93 år gamle enkjefru Adolfsen fekk til si store overrasking invitasjon til julemiddag på ein viss sjukeheim i Bergensområdet. Det var visst Frelsesarmeen som spanderte, og dei inviterte trong berre å arrangere transport til sjukeheimen – mat og drikke var inkludert. Ansiktet hennar skein av takksemd og lette, for i sitt eige kjøleskåp hadde ho ein halv agurk og ein kartong sur mjølk. Altso sur mjølk i to ord, ikkje surmjølk – kartongen var ein dag frå å spasere ut av kjøleskåpet.
I desse tider hadde ho og andre enkjefruer lite å rutte med. Naboen hennar, enkjefru Josefsen, hadde fått ein liknande invitasjon, og det hadde for syne meg enkjefru Nicolaysen øvst i bakken òg. Plogmannen hadde vore og brøytt og salta nyleg, og enkjefru Adolfsen hadde etter loddtrekning betalt «vederlaget» denne gongen. På grunn av dette slapp ho å vere med på å spleise den drosjen dei tre fruene bestilte. Middagen skulle serverast presis klokka eitt, og taxien var bestilt til halv eitt. Den kolsvarte, somaliske drosjesjåføren geleida fruene servilt og glisande inn i bilen, før dei køyrde av garde.
Ein viss sjukeheim ti minutt med bil unna var full i folk nede i dagavdelinga. Det måtte ha vore minst hundre enkjefruer frå heile Bergensområdet. Somme kom faktisk heilt frå andre enden av byen. I døra vart dei møtte av to søte jenter med kvit pleiaruniform og nusselege nisseluer på hovuda. Namneskilta sa at dei heitte Pia og Andrine, og at dei begge var pleieassistentar. Det myldra av gamle kjerringar i dagavdelinga, og dei fleste hadde blitt tilvist ein plass ved det tjue meter lange langbordet.
«Nei, giiid, så hyggelig å bli invitert til gratis julemiddag!» utbraut enkjefru Adolfsen på velklingande bergensk. – «Eg har ikkje spist varmmat siden begynnelsen på november, så dette var meget beleilig!»
«Selv har eg ikkje unnet meg mat på vel en uke,» sa enkjefru Josefsen i det dei tre skumpla og hinka seg gjennom lokalet til sin tilviste plass. – «Nu skal det smage med noget godt i kroppen!»
Enkjefru Nicolaysen vende sin store, gamle nase i retning kjøkkenet.
«Hmm, ka e det for en lukt?» spurde ho. – «Der lukter så visst ikkje pinnekjøtt, lutefisk eller ribbe. Ikkje så meget som et snev av nogen julemat.»
«Unnskyld, unge dame,» sa enkjefru Adolfsen og pikka lett i skuldra på Pia. – «Ka får vi til middag?»
«Dagens meny er *fiiiiis* dampa brokkoli- og soyasufflé som forrett,» byrja Pia, som her viste seg å vere «Prompe-Pia». – «Til hovudrett får de kål- og ertestuing med *fiiiiiis* bønner, lauk og brokkoli, og til dessert ein nydeleg kålrotpudding *fiiiiiis* med eit snev av jordbær.»
«Får vi ingen julemat?» spurde enkjefru Josefsen med hovudet lett på skakke. – «Ingen pinnekjøtt, svineribbe eller lutefisk?»
«Nei, dagens middag er *fiiiiis* 100% berekraftig mat, sponsa av Frelsesarmeen etter *fiiiiis* initiativ frå advokat Line Victoria Skretting nede i Rogaland.» Prompe-Pia vende sine grøne auge mot resten av lokalet. – «No trur eg alle er komne. Om litt vil vi kome og servere *fiiiiiis* forretten.»
«Får vi litt i glassene?» spurde ei lettare forfjamsa enkjefru Adolfsen.
«Ja, til drikke serverer vi ein *fiiiiiis* velsmakande smoothie av purrelauk og selleri,» sa Prompe-Pia, før ho gjekk med raske steg (og raske fisar!) mot kjøkkenet.
«Man skal høre mye før ørene faller av,» mumla enkjefru Nicolaysen. – «Tenk, man får ikkje julemat serveret til jul!»
«Ka var det hon sa vi fikk?» spurde enkjefru Adolfsen. – «Eg fikk det ikkje helt med meg.»
«Noget med dampede kålblader, tror eg,» sa enkjefru Josefsen og himla med auga. – «Vel, maten er i det mindste gratis.»
«Hørte dåkker kor meget denne jenten fes?» spurde enkjefru Nicolaysen med ei nesten kviskrande stemme. – «Hon stod der og prompet under hele samtalen!»
«Nei, eg hørte ikkje det spøtt,» sa enkjefru Adolfsen. – «Eg og min hørsel, vet dåkker.»
«Nei, eg hørte heller ingen flatulente utbrudd,» sa enkjefru Josefsen og justerte høyreapparatet sitt.
Akkurat då kom dei smilande, fisande jentene trillande inn med maten på traller. Etter kvart kom dei òg bort til dei tre enkjefruene. Dei tre såg på tallerkenen med rynka naser og skeptiske auge.
«Ka e dette for noget?» spurde enkjefru Adolfsen og pirka lett i denne rare mørja.
«Det er dampa *fiiiiiiis* brokkoli- og soyasufflé,» sa Prompe-Pia med si søte jentestemme. – «Håper det smaker.»
Dei tre fruene plukka vemodig opp ein gaffel.
«Jaja, folkens, vi kommer jo til duk og dekket bord,» sa enkjefru Adolfsen. – «Håber det smager.»
Dei tre byrja å ete. Dei sat der og smatta med eit rart uttrykk i ansiktet. Alle fruene rundt dei sat på same undrande maner og åt. Fleire av dei fekk uttrykk av synleg avsky, men åt unna berre for å vere høflege. Maten var jo trass alt gratis, og dei hundre enkjefruene hadde kanskje hundre kroner til saman på kontoane sine.
«Vel, det fyller i det mindste maven,» sa enkjefru Josefsen.
Enkjefru Adolfsen tok ein slurk av smoothien, og brekte seg.
«Fysjameg!» utbraut ho. – «Det smager ugress og potteplanter!» Ho påkalla merksemda til Prompe-Pia. – «Unnskyld meg, kunne det vært mulig å få et glass vann?»
«Naturleg*fiiiiiiis*!» svarte ho, før ho trippa lett og leikent i veg mot kjøkkenet.
Både Adolfsen og dei to andre enkjefruene tømde diskret smoothiane i næraste potteplante. Det gjorde fleire av dei andre fruene òg.
«Dette lukter ikkje som mat,» sa enkjefru Nicolaysen furten. – «Det lukter klosett!»
«Hmm, eg tror ikkje denne skittlukten kommer fra maten,» sa enkjefru Adolfsen stille og såg på dei to fisande, knisande jentene som sprada rundt. – «La oss håbe hovedretten behager våre ganer bedre.»
Då hovudretten landa leikent og lett på bordet framfor dei, såg dei med store, nærast forskremde auge på «maten».
«Ka i hunen e dette?» spurde enkjefru Adolfsen.
«Det er kål- og ertestuing med *fiiiiiis* bønner, lauk og brokkoli,» stønna Prompe-Pia ømt der ho stod og strekte seg. – «Vil de ha meir smoothie? Eg ser at *fiiiiiis* glasa dykkar er tomme.»
«Nei, takk så meget!» utbraut dei tre enkjefruene i kor. Pia gjekk vidare i lokalet.
«Huff, dette var ikkje akkurat menneskeføde,» sa enkjefru Nicolaysen, synleg utilpass. – «Eg skjønte at der måtte vere en hake ved hele dette opplegget.» Ho heldt seg til magen. – «Åh, gud, kor oppblåst eg blev.»
«Tror dåkker maten kan vere bedervet?» spurde enkjefru Adolfsen. – «Maven min kjennes så øm og full i luft.»
«Eg tror nok heller pikene e bedervet!» utbraut enkjefru Josefsen og rista blåsande på hovudet. – «Fysj, som di luktar!»
Akkurat då sleppte enkjefru Adolfsen ein saftig, luftig fis. Eg vil her skyte inn og seie at fiselydane eldre lagar, høyrest ein tanke annleis ut enn fisane til yngre. Dette har med lukkemuskelen å gjere. Etter kvart som åra går, blir den slappare, slik at lufta ikkje lagar so mykje lyd på veg ut. Eldre over 80 lagar ein lyd som høyrest meir ut som «gøffft». Det var akkurat slik ein «gøftelyd» som kom frå enkjefrua. Ho vart tomatraud i det rynkete ansiktet og heldt seg flau for munnen.
«Nei, gid, dette var ikkje meningen!» utbraut ho. – «Eg blev så oppblåst i maven!»
«Eg også!» sa enkjefru Josefsen, som i same andedrag sleppte ein lang, luftig «gøffft».
«Åh, her kommer gass fra meg også!» utbraut enkjefru Nicolaysen, som «gøfffta» so kraftig at skjørtet hennar blafra. Ho fekk eit nake, sårbart uttrykk i det tilårskomne ansiktet. – «Åh, dette e ikkje bra for hemoroidene mine!»
«Eg beklagar så meget,» sa enkjefru Adolfsen audmjukt til den framande enkjefrua som sat ved sida av ho.
«De er fullstendig tilgiven, frue,» sa ho medan ho «gøfffta» so ho nesten letta frå stolen. – «Vi er ikkje vant med slik ‘berekraftig’ føde.» Ho heldt seg stønnande til den ømme, oppblåsne magen.
«Å nei, ka skjer?!» skreik plutseleg ei enkjefrue fire kvithåra hovud bortanfor enkjefru Nicolaysen. Ho reiste seg forskrekka og såg på den mystiske ballongen som plutseleg dukka opp på magen hennar. – «Åh hjelp! Eg tror eg eksploderar!»
«Ka e det med hon?» spurde enkjefru Nicolaysen.
«Det der e enkefru Jacobsen!» sa ei frue, kvit av skrekk i ansiktet. – «Hon har stomi-pose! Hon har utlagt tarm!»
«Har hon pose på maven? Åh du hendelse!» klynka enkjefru Nicolaysen. – «Damar! Dette kommer til å få en skitten ende!»
I same augneblink sprakk stomi-posen til stakkars enkjefru Jacobsen. Ei gugge av tarminnhald spruta over halve langbordet – og her skal det seiast at veganarmaten såg meir appetitteleg ut då den kom ut or vomma på den stakkars senioren!
«Inni hællane!» utbraut ei stakkars enkjefrue som fekk mesteparten av mørja over seg.
«Gå mann, snakk om å spise til man sprekker!» utbraut ei anna enkjefrue med store auge.
«Gud, så uappetittelig!» utbraut ei tredje enkjefrue. – «Eg tror eg kastar opp!»
I tur og orden byrja dei fisande enkjefruene å halte seg fort og gale ut av lokalet. Enkjefru Jacobsen med den rakna stomi-posen stod der og grein og hiksta so tårene trilla. Prompe-Pia og Andrine kom styrtande med sine varme hender og halvdødelege gassutslepp, men enkjefrua dytta dei bryskt vekk.
«Øh, vil nokon ha *fiiiiiis* dessert?» spurde Prompe-Pia dei indignerte fruene, som skjelte ho ut so froden skumma rundt kjeftane deira.
Enkjefruer Adolfsen, Josefsen og Nicolaysen pingsa seg ut av dagavdelinga og ut i snøkavet. Dei «gøfffta» og småputra utan stans i si tapre ferd oppover det (heldigvis) brøytte og salta fortauet. Dei praia ein ledig taxi i vegkanten, og den somaliske sjåføren fekk den tvilsame (og illeluktande!) oppgåva å køyre tre fise-ufine fruer heim att. Dei var alle berre glade til om dei aldri såg eit «berekraftig måltid» igjen so lenge dei levde.
