuffet over at Peter Gabriel er med. En kan jo faktisk lure på hvor mange flere «overraskelser» det kanskje også finnes!? Nesten best å ikke vite.
Bono tror jeg har vært med faktisk siden en gang lengre nedover på 1990-tallet. Og jeg har flere ganger lurt på om «Zoo TV» og «PopMart», kan ha vært deres, (WEF’s), «agenda og produkt»!?
De har jo tydeligvis «fanget» flest mulig rike og berømte mennesker gjennom flere tiår, og som folk, har/har hatt, et forhold til. Dette ser ut til å ha begynt, (eller skutt fart?), en gang tidlig på 1990-tallet. De dytter disse «personlighetene» fremfor seg, for å påvirke oss med tilsynelatende gode agendaer, mens de faktiske agendaene er beksvarte og kun til deres egen fordel – deres «rase» og deres klasse. Gud vet om de faktisk er klar over dette selv, hva de er med på?
Dette er en tydelig sekt av ekstreme dimensjoner, som får selv Jehovas Vitner til å se ut som en liten søndagsskole. Det sier jo litt….
LikarLikt av 1 person
I det minste er ikkje Phil Collins eller resten av gjengen i Genesis med i WEF – so vidt vi veit.
LikarLikar